Spelemann, læremeister og bonde

Trygve Bolstad er fødd i Øystre Slidre i Valdres i 1943, og voks opp i eit levande folkemusikkmiljø på Heggenes og Daleng. I seks–sjuårsalderen fekk han si fyrste fele laga av onkelen Olav Daleng (1908–1993). Småguten lærde, som dei fleste på den tida, å spela heime og av slektningar. I tillegg til faren Knut (1921–2002) var også onklane Ingvar Daleng (f. 1921) og Magnus Daleng (1911–1999) med på å inspirere og setja sitt preg på den unge spelemannen.

Tradisjonsmusikken fylgde med i heile oppveksten. Det vart ein ny kveik for felemusikken i Valdres då Torleiv Bolstad (1915–1979) vart tilsett som folkemusikkinstruktør i 1966. Olav Jørgen Hegge (f. 1941) fekk Trygve med på det fyrste spelemannskurset, og sidan vart det fleire kurs og aktivitetar som Torleiv Bolstad sette i gang. Fleire spelemannslag vart stifta i Valdres, og mange fekk inspirasjon til å ta tak i slåttemusikken att. Trygve nemner spesielt Gudbrand Dahle (f. 1946), som vart ein god kamerat gjennom spelaktivitetane. Trygve fortel vidare at dei viktigaste læremeistrane hans har vore Torleiv Bolstad, Ola Bøe (1910–1985) og Andris Dahle (1925–1995), ved sida av faren, Knut, som heile tida har vore ein viktig rettleiar og ei stor inspirasjonskjelde.

Trygve reiste til hovudstaden i 1969 for å arbeide, og hos onkelen Ingvar Daleng fekk han ein heim i byen der han kunne prate både fele og bil. Sjølvsagt kom han naturleg i kontakt med Valdreslaget og Laget for spelemenn, der han møtte spelemenn som òg vart gode vener. Ola Bøe vart ein ny inspirasjon og læremeister. Bernt Balchen (f. 1931), Knut Trøen (f. 1932) og Harald Røine (1940–1997) var av dei yngre i miljøet. «Venskap med desse karane har betydd mykje for meg,» seier Trygve.

Etter nokre år i Oslo fekk Trygve spørsmål om å vidareføre folkemusikkarbeidet Torleiv Bolstad hadde lagt grunnlaget for i Valdres på 1960- og 70-talet. I 1980 reiste han derfor tilbake til Valdres og starta opp som instruktør, arkivansvarleg og sekretær for «Folkemusikknemnda for Valdres». Etter nokre år fekk han avlastning på sekretærdelen, og i 1988 kom Distriktsmusikarordninga i folkemusikk i gang, som den fyrste i landet. Trygve har sidan då vore aktiv som lærar og spelemann i Valdres folkemusikkgruppe.

Han er i dag busett i Hedalen i Valdres, der han ved sida av arbeidet som folkemusikar og instruktør driv gard i lag med kona Borghild.

Trygve står for ein eldre speltradisjon med ein personleg spelestil både i form av toneføring, ornamentikk, fingerslag og tonefarging. Gjennom spelet hans opplever me ein rik folkeleg tradisjon og valdresspel på sitt beste. Stikkord for spelet til Trygve er nyanserikdom – frå det vare til det friske med ein fridom og ein kunnskap til stoffet som berre ein erfaren og ekte spelemann kan ha. Han har eit særs lag med lydarlåttar der han legg kjensle og meining inn i spelet. Han er ein skapande spelemann som tydeleg legg noko av seg sjølv i låttane, heile tida medveten om kva som er kva. Han har ”noko på hjarta”, og det høyrer ein vel i spelet hans. Låtterepertoaret er stort, og i tillegg har han laga ei rekkje nye låttar som også blir brukte av andre spelemenn.

Trygve Bolstad fekk nyleg ”Statens arbeidsstipend for kunstnarar” for å kunna fordjupe seg i slåttemusikk, gjera ferdig CD-en sin og få eit pusterom frå undervisning og køyring frå sør til nord i Valdres.

/Bente Hemsing, juni 2004

Opptak: Opptaka er gjort i Hedalen heime hjå Trygve i perioden februar - mai 2004 med lånt DAT-spelar frå Ola K. Berge, og lånte mikrofonar frå Valdres folkemusikkarkiv. Nokre av opptaka er gjort i snøstorm.

Felene: Anders Aasen 1963 NR 16 / Olav Daleng ca. 1940 / Knut Ø. Rudi 1903

Prosjektleiing: Anders E. Røine og Frode Rolandsgard Opptak: Anders E. Røine / Trygve Bolstad Produsent: Anders E. Røine Miksing, mastering og produksjon: Fridtjof Lindemann, Lydmuren AS Video: foto og klipp: Pål Bratås Video: idé og regi: Anders E. Røine og Pål Bratås Engelsk omsetjing: Mary Hegge Grafisk formgjeving: Eva Karlsson

Økonomisk stønad: Norsk kulturråd, Valdres folkemusikklag, Fond for lyd og bilde, Rådet for folkemusikk og folkedans, Øystre Slidre kommune, Sør-Aurdal kommune Takk til: Ola K. Berge, Bente Hemsing og Valdres folkemuseum

Fiddler, teacher and farmer

Trygve Bolstad was born in Øystre Slidre in Valdres in 1943 and grew up in a living folk music environment in Heggenes and Daleng. At age six or seven he received his first fiddle, made by his uncle Olav Daleng (1908-1993). Like most youngsters in those days, Trygve learned to play at home and from relatives. His father, Knut (1921-2002), as well as his uncles Ingvar Daleng (b. 1921) and Magnus Daleng (1911-1999) inspired Trygve and left their mark on the young fiddler. Traditional music surrounded him throughout his childhood and youth. BUY / LISTEN

There was a new awakening for fiddle music in Valdres when Torleiv Bolstad (1915-1979) was engaged as a folk music instructor in 1966. Olav Jørgen Hegge (b. 1941) got Trygve to go along with him to the first fiddling course, and later Torleiv Bolstad initiated further courses and activities. Several spelemannslags (fiddling groups) were established in Valdres, and many fiddlers were inspired to take up the local traditional music again. Trygve mentions especially Gudbrand Dahle (b. 1946), who became a good fiddling comrade. Trygve goes on to say that his most important teachers have been Torleiv Bolstad, Ola Bøe (1910- 1985) and Andris Dahle (1925-1995), as well as his father, who was always an important guide and a great source of inspiration.

Trygve moved to Oslo in 1969 to work, and at his uncle Ingvar Daleng’s he found a home in the city where he could talk about both fiddles and cars. He came in contact with Valdreslaget and Laget for spelemenn, organizations in town where he met fiddlers who also became good friends. Ola Bøe wasa new inspiration and teacher. Bernt Balchen (b. 1931), Knut Trøen (b. 1932) and Harald Røine (1940-1997) were among the younger in the milieu. “Friendship with these fellows has meant a lot to me,” says Trygve.

After a number of years in the city, Trygve was asked to carry on the folk music work for which Torleiv Bolstad had laid the foundation in Valdres in the 1960s and 1970s. Thus in 1980 Trygve moved back to Valdres and began work as an instructor, archivist and secretary for Folkemusikknemnda for Valdres (folk music council for Valdres). After some years, he no longer had the secretarial responsibility, and in 1988 the Distriktsmusikarordninga i folkemusikk (dstrict music organization for folk music) was formed, the first in the country. Since then, Trygve has been an active music teacher and concert fiddler. Today he lives in Hedalen, Valdres, where in addition to his folk music work he runs a farm together with his wife, Borghild.

Trygve represents an older fiddling tradition with a personal style in modulation, ornamentation, and tone shading. Through his fiddling we experience a rich folk tradition and Valdres music at its best. His playing is rich in nuance, from the sensitive to the hearty, and he has a freedom and a knowledge of the material that only an experienced can have. He is a creative fiddler who clearly puts something of himself into the tunes-he has something to tell that we can hear in his playing. He has a large repertoire of tunes, and he has made a number of new tunes that are played by other fiddlers as well.

Trygve Bolstad recently received a work stipend for artists from the government so he can steep himself in folk music, finish his CD and take a pause from teaching and driving the whole length of Valdres.

/Bente Hemsing, june 2004

Project managament: Anders E. Røine og Frode Rolandsgard Recording: Anders E. Røine / Trygve Bolstad Producer: Anders E. Røine Mastering og production: Fridtjof Lindemann, Lydmuren AS Video: photo and cut: Pål Bratås Video: idéa og regi: Anders E. Røine og Pål Bratås English translation: Mary Hegge Cover design: Eva Karlsson