Eg håper mange vil nikke attkjennande til den første delen av plata. Dette er kappleiks- og heimeopptak med mange av dei kjende slåttane i telemarkstradisjonen. Det var desse Tor brukte i samkomer, på bygdekveldar, konsertar og ikkje minst kappleikar der han var ein trufast deltakar i over ein mannsalder. Eg har òg valt å ta med ein del slåttar i telemarkstradisjonen som er lite brukt og/eller lite tilgjengeleg på plateinnspelingar i dag. Tor hadde ingen systematisk opplæring, det var ingen sterke tradisjonsband i Drangedal og han var såleis ikkje bunde til nokon bestemt tradisjonsline. Her er slåttar frå heile Telemark etter både Myllarguten, Fykerud og Gibøen. Her er komposisjonar av Johannes Dahle. Her er typiske enkle danseslåttar frå Bø og Seljord, men òg rikt utbygde kappleiksslåttar etter fleire av hans store førebilete: Eilev Smedal, Gjermund Haugen, Eivind Mo, Kristiane Lund, Anund Roheim med fleire.
Siste del av plata håper og trur eg vil overraske mange. Her står Tor fram som komponist av eigne slåttar og som tradisjonsberar for særmerkte drangedalsslåttar. dette er materiale som tor knapt brukte offentleg. Dette er slåttar som Tor høyrde av far sin og eldre spelemenn i Tørdal då han vaks opp.
I mange tilfelle er Tor einaste kjelde som har spela inn desse slåttane i arkivet. Noko av dette er runddans som yngre spelemenn har tatt i bruk og no sirkulerer i folkemusikkmiljøet. Få veit truleg at Tor er kjelda. Andre slåttar er så vidt eg kjenner ikkje lenger i bruk og eg har eit håp om at denne plata kan få nokon til å taka dei opp att.
Med rett under åtti minutt og 39 spor er grensa nådd for kor mykje musikk ein kan få inn på ei Cd-plate. Slik sett er dette ei reindyrka dokumentasjonsplate. Dette er ikkje eit produkt som skal gje lyttaren ei «konsertoppleving» som kan spelast samanhengande av frå a til å. Her ofrast noko av det forfina, polerte og avgrensa utvalet for mengde, mangfald og
særpreg. det betyr ikkje at det manglar storspel på plata, for Tor Homleid held jamt over godt nivå, men i mange høve har ein ikkje kunne velje og vrake i opptak, og då har eg i dei fleste tilfelle tatt med opptaket likevel. Her er difor både Tor Homleid i kjempeform og tor tydleg nervøs på kappleikscena. Her er tor i livets vår og livets haust. Her er Tor med fela sliten etter ein
arbeidsdag i skogen, og her er Tor som spelar slåttar han ikkje har brukt på 20, 30 eller 40 år!
Eg håper plata teiknar eit godt bilete av tor slik folk hugsar han, og at denne plata vil vere til kveik og inspirasjon for framtidige spelemenn i drangedal, Telemark og Noreg. Kos dykk med drangedalspel!
/ Anders Lunden Herfoss