Knut er oppvaksen i ei bygd og eit distrikt med rike lokale slåttespeltradisjonar. Fyrst og fremst har han stoff og spel etter faren, Erling Kjøk (1913-1999), men også merkt frå tida i Gudbrandsdølenes spelemannslag i Oslo (1967)1970-1980. Særleg Pål Skogum (1920-19)og Reidar Skjelkvåle (f. 1939) har merkt utviklinga av spelet og stilen hans. I Lom spelemannslag har han vore leiar og var musikalsk leiar for laget 1991-2001, likeeins formann i Gudbrandsdalen folkemusikklag 19-19 og leiar for ”Storlaget”, 100 spelmenn og 500 dansarar, med bl.a. innslag under opninga av Lillehammer OL 1994.

Han sto for eit stort repertoar, særleg etter faren og hadde elles ei stort slåttetilfang og slåttekunne etter andre spelemenn i Ottadalsbygdene, som tvillingbrørne Alfred Bismo , Mattias Bismo og Ola Oppheim . Som formidlar har han sett sterkt preg på slåttetilfanget og spelet til spelmenn, ikkje berre dei mange han har hatt som elevar og studentar som musikkskulelærar og lærar på Ole Bull Akademiet og Musikkhøgskulen i Oslo.

Stø og sikker i i tradisjonen sto han for gode former, han tilpassa stilen og formar og varierer bevisst og i arrangementa var han oppfinnsam og reflektert.

Det er mange innspelingar med Knut Kjøk i NRK Folkemusikkarkivet frå dei fyrste i 1967; han har vore med i mange radio- og fjernsynsprogram og på mange innspelingar, plater, kassettar og cd, men har ingen soloutgjevingar anna enn som einskilde innslag. Ta:lik er stolte av at vi får gje ut denne cd-en i lag med familie og spelvener.