Johannes og Gunnar Dahle:
Slåttar frå Telemark I
Johannes og Gunnar Dahle var borneborn av storspelemannen Knut Dahle i Tinn, han som mellom anna spelte inn slåttane som Edvard Grieg seinare brukte i "Slåtter, opus 72" Johannes og Gunnar var sjølve av dei fremste spelemennene i landet i si tid. På plata spelar dei mange av slåttane etter bestefaren.
|
|
Div. artistar
Setesdalsslåttar / Vokal folkemusikk IV
På denne Cd-en med tradisjonsslåttar frå Setesdal og viser, stev og stubbar frå heile landet. Blant utøvarane får du høyre mellom anna Torleiv H. Bjørgum, Brita Bratland, Olav Harstad, Magnhild Almhjell og mange fleire.
|
|
Slåttar etter Håvard Gibøen:
Håvardspel
Håvardspel – slåttar etter Håvard Gibøen er ei rykande fersk utgjeving med gamalt hardingfelespel som er aktuelt som aldri før. Dette er dei vide, slake fjellvidders musikk.
|
|
Les mer...
|
|
Frøholm/ Tillung:
Eins
Frøholm/Tillung er ein av dei mest spennande
folkemusikkduoane i Noreg i dag. Med eit utgangspunkt i
vestnorsk slåttemusikk har dei saman klart å skape eit
moderne og leikent musikalsk uttrykk med spenstige
arrangement og harmoniar. Dei er no aktuelle med plata
”EINS”.
Østlendingen: De to høres ut som de skulle ha felles hjerne, hjerte og fingre, så godt er samspillet.
Hamar Dagblad: Sprelsk folkemusikk
|
|
Les mer...
|
|
Sjur Hesjevoll
Hardingfelespel frå Jostedal
Sjur Hesjevoll (1914 - 1994) var ein framifrå spelemann frå Jostedalen, og den viktigaste spelemannen i dette området på 1900-talet. På vestlandskappleiken helga 2.-4. oktober i Jostedalen blir Hesjevoll heidra med plateslepp og konsert.
|
|
Les mer...
|
|
Kjetil Løndal
Slåttar frå Telemark III
Serien Norsk folkemusikk: Meisterspelemannen Kjetil Løndal frå Telemark var den einaste spelemannen som fekk ei heil plate då serien Norsk folkemusikk kom ut på LP. Han vart rekna som ein av dei aller fremste i si tid.
|
|
Les mer...
|
|
Div. artistar:
Religiøse folketonar
Serien Norsk folkemusikk: Eit utval tradisjonssongar frå heile landet syng her salmar og andre religiøse songar slik dei har blitt nytta i deira område. Høyr songarar som Ingebjørg Liestøl, Magnhild Almhjell og Ragnar Vigdal, saman med mange andre.
|
|
Opheim, Skogum og Vågå spml
Slåttar frå Vågå
Serien Norsk folkemusikk: Ola Opheim og Pål Skogum var av dei fremste spelemennene i Vågå i fleire tiår på 1900-talet. Her spelar dei aleine, og saman med Vågå spelemannslag.
|
|
Les mer...
|
|
Furholt, Løndal og Neset
Slåtter frå Setesdal og Telemark
Serien Norsk folkemusikk: Signe Flatin Neset og Einar Løndal presenterer her slåttar frå Telemark, og Otto Furholt spelar Setesdalslåttar.
|
|
Les mer...
|
|
Bjørndal, Ørpen, Osa og Kjerland
Slåttar frå Voss, Hardanger og Krødsherad
Serien Norsk folkemusikk. På denne plata får du eit møte med slåttemusikken frå Voss og Hardanger, spelt av Anders Kjerland, Sigbjørn B. Osa, Arne Bjørndal og Truls Ørpen.
|
|
Les mer...
|
|
Lom spml, Hans W. Brimi, Laget for Folkemusikk og Hardingfeletrioen
Slåttar frå Lom og spelemannslag
Serien Norsk folkemusikk: På denne plata får du møte slåttemusikken i Lom, og du får møte den kjende Hardingfeletrioen og spelemannslaget Laget for Folkemusikk i Oslo. Alt spela av toppmusikarar frå 50 og 60-talet.
|
|
Les mer...
|
|
Diverse artistar:
Gamle folkemusikk- instrument
Serien Norsk folkemusikk: På denne cd-en finn du eit unikt utval avgamle folkemusikkinstrument som lur og bukkehorn, langeleik, munnharpe, seljefløyte og tussefløyte.
|
|
Les mer...
|
|
Øvrevollseie, Bakkerud, Bø og Bolstad:
Slåttar frå Hallingdal og Valdres
Serien Norsk folkemusikk: Kjempeplate med fire legendariske spelemenn frå Valdres og Hallingdal
|
|
Les mer...
|
|
Tindra og Helge Jordal:
Den kvite hjorten
”Den kvite hjorten” er ei illustrerande musikalsk historie om rasisme og mobbing med tekst av Jan-Magnus Bruheim.
Det heile blir presentert som ein vakker, liten barnebok, illustrert av skuleungar i Skjåk.

BT: Det enkle er ofte det beste
Adresseavisen: Et medrivende hjorteunivers.
NRK Kulturnytt: Dette er delikat! Gode melodier og mange musikalske perler som
ligger rundt den kvite hjorten.
Hordaland: Eit lite smykke i den norske CD-floraen
|
|
Les mer...
|
|
Aslak O. Brimi og Erlend Viken:
Duo
Samspel med to feler er for mange spelemenn den optimale samspelforma. Det er som ein samtale. Den eine spør, den andre svarar, eggar kvarandre opp, roar seg, kranglar, trøystar og skrattar høgt saman. Møter i klangane, som ei forelsking, som ein dans ein ikkje vil skal ta slutt. Det er ein fortrulig leik som krev årvakne øyrer og nysgjerrig ope sinn. Det er respekt og tillit.
Erlend Viken og Aslak O. Brimi leikar godt saman - du høyrer nesten kor dei smiler av krafta frå kvarandres feler, du kjenner kor dynamikken bølgjer frå bogedrag til bogedrag. Erlend som den leikande stemmespeleren, Aslak med personlige variantar som i møtet får ekstra kraft. Som lyttar vert du ei floge på veggen som tek del i deira private feststund. Det er samspel med avtrykk frå gamal og ny tid. Det er historier som er blåkledde, gåtefulle eller berre lugume. Det er spelemannsliv. Det er det urgamle møtet mellom menn frå to dalføre / Sigrid Moldestad
Aftenposten: Durabelig samspill
Adresseavisa: Elegant samspill
GD: Brimieffekten
Dagsavisen: Denne plata er et festmåltid
Vårt Land: dette er musikk som får deg til å danse i dyp snø
|
|
Les mer...
|
|
Tassili:
Latebkish
ta:lik tar steget ut og presenterer den første plata med tradisjonsmusikk som opprinnelig kommer fra en annen plass enn Norge! Gruppa Tassili spiller musikk fra Marokka og Norge. Aissa Tobi er fra Marokko og lærte å spille tradisjonsmusikk av sin bestefar i barneårene. Musikken Aissa og bestefaren spilte kalles Gnawi som er en lokal variant av Gnawa. Gnawa er kjent som transemusikk og har blitt brukt i healingritualer i Nord- Afrika. Musikkformen har eksistert i svært lang tid og er et resultat av møtet mellom islamsk sufi, vestafrikanske tradisjoner og marokkos urbefolkning berberne. Med seg har han Ketil Kielland Lund som produsent og medmusikant.
Aftenposten: Medrivende verdensmusikk
GD: Berbisk og bra
NRK Musikkredaksjonen: Høyr intervju
Universitas: Jazz på berbisk
|
|
Les mer...
|
|
Synnøve S. Bjørset:
Slåttar
Rein kraft, suggererande takt – slåttar hogd ut i stein.
Norges frekkaste hardingfeledame slår til med ny plate fullspekka med kompromisslause hardingfeleslåttar blotta for jåleri. Rykande fersk gamal musikk. “SLÅTTAR” er ei smakfull samling av ukjende slåttar og nye tolkingar av gamle slagerar frå Sunnfjord, Sogn og Valdres.
Konsert og plateslepp Ålhus kyrkje, Jølster Søndag 15. mars kl.20.00
Aftenposten: Spillet er vilt, medrivende og oppfinnsomt
GD: Frakk hardingfele: Her svinger stemningen brått fra fandenivoldsk driv til stillferdig melankoli
Østlendingen: Tøff hardingfele
Hamar Dagblad
|
|
Les mer...
|
|
Fant-Karl:
Spelemanns- arven - ein historisk kulturarv
På Elverum den 6. mars 2009 kjem ein CD med opptak av slåtter assosiert med taterspelemannen Fant-Karl. Her finn du slåttar frå Valdres, Sogn, Gudbrandsdalen, Trøndelag og andre regionar der Karl reiste. Cd-en inneheld eit mangfold av livlege, melodiøse slåttar – ja, mange valsar - som har vore ein del av norske bygdespelemenn sitt repertoar i snart 200 år;
Oppland Arbeiderblad: Spelemannsarven
Hamar Arbeiderblad:Spellmannsarven
Hallingdølen: På sporet av ei spelemannslegende
|
|
Les mer...
|
|
Hått:
B-burger!
Det er ikkje eit tradisjonelt gamaldansband du møter her. Gutane spelar med gamal spelestil som minnar om spelestilen i slåttemusikken. Her er eldre tonalitetskjensle, hardingfelas tradisjonelle bogestrøk og ornamentikk, småveksoppbygging og urgamal toneføring i melodiane.
Bak kvar sving skjuler det seg melodiske perler og under ligg sugande danserytmar. Dette svingar som gamaldans ikkje har gjort på 70 år!
|
|
Les mer...
|
|
Torkjell Haugerud og Eivind Mo:
Slåttar frå Telemark II
Serien "Norsk folkemusikk": To verkelege legendar frå Telemark står for tur. Sjølvaste Torkjell Haugerud, konsertspelemannen frå tidleg på 1900-talet, og den like høgt skatta Eivind Mo frå Rauland og Seljord. Desse kom ut på LP-plate i 1974. Du kan lesa Rolf Myklebust si omtale her:
|
|
Les mer...
|
|
Lars Skjervheim og Torleiv Bolstad:
Slåttar frå Vossabygdene og Valdres
Serien "Norsk folkemusikk": Storspelemennene står i tur i denne serien. Lars Skjervheim og Torleiv Bolstad kom ut på LP-plate i 1971. Kvar av dei storspelemenn og unike tradisjonsberarar frå sine distrikt. Under her kan du lesa Rolf Myklebust sine ord om dei frå originalutgjevinga i 1971.
Varden: 16.10.08 Lyrisk slåttespel
|
|
Les mer...
|
|
Odd Bakkerud og Jens Amundsen:
Slåttar frå Telemark og Hallingdal
Serien "Norsk Folkemusikk": To markerte spelemenn kom i 1971 ut på ein felles LP-plate. Dei to var Odd Bakkerud frå Nesbyen i Hallingdal og Jens Amundsen frå Bø i Telemark. Båe to rekna som sentrale spelemenn i tradisjonane sine. Under her kan du lesa produsent Rolf Myklebust si orginalomtale frå 1971:
Telemarksavisa: 10.12.08
Bøheradspel i ny utgåve
|
|
Les mer...
|
|
Edvard Ruud:
Båra ho bryter så vide...
Serien "Norsk folkemusikk": Edvard Ruud
frå Elgsnes ved Harstad var ein av dei viktigaste utøvarane og
kjeldene innan nord-norsk vokal folkemusikk. Han hadde lært og samla
inn materiale frå mange eldre songarar i landsdelen, og hadde også
song etter far sin, høvedsmannen Edvard Ruud (1854 – 1932) og frå
mor si, Lena Sebulonsdotter (1863 - 1952) Songen til Ruud spenner frå
gamle balladar og arbeidsviser til nyare skillingsviser. Ruud vart
statsstipendiat for arbeidet sitt innanfor mange område av
kulturfeltet og var ein mykje nytta songar og foredragshaldar over
heile landet. CD-en kom opphavleg ut på LP i 1970.
|
|
Glåmos Spellmannslag:
Gamle dansar frå Rørostraktene
Serien "Norsk folkemusikk": Glåmos spelemannslag har ein fast svip og dåm over spelet som er uvanleg i lagspel. På Glåmos har dei ein lokal slåttetradisjon etter Ole Sulhus (1811-1897) og Ole Klemmetvold (1871-1948). Dertil kjem påverknad frå den svenske Härjedalsmusikken på den eine sida og tradisjonen frå Gudbrandsdalen og Østerdalen på den andre side. Dette har tilsaman danna bakgrunnen for den del av Rørosmusikken som Glåmos spelemannslag representerer, og som er av den mest serprega folkemusikk på vanleg fele vi har her i landet.
|
|
Les mer...
|
|
Ragnhild Furebotten & Tore Bruvoll:
Hekla stålstrenga
”Hekla stålstrenger” har vært ute på Folkemusikkhavet og tøffer inn fjæra med ei heil hysehank av slåtter og sanger fra nord i landet. Det svinger langt inni høggtanna. Her drysses fortellinger om lengsel og lede, sørgmodig avskjed og mang slags kjærlighet. Framført med polkafot og hjertebank og en rampat liten tykje under sydvesten. I mine ører låter dette krute godt, spenstig og vart på samme gang. Og varmt! Uttrykket er moderne og til tider groovy og låtene får akkurat den rette kakken som gjør dem spennende å lytte til. Dette er anriking av tradisjonen som jeg tar av meg kasjetthua for» / Ola Bremnes.
Saltenposten Folkemusikkperle.
Hamar Arbeiderblad: Lekne og luftige
iTromsø: Bobler av glede (konsert)
NRK Kulturnytt: Fulltreffer fra nord
NRK P1 Kveldsåpent: Anbefalt av musikksjefen i P1!
|
|
Les mer...
|
|
Gudmund og Magne Manheim:
Manheimspel
Magne og Gudmund Manheim kom frå ein spelemannsfamilie i Seljord i Telemark. Faren Harald var samtidig med Lars Fykerud, og lærte mykje spel av han. Magne lærde spel særleg av far og brør, ved sida av Torkjell Haugerud og Høye Kvåle i Seljord, og Gunnulf Borgen i Bø. Magne Manheim byrja tidleg å studere fiolinspel, noko som mellom anna førde han til København, før han flutte til Oslo under krigen og der vart del av eit rikt musikarmiljø rundt m.a. Eivind Groven, Kjetil Løndal, Sigbjørn Bernhoft Osa m.fl, og fekk slik mange sceniske utfordringar som ein spelemann ofte elles ikkje fekk på den tida.
Varden: God Manheim-cd
|
|
Les mer...
|
|
Frank Rolland:
Hardingfele
Frå sjølvaste Ulvik kjem sjølvaste Frank Rolland med si første soloplate. Ikkje rockemusikk, ikkje trommeslåttar - men hardingfele. Hardingfelespel lært av gamlingar og andre førebilete - slek som besten og Knut Hamre. Og av kassettar med Halldor Meland.
22.10.08 Bergens tidende: Solodebut med autoritet
13.07.08 Hardanger Folkeblad: Frank super solo.
KJØP/ LYTT
|
|
|
|
Harald Gullikstad / Olav Nyhus / Olav Mjelva / Tron Steffen Westberg: Etterrakst Harald Gullikstad er spelemann i gamal Rørostradisjon. Han har lært av gamle spelemenn som Peder Nyhus (far til Sven og Olav Nyhus) og Jørgen Jørgensen Kverningom. Med på plata har han med seg Olav Nyhus på zither og sang, og ungdomane Olav Mjelva og Tron Steffen Westberg på feler. Etterrakst er ei samling med gamle melodiperlar frå Rørosdistriktet. Harald Gullikstad har rota dei fram frå det aller innerste i hovudet sitt, frå den tida han lærte slåttar hjå spelemenn som for lengst er borte. Etterrakst presenterer slåttane på den tradisjonelle Rørosmåten. Her er det ikkje plass til romantiske forestillingar om folkemusikken – musikken var bruksmusikk og i stor grad samspelmusikk. Det spanande instrumentet zither er såleis med på plata - eit populært instrument rundt Røros. CD-sleppet var på Rørosmartnan 22. februar!
KJØP/ LYTT |
|
|
|
|
Oscar Hamry: Fairbault, Minnesota 1939 Unike opptak frå 1939 med spelemannen Oscar Hamry (Ola Reishagen) frå Vestre Slidre. Reishagen utvandra frå Norge tidleg på 1900-talet, skifta namn, og kom tilbake som superspelemann. Det vart gjort opptak med han i 1940. Det var den utvandra valdrisen Jøger Quale som kjøpte seg bandspelar. Quale hadde også kjøpt filmkamera, og ein liten filmbit med springardans og halling ligg også på CD-en.
Avisa Valdres: 15.12.2007 Heilstøypt slidreprodukt frå Amerika
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
Unni Boksasp: Songar frå Havdal I bølgen av ny, norsk, ung folkemusikk som feier over landet; debutanten og sangeren Unni Boksasp etablerer seg i det gode selskap med sine tolkninger av folkemusikken fra Nordvestlandet, Med på plata er solide musikernavn som Ånon Egeland, Henning Sommerro, Magne Vestrum (Tub Quartet, Bull of the Year) og Jorun Marie Kvernberg (Majorstuen, Tindra). Hovedkilden til musikken er Magnhild Havdal Almhjell (1894-1985). Produsent er Mikael Marin (Väsen).
Telemarksavisa
Bergens tidende. "Arrangementene er lekre og kommer aldri i veien for sangen"
Nationen: "En moden sanger med et gjennomført fint foredrag". Morgenbladet: hos Boksasp er de utempererte intervallene fremtredene
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
Ragnhild Furholt: Lån meg vengjene Ragnhild Furholt er ei av dei største stemmene i norsk folkemusikk. Med stor stemme og sterk formidling har ho gleda lyttarar i mange år. No er ho tilbake med nok eit fantastisk album – Lån meg vengjene – der ho har med seg musikarane Birger Mistereggen på perkusjon, slåttetromme og munnharpe, og Leiv Solberg på gitarar, mandola, bass og hardingfele.
Telemarksavisa: Ei framføring som avslører at fire førsteplassar på Landskappleiken ikkje er tilfeldige.
Varden: Sangene framstår som tidløse Nationen: Enkle virkemidler, smakfulle arrangementer og mesterlig sang gjør denne til en av årets store plater.
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
Kjetil Løndal: Løndalsspel II Kjetil Løndal var fødd i Tuddal 6. mai 1907 som den mellomste av sønene. I likheit med broren Olav var han med faren på spelferder i ungdomen. Han fortalde at dei til dømes var i Tinn og spela til dans i ”Den blå sal”. Seinare var han ofte i Tinn, lærde av Gisle Måremsrud, hadde stor vyrdnad for Johannes Dahle og lærde mange av hans slåttekompsisjonar – og Kjetil var all sin dag svært glad i tinndølspelet. At det var gjensidig er utan tvil: Me høyrde ein gong spelemannen Olav Øyaland sa: ”Kjetil, e´ er so glad i deg at e´ konna gnågå på deg!”
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
|
Vårdal & Andersson: FINNSKOGEN BRINNER! Med plata «Finnskogen brinner» leverer Patrik Andersson og Vegar Vårdal en spennende plate med gammal finnskog-musikk. Gammel, men også frisk i arrangement og intensitet. Det var store og øde skogområder på begge sider av grensen som fikk finner til å slå seg ned i det som i dag er kjent som Finnskogen. På 1500- og 1600-tallet reiste de fra dårligere kår i hjemlandet, og brant ned skog for å dyrke rug i asken. I de store skogene var det vanskelig å si om man befant seg i Norge eller Sverige. GROOVE.NO: 6 av 7 poeng "...en eksemplarisk lekse til beundring og etterfølgelse. En flott plate!" DANMARKS RADIO: Den slags gode plader er der langt i mellem! Jeg har hørt den mange gange..... . Hvilken indlednings marsch! YEAH!!!
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
|
|
Landskappleiken 2007: Hallingtimen ta:lik, NRK og Landskappleiken 2007 på Geilo har saman laga ein flott deltakarpremie til alle deltakarar på Landskappleiken. CD-en har fått namnet Hallingtimen og er ein times essens av folkemusikken i Hallingdal, spesiallaga for Landskappleiken 2007 på Geilo. (www.landskappleiken.no) På CD-en er eit variert utval med kveding, hardingfele, torader, trekkspel og langeleik med dei fremste utøvarane i dalen. Aldersspennet er også stort, frå 14 til 88 år.
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
Ole Olsen Fykse: Religiøse folketonar Ole Olsen Fykse (1879-1963) var ein grunnleggjar av amatørmusikklivet i Hardanger og ein pioner med å ta vare på den særmerkte religiøse folkesongen i fjorden. I år er det mellom anna 100 år sidan han starta opp Hardanger hornmusikklag, som i dag heiter Norheimsund Musikklag. Samstundes vert songen hans utgjeven på cd, fortel fylkesmusikar Reidun Horvei.
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
Leif Aasane: Bygutt ta:lik har i samarbeid med Konsgberg spel- og dansarlag og NRK hatt gleda av å gje ut ein CD med Leif Aasane frå Kongsberg. Leif Aasane er den ubestridte nestoren i hardingfelespel på Kongsberg og spelar i tradisjon både frå Telemark og Numedal.
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
Norsk munnharpehistorie på dobbel-CD: Fille-vern Milepel i munnharpas historie i Norge. Plateselskapet ta:lik er stolte av å presentere norsk munnharpehistorie, slik ho aldri har blitt presentert tidlegare. 2 CD-ar med fantastisk spanande opptak med munnharpe. Plata blir gjeven ut i samarbeid mellom NRK, Norsk munnharpeforum og ta:lik.
Avisa Valdres: Fille-vern er inga fillaplate, men eit svært solid produkt. (20.04.2007) Groove.no: 7 av 7 poeng. Årets norske plate
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
Jorun Marie R. Kvernberg: Album På denne plata får de høyre slåttemusikk frå Nordmøre og Romsdal: Mørkeraude, sindige og klangfulle slåttar frå Tresfjord, irrgrøne, luftige og muntre danseslåttar frå Midsund, og dei sølvblå, knivskarpe frå Nordmøre.
Bergens tidende 13. desember 2006
Gudbrandsdølen Dagningen 1. desember 2006
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
Øvrevoll Spelemannslag: Spillegal Øvrevoll spelemannslag tek vare på den gamle slåttetradisjonen frå området rundt Øvrevoll galoppbane. Utøvarane har lært av foreldre og besteforeldre og ein og annan bookmakar. Dette er ekte hestemusikk.
Gudbrandsdølen/Dagningen
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
|
 Anne Hytta: dag, kveld, natt – hardingfeleplate med tre klangbilde er solodebut-plata til hardingfelespelar Anne Hytta frå Sauland i Telemark. Det lyse – dag, skumringa – kveld, og det mørke – natt, er representert på plata gjennom tre ulike måtar å stemme fela på, noko som får fram ulike harmoniar og samklangar. Ei variert plate med slåttar frå Telemark er resultatet, slåttar Anne Hytta har i tradisjon etter læremeistrar som Einar Løndal og Knut Buen, dessutan lydbandopptak og noteoppskrifter. Norwegian Folk Music Award 2006: Beste soloplate!
Telemarksavisa
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
Truls Ørpen: Spel under Norefjell (2CD) Truls Ørpen var storspelemannen frå Krødsherad som vart nasjonalt kjend! Ørpen tok vare på gamal speltradisjon frå området og var aktiv innsamlar, formidlar og også medforfattar av hardingfeleverket. Høyr dei unike og spanande krylling-slåttane på denne plata!
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
Kristian P. Åsmundstad: Å syngje gåmålt Kristian Person Åsmundstad var født i Kvikne i Gudbrandsdalen 11. november 1885 som den yngste av fem sysken, ei syster og tre brør. Han døydde 23. mars 1976 i Ringebu der han hadde heimen sin frå hausten 1926. Foreldra hans var Per Torson Åsmundstad (1839-1920) og Rønnaug Iversdotter født Melby (1849-1947). Dei var bønder på garden søre Åsmundstad. Faren var omgangsskulelærar i Skåbu og Kvikne til han tok over farsgarden i 1868. Han hadde inga formell lærarutdanning. Mora dreiv som meierske og budeie før ho gifta seg. Frå smågutdagane var Kristian med på setra som gjetlsvein om somrane.
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
|
Skogumsbrørne: Slåttespel frå Gudbrandsdalen I Gudbrandsdalen har Lalm vore eitt av dei store sentra i folkemusikken, og mange ruvande spelemenn kjem frå her. Den eldste vi kjenner til av dei store, er Ola Sjugurdson Skaar (1773 – 1863), ofte kalla ”Gamel-Skårin”. Han var forpaktingspelemann og hadde difor eineretten på danselåting i sitt område mot å betale ei avgift. I tillegg låg han ute på grensevakt fyrst på 1800-talet og hadde med seg heim att musikk i form av marsjar og melovittar (menuettar). På sine eldre dagar vart han nærmast blind. Den mest særmerkte spelemannen var likevel Hansliguten (1806 – 1892), eller Ola Brurusten som rette namnet hans var.
KJØP / LYTT |
|
Les mer...
|
|
Henning Andersen: Underlege makter I uminnelege tider har kyrkjeklokkene kalla folk saman til høgtid og fest, til sorg og til glede. Kyrkjeklokkene har vore eit sikkert og trygt landemerke for folk her i landet i godt og vel tusen år. Dei har opp gjennom åra hatt ulike oppgåver, men fyrst og fremst har dei vore Guds røyst til menneska her på jorda. Kyrkjeklokkene har kalla folk saman til messe og kyrkjelege handlingar, men dei fekk og etterkvart fleire viktige oppgåver, ikkje berre kyrkjelege, men og verdslege. Kyrkjeklokkene vart nytta til å varsle krig og til mobilisering. Dei vart nytta til å varsle ulukker og katastrofar. Dei varsla tidene på døgnet, arbeidsdagen sin start og slutt, og dei varsla at helga byrja og slitne kroppar kunne få kvile.
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|
|
Aslak O. og Hans W. Brimi: Blå september Bestefar min, han Hans, hadde ordet på seg for å vera ein lugum kar. Han hadde mange gode vener rundt om i folkemusikknoreg, og folkemusikken og miljøet rundt det var ein stor del av livet hans. Eg kjente ikkje Hans W. Brimi som ein scenekunstnar eller meisterspelemann. Eg starta for seint å spele, og han hadde lagt ned fela da mi store interessa kom. Eg kan ikkje hugse at eg nokon gong spelte i lag med bestefar. Dessverre. Men eg har mange fine minne. For meg var han bestefar-Brimi, som heldt kustus på oss ungane når vi var innom garden. For meg vil han alltid vera gamlekaren med strikkalua på snei, og som mannen som låg langflat på sofaen inne i gammelstugu. Ingen snorka høgare enn bestefar.
KJØP/ LYTT |
|
Les mer...
|
|