KATALOG

Eva Karlsson

TA75 Aslak O. Brimi & Erlend Viken

Duo

Samspel med to feler er for mange spelemenn den optimale samspelforma. Det er som ein samtale. Den eine spør, den andre svarar, eggar kvarandre opp, roar seg, kranglar, trøystar og skrattar høgt saman.

Møter i klangane, som ei forelsking, som ein dans ein ikkje vil skal ta slutt. Det er ein fortrulig leik som krev årvakne øyrer og nysgjerrig ope sinn. Det er respekt og tillit. Erlend Viken og Aslak O. Brimi leikar godt saman - du høyrer nesten kor dei smiler av krafta frå kvarandres feler, du kjenner kor dynamikken bølgjer frå bogedrag til bogedrag. Erlend som den leikande stemmespeleren, Aslak med personlige variantar som i møtet får ekstra kraft. Som lyttar vert du ei floge på veggen som tek del i deira private feststund. Det er samspel med avtrykk frå gamal og ny tid. Det er historier som er blåkledde, gåtefulle eller berre lugume. Det er spelemannsliv. Det er det urgamle møtet mellom menn frå to dalføre

/ Sigrid Moldestad


5liten.gifAftenposten: Durabelig samspill

5liten.gifAdresseavisa: Elegant samspill

5liten.gifGD: Brimieffekten
 
Dagsavisen: Denne plata er et festmåltid
Vårt Land: dette er musikk som får deg til å danse i dyp snø

------------

Vi to har spelt mykje i lag sidan vi fyrst vart kjent: På eit folkefylt hotellrom etter ein lang kappleiksdag; i ei campinghytte på Smedsmo camping; med øl og fele ved Strondafjorden på Jørn Hilme-stemnet; på kaffistoga på martnan; i utallige klasserom; og nå i det siste i meir rolege omgjevnadar på Majorstua og Lillestrøm i førebuingar til denne innspelinga. Vi liker å spele i lag. Vi tok skia fatt i februar. Saman med oss var produsenten vår, og gode ven Sjur. Ta:lik sin kunnskapsrike representant, Niels, stilte med iver og nysmurte ski. Lydmann Fridtjof stilte med tungt lydutstyr og viktig hodelykt. Vi hadde kome aust i Jotunheimen, til eit lite eventyrslott: Vianvang. Arne Brimi har i løpet av 15 år bygd opp ein fantastisk fin plass midt i fjellriket. Her isolerte vi oss. Heile Vianvang oser av tradisjon og kunnskap. Vi let oss imponere over mannen og plassen, og med ein vinterkledt Jotunheimen som ramme let vi oss inspirere. Ikkje noko støy, ingen dommarar, ikkje noko anna enn to feler – i lag. Målet er å skape noko som er vert å formidle til dykk. / Aslak og Erlend

Erlend Viken and Aslak O. Brimi play the game well

For many fiddlers, the combination of two fiddles is the epitome of musical interaction. It is like a conversation. One fiddle asks, the other answers, they taunt each other, fight with each other, console one another and laugh loudly together. The intersection of harmonies, like an infatuation, like a dance no one wants to end. It is a game of trust which demands brisk ears and open, inquisitive minds. It is mutual respect and trust. Erlend Viken and Aslak O. Brimi play the game well. You can almost hear how the sheer force of the others fiddle make them smile. You feel how the dynamics flow with every stroke of the bow. Erlend as the playful melodymaker, and Aslak with personal twists which are magnified by the harmonies. As a listener, you become the fly on the wall in their private party. It is a musical interaction with impressions from ancient and modern times. There are stories dressed in blue, mysterious tales or just fun anecdotes. It is the life of the fiddlers. It is the archaic meeting between men from two valleys

/ Sigrid Moldestad

The two of us have played a lot together since we first got to know one another. We like to play together. And in February we went skiing. We took our producer and good friend, Sjur, with us. Ta:lik’s knowledgeable representative, Niels, came with enthusiasm and newly waxed skis. Fridtjof the soundman, came with heavy sound equipment and an essential head torch. East in the mountains of Jotunheimen we came to a fairy-tale castle called Vianvang. Arne Brimi has spent 15 years creating a fantastic place in the middle of the mountain-kingdom. This is where we decided to isolate and record our music.