NYHENDE

TA119 Per Anders Buen Garnås

Greinir

Per Anders Buen Garnås kjem her med ei fantastisk flott plate med solo hardingfele. Denne gongen har han laga alle slåttane sjølv, noko som er sjeldan innanfor for norsk hardingfeletradisjon. Vi er stolte av å kunne presentere denne samlinga!

TA119 Greinir

Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har elles gått i lære hjå og lete seg inspirere av mange gode spelemenn innanfor ulike tradisjonar – da særleg i Telemark; slike som Eivind Mo, Olav Øyaland, Einar Løndal, Anund Roheim og Gunnar Innleggen. Landskappleiken har han vunne tre gongar. Han har også fleire CDutgjevingar bak seg, både solo og som medverkande musikar. I 2012 blei han tildela toårig arbeidsstipend frå Norsk Kulturråd.


Per Anders skriv i coveret:

Å koma på nye slåttar
Heilt frå eg var ein liten smågut har det å dikte ny musikk for meg vore ein heilt naturleg del av det å musisere. I familien har det å skapa og tilføre noko eige alltid hatt høg status, og mange av mine førebilete har vore slåttediktarar. Det er bare å nemne slike som t.d. Johannes K. Dahle, Olav S. Løndal og Eivind Mo – for å ikkje snakke om grandtante Bergit Tjønn og onkel Knut Buen. Dette er døme på inspirerande slåtte-diktarar i telemarkstradisjonen frå det siste hundreåret som eg har hatt høve til å møte eller bare å høyre på opptak. Så har ein også blitt flaska opp på historiene om alle dei segnomsuste spelemennene frå eldre tider som har odla fram ting som me nyt av den dag i dag.
Somme av desse spelemennene har bare nokre små, men svært verdfulle smykkeskrin etter seg, mens andre har etterlate seg heile gullgruver. Felles for dei alle er at dei har hatt eit ibuande behov for å uttrykkje seg, og at dei har sett djupe spor etter seg ved å nytte det som for dei har vore det mest naturlege tonespråket; nemleg det som i dag blir kalla folkemusikk.
Folkemusikk har også for meg vore det mest nærliggjande å taka i bruk når dette behovet har meldt seg, da dette er den musikken eg fyrst blei kjend med og veldig interessera i. Og uttrykksbehovet har tydelegvis lege der støtt. Eg trur eg byrja å leike meg med å laga mitt fyrste forsøk på ein slått da eg var kring ti år. Men eg likar likevel ikkje å kalle meg komponist, da eg sjeldan eller aldri set meg ned for å komponere nye slåttar. Eit gjennomgåande omkved er at motiva og slåttane som oftast plutseleg openberrar seg, brått og uventa, utan at eg i det heile veit kvar dei kjem i frå. Difor blir det også litt rart å seie at ein har dikta desse slåttane, men ein kan kanskje seie at ein har kome på dei.
Så har eg også kome på at dette umogleg kan ha noko vedvarande verknad for andre enn meg sjølv om ikkje folk får høve til å høyre og setje seg inn i desse påkoma. Difor gjev eg folk den moglegheita med denne CD-en. Har eg vore heldig er det til og med einkvan som høyrer noko dei likar eller finn interessant. Og om så skulle vera har jo plutseleg desse slåttane fått høve til leva sitt eige liv utanfor det jordsmonet dei vaks opp av.

/ Per Anders

Låttane:
1. «Nordgardingen», springar
2. «Sisjorden», gangar
3. «Fullmånespringar»
4. «Kviteseidmarken», springar
5. «Den nedstemte springaren»
6. «Ljosningsvandraren», gangar
7. «Nyårsdagen», springar
8. «Steggen», springar
9. «Langlimsjenta», springar
10. «Austlien», gangar
11. «Askildten», springar
12. «Kjæringa som overgjekk faen», gangar
13. «Nyrenning», springar

L1040007-sk
Per Anders Buen Garnås (Foto: Arne Svalastog)

Coming up with new tunes

Right from when I was a little boy, creating new music has been a completely natural part of playing music for me. In our family, creating and contributing something of one’s own has always had high status, and many of my role models have been tune composers. One needs only to mention people like Johannes K. Dahle, Olav S. Løndal, and Eivind Mo – in addition to my greataunt Bergit Tjønn and uncle Knut Buen. These are examples of inspiring tune composers in the Telemark tradition from the last century who I have had the opportunity to meet, or to hear recordings of. I have also been raised on stories about all the legendary fiddlers from the past who developed the music we benefit from today. Some of these fiddlers left just a few small, but very valuable jewellery boxes behind them, while others have left behind entire gold mines. Common to all of them is an inherent need to express themselves, and they have left deep traces behind them by employing their most natural musical language; namely that which today is called folk music. Folk music has also been the most natural thing for me to employ when this need has arisen, since it is the first kind of music I became familiar with and interested in. And the need for expression has clearly always been there. I believe I began playing around with making my first attempt at a tune when I was about 10 years old.

All the same, I don’t like to call myself a composer, since I have seldom, or never, sat down to compose new tunes. A common saying is that the motifs and tunes tend to suddenly reveal themselves, abruptly and unexpectedly, without my knowing at all where they come from. Therefore, it’s a little strange to say that I composed these tunes, but I could perhaps say that I came up with them. And I have also realized that this can’t possibly have any lasting effect for anyone besides myself if people don’t get the chance to hear and get to know these tunes. Therefore, I’m giving people that opportunity with this CD. If I’m lucky there are even some people who hear something they like or find interesting. And if that should be the case, these tunes will have suddenly been given the opportunity to live their own lives beyond the soil they grew up in.

/ Per Anders Buen Garnås