AslakBrimi_fraKonsert101116_FotoThorHauknes
Foto: Thor Hauknes

I Garmo i Lom var Ola Moløkken den store spelmannen i tida frå slutten av 1800-talet. Det var ikkje mange kjende spelmenn da Ola var ung og aktiv spelmann. Men rundt Ola vaks det opp eit rikt musikkliv med mange dyktige felespelarar. Dette har halde seg til vår tid. Ola er eit svært viktig bindeledd mellom århundra; mellom dei eldste spelmennene og dei som kom etter. Han var læremeister og stilskapar for alle utover 1900‐talet, og er framleis ei viktig kjelde for oss spelmenn i dag.

Moløkken_FråPrivatSamlingHansWBrimi
Ola Moløkken
Aslak Brimi har hatt som mål å bli betre kjend med Ola Moløkken som spelmann, og opptaka er gjort under ein Ola Moløkken‐konsert Aslak hadde på Folk på torsdag på Riksscenen i Oslo hausten 2016. Med ette ́ Lykkja meinast både musikken frå Ola, samt musikken og musikarane som kom etter han. Ola laga også slåttar, noko som inspirerte yngre spelmenn til å gjere det same. Musikktradisjonen i bygda i dag har framleis mykje Ola i seg.

Albumet vert lansert våren 2016, med platesleppkonsert i Lom den 23.mars i Utgard kulturhus.  
Plata er gjeve ut på plateselskapet ta:lik, opptaka gjort av Fridtjof A. Lindeman, og det grafiske er gjort av Heidrun Laugsand.  
Foto frå konserten er teke av Thor Hauknes.  

Aslak Brimi,fele
Gjester:
Bjørn Kåre Odde,  fele
Geir Thorud,trekkspel
Gudbrandsdølenes spelmannslag

Kontaktinfo:  
Aslak Brimi, tlf: 90969383, epost:aslakbrimi@gmail.com
Plateselskapet ta:lik,  Frode Rolandsgard,  tlf:91197407,  epost:frode.rolandsgard@talik.no