NYHENDE

TA144CD

TA144 Patrik Andersson & Vegar Vårdal

Grådask Gråvær

8 år etter deira siste plate ”Finnskogen Brinner” kjem no ei ny plate frå denne svensk-norske duoen på plateselskapet Ta:lik. No har dei tatt fatt i eigne favorittar og nokre få komposisjonar, og satt sitt særmerkte stempel på låtane. Det er ikkje berre god dansemusikk denne gongen, men og små rolige pust med brureslag, valsar og slängpolska i fritt tempo.

Har du lyst til å hive deg ut på kjøkkengolvet med mor, bestemor, kjærast eller ditt yndige barn er det nok av slike slåttar. Kva med ein gangar som får blodet til å renne litt fortare, eller ein vals som har nokre vendingar som får hjartet til å hoppe over eit slag eller to, eller kanskje det er nok med en tradisjonell reinlender frå Hedmarken?

Patrik og Vegar har spelt saman sidan dei studerte på Norges Musikkhøgskule på slutten av 1900t, og dei har sidan finslipt og leikt med samspelet. No har dei flytta ut frå hovudstaden og Patrik bur i Malmköping utanfor Stockholm og Vegar i Vågå i Gudbrandsdalen. Patrik er felelærar på Malungs Folkhögskola, og Vegar har funne seg elevar på Vinstra vgs, Norges Musikkhøgskule og Ole Bull Akademiet på Voss. Dei er og frilans folkemusikarar, og dei set dansespelet svært høgt. Den anerkjente svenske dansepedagogen Andreas Berchtold seier dette om samspelet til Patrik og Vegar:

En duo som jag förknippar med dans! Patrik, en musiker som haft stort inflytande över hur jag själv dansar idag. Vegar, i mina ögon dansare och danspedagog likaväl som spelman. På skivan bjuder de på dansmusik av klass med bla reinländer, vals, polska och halling. Samspel med givande och tagande i stunden, i vissa fall med inslag av "skiss" eller improvisation där de bryter låtars tema och turas om på ett sätt som blivit lite av ett signum.