_MG_4933_Foto Cathrine Dokken1200
Foto: Cathrine Dokken

Blått gådn har spelt saman i vel to år og på repertoaret står ein god blanding av tradisjonelle melodiar frå Valdres og eige materiale. Trioen står sjølve for alle arrangement, i tillegg til at ein del av repertoaret er nyskrivne tekstar og musikk. Plata er spelt inn i Uranos Audio sine lokale i Ranheimsbygda, og er produsert av Blått Gådn. Plata blir gjeve ut på plateselskapet ta:lik, og Cathrine Dokken har teke coverfoto. Plata er med andre ord eit ekte Valdresprodukt!

I tekstane får vi mellom anna innsyn i blomars hemmelege liv, vi får høre om myggens evner som forførar og vi møter mødre som spinn blått garn, fedre som syr, fargerike geiter, ein enorm fisk og eit lite pattedyr med kvass reiskap.

Og meire til!

Dei tre musikarane er alle erfarne i musikklivet på forskjellige område. Ingvild Lie er hovudvokalist i gruppa, men spelar også langeleik. Både som songar og langeleikspelar er ho ein av landets fremste tradisjonsberarar. Harald Høyvik på gitar m.m. er tidlegare mest aktiv som jazz- og rockemusikar (m.a. drivkraft bak rockesommar i Valdres), men har også spelt på fleire plateutgjevingar med folkemusikk, med bl.a. Ingvild Marit Buen Garnås og med Camilla Granlien band. Lars Skattebu er gamal ringrev i musikklivet i Valdres, med ei historie tilbake til den smått legendariske folkrock-gruppa Gosen band frå Volbu. I blått gådn spelar han indisk harmonium og syng.

Musikken får du kjøpt på platekompaniet (fysisk), iTunes, Wimp, Amazone, Spotify etc...!
www.blattgadn.no

Les intervju med Blått gådn på folkemusikk.no