Etterrakst er ei samling med gamle melodiperlar frå Rørosdistriktet. Harald Gullikstad har rota dei fram frå det aller innerste i hovudet sitt, frå den tida han lærte slåttar hjå spelemenn som for lengst er borte. Etterrakst presenterer slåttane på den tradisjonelle Rørosmåten. Her er det ikkje plass til romantiske forestillingar om folkemusikken – musikken var bruksmusikk og i stor grad samspelmusikk. Det spanande instrumentet zither er såleis med på plata - eit populært instrument rundt Røros.