Bjørn Kåre Odde og Ole Nilssen er to av landets beste folkemusikarar. Dei har lete seg inspirere av den musikalske brytninga mellom folkemusikk og klassisk musikk.

Dansemusikken har vandra frå hand til hand gjennom fleire hundre år, og hendene vi brukar i dag kviler på ein lang dansetradisjon på Hedmarken. Både dei store ballmusikarane og komponistane på storgardane og dei einslege felespelemenn i dei små stover har gjeve oss eit godt slåttemateriale og sterke impulsar. Vi er dei evig takksame. Dei to legg stor vekt på danseaspektet framfor konsertformatet når dei spelar denne musikken, og har sjølv brukt repertoaret mykje til dansespel.

Vi vil servere eit knippe slåttar av beste merke – overlevert frå hand til hand gjennom generasjonar!


Vår visjon er at du skal kunne setta på plata, setja deg i godstolen og lytte, men og at dansefoten skal dirre såpass at du må opp på stovegolvet å ta deg ein svingom, seier Ole, som sjølv er fleire gonger noregsmeister i dans. Ole og Bjørn Kåre.jpg