NYHENDE

TA126CD_digipak_DAX122XX.indd

Heiderskonsert og fylkeskappleik

Gjermund Haugen plateslepp!

Storspelemannen Gjermund Haugen kjem no på cd. Det er NRK som stiller med arkivet sitt. 29. august er det stor heiderskonsert og plateslepp på Vidar kulturhus i Heddal!

Fjellrosa Spel og Dansarlag og Vidar Ungdomslag arrangerar heiderskonsert til minne om meisterspelemann Gjermund Haugen frå Notodden.
Desse deltek på konserten: Knut Buen,Hallvard Bjørgum,Øyvind Brabant,Johannes Sundsvalen,Alf Tveit,Knut Myrann,Torgeir Straand, Ingvill M. B. Garnås,Kjell Hove,Even Tråen, Gransherad Spel og Dansarlag, lokale dansarar, Gudrun Straand med lokale hardingfeleelevar.Konferansier: Olav Sem
Slepp av ny CD med opptak frå NRK-arkivet!

Innlagt pause med sal av kaffe og kaker.  Billettar til sals i døra frå kl. 18:00. Pris 250 kr.
På laurdag er det fylkeskappleik for Telemark med gjesteklasser.

Her kan du få lesa cd-heftet til utgjevinga: (pdf)
TA126CD_iTunes.pdf

Meir info:
www.folkemusikk.no