KATALOG

TA96CD_DAX122XX.indd

TA96 Spildo, Hamre og Martens

Eg ser deg

Denne innspelinga ønskjer oss velkomne med ein lokk, ein raus invitasjon som kan stå som eit kunstnarleg motto for heile prosjektet: Du ska fao rjomagraut, saudamjølk, jentefang. Uppreidde sengji. Lokken kling også med i det neste nummeret, ein gangar av Nils Økland bygd på ein komposisjon av barokk-komponisten Heinrich Franz von Biber (1644–1704 ).


Gjesteartisten Johannes Martens understrekar her med sitt gambespel instrumentale tradisjonsliner så vel som ein tydeleg ambisjonen om å presentera nye og uprøvde musikalske koplingar. Turid Spildo og Knut Hamre kjem begge frå Granvin, bygda med hardingfela i våpenskjoldet, og fører vidare ulike liner i spelet frå den folkemusikkrike Hardangerbygda.

Turid lærte å spela av bestefar sin, Einar Spildo, Knut mellom anna frå meisterspelmannen Anders Kjærland. Då Knut gjekk i lære såg ein heller mørkt på framtida for folkemusikken, han var meir eller mindre åleine i sin generasjon i Hardanger, eit tungt ansvar som kunne tatt lysta frå nokon kvar. Han har betalt attende med renter, ført meistertradisjonen vidare og vore førebilete og lærar for ein heil generasjon av nye folkemusikarar.

Turid fekk nok si innviing under ein noko lysare himmel og har kanskje derfor vore meir oppteken av nyskaping og eksperiment. Dette kom tydeleg til uttrykk da ho var med og skapte den oppsiktsvekkande folkemusikk-kvartetten Dvergmål og deira originale plateprosjekt Blåberglandet med tekstar av Ivar Aasen.

Kjende nynorske diktarar med folkemusikk-puls pregar også denne plata, med tekstar om kjærleikslengt, om draumar som ser bortanfor det trøysteslause, tekstar som møter ukjende og uvande tonar, spenningsskapande møte. Heller enn å dokumentera ein tradisjon eller eit repertoar, er dette ei utforsking av samspel og samklang.

Fleire av slåttane er velkjende, spenninga ligg i mottema og stemmer som eg kan tenkja meg utøvarane har improvisert seg fram til, og som skaper pirrande utfordringar til oss som lyttar. Platetittelen leier tanken mot slåttestevet til Nøringen; Eg ser deg, eg ser deg, men eg kan ikkje koma til deg.

Her kan det koma til deg meir enn det du får med deg ved første gongs gjennomlytting.

/ Ola E. Bøe