NRK-utgjeving

TA28CDfor nett 700160 pixel

TA28CD Truls Ørpen

Hardingfelespel frå Krødsherad

Truls Ørpen var storspelemannen frå Krødsherad som vart nasjonalt kjend. Ørpen tok vare på gamal speltradisjon frå området og var aktiv innsamlar, formidlar og også medforfattar av hardingfeleverket. Høyr dei unike og spanande krylling-slåttane på denne plata!

Om Truls Ørpen:
Truls Ørpen var fødd i Krødsherad 27. mars 1880 og døydde på Modum 28. mars 1958. Han dreiv garden Ørpen i 46 år. Han sat i kommunestyret ei tid og var aktiv i bondesamvyrket. Soleis var han med og fekk i gang meieri i bygda. Han hadde gjenge fylkesskule, mellomskule og lærarskule og var lærar i heimbygda i 40 år. Kona Karoline ervde meir jord, og ei tid åtte dei to gardar på Modum au og han flytte dit i 1940. Medan dei fleste spelemenn har vanta økonomisk evne, stelte folket på Ørpen vel med jordeignene. Av den grunn var det nok spelemenn som såg på Ørpen med eit visst tvisyn. Var han ikkje noko av ein gauve jamnført med spelemenn som levde frå hand til munn? Ørpen kom seg heilskinna gjennom dei harde mellom-krigsåra då so mange bønder austanfjells kom i økonomisk knipe. Soleis gjekk det med eit par av Ørpens spelemannsvener, - båe storspelemenn. Torkjell Haugerud (1876-1954),som åtte store skogeigner i Seljord, vann seg gjennom krisa med hardt strev, men Gunnulf Borgen (1881-1953) måtte forlata farsgarden Borgja - ein av største gardane i Bø.

Truls Ørpen tok til å spela hardingfele i 7-8 års alderen. Dei fyrste han lærde av, var sambygdingane Johan Kleven (1858-1947), Anders Vinna (1834-1922) og Wilhelm Sorteberg (1839-1912). På eldre dagar la sistnemnde om spelet sitt i telelei og bygde ut gamle kryllingslåttar so dei kom til å likna meir på det store spelet i Telemark. Endå om Sortebergen truleg gløymde gamle bygdelåttar, meinte Ørpen at kjennskapen til spel frå Telemark løyste ut spelemannsevna hjå Wilhelm Sorteberg. Truls Ørpen var heller ikkje fullnøgd berre med å dyrka kryllingslæte. Han drog tidleg ut og ville vinna innsikt i anna spel. Hjå spelemenn i Telemark, serleg Torkjell Haugerud og Gunnulf Borgen - båe frå Bø - fekk han mykje. "Mitt ideal" kalla han Haugerud. Spel frå Hordaland, serleg vossaspel, vart han kjent med gjennom plateinnspelingar og Bjørndals note-oppskrifter. Men av spelemenn vestpå var det fyrst og fremst Ola Mosafinn (1828-1912) som fengde hugen. Siste sumaren Mosafinn levde, reiste Ørpen til Voss og vitja honom. Ørpen fekk varug inspirasjon av dette møtet. Spel frå Numedal la seg godt for Ørpen, og det vart han kjent med nokre år seinare - kanskje serleg gjennom Steingrim Haukjem (1897-1967) frå Veggli som var tømrekøyrar og spel-lærling hjå Ørpen kring 1925. Samstundes skreiv Ørpen opp kring 40 slåttar frå Numedal og Tinn etter tømrekøyraren. På dette grunnlaget, gamalt spel i Krødsherad og telemarks-leta sortebergspel, spel i Numedal og Telemark og med noko islett frå Mosafinnspel - skapte Ørpen sin eigen spelestil. Det var vel slik verksemd spelemannshistorikaren Rikard Berge (1881-1969) tenkte på når han skreiv om Knut Lurås og Torgeir Augundson (Myllarguten) at dei lyfte bygdespelet opp til landskunst.

Det var fyrst då Ørpen nærma seg 50 år at han hadde vokse til den store spelemannen sume enno hugsar frå stemner og radiosendingar, og han var på høgd i spel til han var over 70 år. Han heldt jamt fela mot bringa. Spelet var sterkt, klangrikt og fløymande. Takt og rytme var fast stød, men han spelte visst aldri til dans. Han brukte lite fingrekrot som kunne skipla tonelina, men prydde spelet med likringar, trillar og smakfulle tvigrep der det høvde. Han hadde ei lett og lentug bogeføring med lette og uventa kast, noko som kanskje var minning om dei gamle heimegjorde bogane som var lette og innpå 10 cm stuttare enn ein vanleg fiolinboge. At Truls Ørpen i samtida var ein høgvyrd spelemann gjeng fram av fylgjande utsegner som eg sjølv har høyrt. Halling-dølen Sevat Sataøen (1992-1962) som knapt kan seiast å ha vore nokon hjarteven med Truls Ørpen, fortalde frå ein lands- kappleik kring 1930 som Gunnulf Borgen vann. - Då spelte Ørpen best av alle, var domen frå Sataøen. Etter ein kappleik i Hallingdal hausten 1945, der Ørpen var domar mellom andre saman med Olav Moe (1872-1967) frå Vestre Slidre, skulle domarane au ta ein slått eller to. Ørpen tok Sortebergen, og «då sokk det i meg», fortalde Lars Skjervheim. «Dei fell dei store tre», sa Kjetil Løndal, då me møttest i Oslo stutt tid etter at Ørpen var avliden våren 1958.

Truls Ørpen møtte spelemenn frå Valdres og likte spelet hans Nils Beitohaugen (1863-1927) frå Øystre Slidre. Ørpen var ofte i Hallingdal au - og hadde spelemannsskeid der. Dei ti siste åra han levde var Odd Bakkerud (1931-87) frå Nes i Hallingdal ein næm læregut. Ørpen let vel om Ola A. Strand (1859-1945) frå Ål. Elles vanta nok Ørpen den store oppgløding for harding felespelet i dette dalføret endå om han vedgjekk for Odd Bakkerud at Tor Grimsgard (1853-1933) måtte ha vore god til å spela. Dette skapte ein viss motsetnad til sume spelemenn i Hallingdal, særleg i Ål - jamvel om dei alle såg på Ørpen som ein framifrå utøvar på hardingfela. På lærarskulen lærde Truls Ørpen notar. Han fekk ogso noko innføring i ålmenn musikkunne der, og han lærde å spela fiolin. Men noteskrivne hardingfeleslåttar var ikkje å få tak i før Arne Bjørndal (1882-1965) tok til å senda ut slåttar på prent. Fyrste heftet kom i 1907. Det fekk Ørpen låna hjå kapellanen i Krødsherad, diktarpresten Anders Hovden (1860-1943), som hadde fenge det hjå Bjørndal. Etterkvart kom det fleire hefte frå Bjørndal so Ørpen fekk stilt svolten på slåttar. Han tykte Bjørndal skreiv opp slåttane på ein grei måte so det var lett å finna ut koss det skulle spelast. Med å granska Bjørndals oppskrifter, lærde Ørpen seg til å spela låttar etter notar. Bjørndals-oppskriftene vart ogso eit mønster når han sjølv tok til med slåtteoppskriving. Han sette på notar all folkemusikk han kunne nå i frå heimbygda, både songtonar og slåttar. Seinare kom han til å skriva slåttar etter spelemenn frå andre bygder au, serleg Numedal og Telemark, både etter spelemenn som spelte føre og frå innspelingar på plater. Når bandspelaren kom i handelen kring 1950, var han tidleg ute med å kosta seg slik reidskap. På resten hadde Ørpen eit lite statsstipend (år) til å skriva ned folkemusikk. Han let etter seg ei gild samling med platur (pathe og grammofon).

Oppskriftene hans med folkemusikk - rundt rekna på 500 nummer - ligg på Nasjonalbiblioteket i Oslo. Då Arne Bjørndal kring 1950 gjorde opptaket til å få gjeve ut oppskriftene med hardingfelelåttar, fekk han med seg Eivind Groven (1901-1977) og Truls Ørpen som musikalske redaktørar og trugne hjelparar. Frå 1954 til han døydde, var Truls Ørpen knytt til arbeidet med det store verket Hardingfeleslåttar I-VII (1958-81) som inneheld kring 2000 oppskrifter; av desse er innpå 300 etter Ørpen. Han var med på og stelte til fyrste bandet som kom ut i 1958 og gjorde noko av førearbeidet på andre bandet som kom året etter. Samstundes, i 1956, spelte han inn 85 kryllingslåttar for Norsk folkemusikksamling. Han skreiv ogso ned verbale folkeminne, serleg slikt som knytte seg til musikk, og han sende opplysningar om bygdemålet i Krødsherad til Norsk målførearkiv ved Universitetet i Oslo. Han vart heidra med Kongens gull og var heiderslagsmann i Landslaget for spelemenn. (år) Ørpen tok til vera med på kappleikar kring 1920. I 1926 fekk han fyrste premie på landskappleik saman med Gunnulf Borgen frå og Lorents Hop (1887-1953) frå Fana. 1929 i Oslo og 1931 ???. Av andre fyrstepremie-vinnarar på desse stemnene kan me nemna Henrik Gjellesvik (1892-1964) frå Haus, Eivind Mo (1905-1996) frå Rauland og Gunnulf Borgen. Samstundes med at han tok til å vera med på kappleikar, vart han kalla til å døma kappleikspel. Han vart gjennom åra halden som ein stød og kunnskapsrik domar som kunne grunngjeva synsmåtane sine på vitskapleg gjerd. Men han ville ikkje vita av domarskjema.

Då faste folkemusikksendingar kom i gjenge i norsk radio i 1931, vart Ørpen snart ein fast gjest der, og det vara so lenge han vann å spela reint. Han spelte inn kring 200 opptak for NRK - dei siste i 1954. Programma hans i radio var godt førebudde, og for ei ung spelemannsspire var det kjær sundags-hyggje å lyda på han. Spelet var nær fullkome, og Ørpen la fram emnet med pedagogisk musikkinnsikt og historisk oversyn i beste folkeopplysningsånd.

Felur og felestell kunne det vera so som so på den tid. Spelemenn vanta ofte medel til å kosta seg gode felur og skikkelege bogar. Mange kunne ikkje halda reidskapen i greie heller - anna dei flutte jamt og samt på stol og ljodpinne. Strengjene kunne vera utspelte og bogetaglet fullt av skit og glattsliti. Spelet vart deretter endå om reiskapen i utgangs-punktet kunne vera aldri so god. Truls Ørpen dreiv noko med felehandel og heldt att beste felune til eige bruk, og reidskapen for vel i hans hender. Då han døydde, åtte han fylgjande toppfelur: tri etter Eirik Jonsson Helland (1816-1868), ei etter bror av Eirik, Eilev J. Steinkjønndalen (1821-1876), ei etter son av Eilev, Knut E. Steinkjønndalen (1851-1902), ei etter sonen hans att, Knut K. Steinkjønndalen (1887-1967), og til sist ei etter Gunnar Røstad (1870-1947). Ørpen nøgde seg med fire understrengjer, og på ei Steinkjønndalsfele han nytta mykje, hadde K. Ø. Rudi plugga att pinneholet for femte understrengjen. Ørpen søkte gjerne opp felemakarar, Gunnar Røstad og K. Ø. Rudi, som kunne hjelpa til med å reinsa eller skifta boge-taggel, laga ny stol og gjera anna vedlikehald, når det trongst. Ørpen møtte aldri på tilet eller i Kringkastinga med ugrei fele. Det gjorde sitt til at felune ytte det beste i hendene på ein innsiktfull spelar.

Når me i ettertid ser på Truls Ørpens spelemannsverksemd, er det ting som ein kan undrast på. Han mislikte dansespel, men dermed stengde han seg ute frå dansemiljøet - eit hovudvilkår for at spelet kunne leva vidare i levande tradisjon. Glupe læregutar som kunne føra spelet vidare ser det ikkje ut til at han hadde.

/ Magne Myhren.

Master Fiddler and folk music collector

Truls Ørpen was born in Krødsherad on March 27, 1880 and died at Modum on March 28, 1958. He ran the farm Ørpen for 46 years and was a member of the municipal council for a while. He was also an active member of the local farmer’ cooperative, and in this capacity he helped establish the local dairy. He was trained as a schoolteacher, and held this position in his local community for forty years. After his wife, Karoline, inherited more land, they owned two farms at Modum for some time. He moved there in 1940. While most fiddlers were lacking in means, the people at Ørpen had substantial income from their land.

Merging traditions

Truls Ørpen, too, wanted to go beyond the Krødsherad sound. Quite early, he set out to master other styles. He learnt a lot from the Telemark fiddlers, in particular Torkjell Haugerud and Gunnulf Borgen, both from Bø. He referred to Haugerud as ‘my ideal’. Through recordings and Arne Bjørndal’s collections of sheet music, he familiarized himself with playing styles from Hordaland, Voss in particular. But of the western fiddlers, Ola Mosafinn (1828–1912) was the one who intrigued him the most. During the last summer of Mosafinn’s life, Ørpen went to Voss to visit him. This trip made a lasting impression on Ørpen.

A few years later, Ørpen acquainted himself with the playing style from Numedal, and found that the style suited him well. A major influence here was Steingrim Haukjem (1897–1968) from Veggli, whom Ørpen had employed to haul timber around 1925. Ørpen wrote down some 40 tunes from Numedal and Tinn from Haukjem’s repertory, and Steingrim learnt quite a few tunes from Ørpen as well.

 

A unique style

Drawing on the old Krødsherad sound, Sorteberg’s Telemark-flavoured playing, the traditions of Numedal and Telemark and elements of Mosafinn’s playing, Ørpen created his own, unique style. Most likely, musicologist Rikard Berge (1881–1969) had this kind of creative work in mind when he wrote of Knut Lurås and Myllarguten that they had elevated local folk music to a national art form.

Truls Ørpen met several fiddlers from Valdres, and was impressed with the playing of Nils Breitohaugen (1863–1927) from Øystre Slidre. Also, he was a frequent visitor to Hallingdal, where he held workshops. Throughout the last ten years of Ørpen’s life, Odd Bakkerud (1931–89) was an apt pupil. Ørpen had regard for Ola A. Strand (1859–1945) from Ål. Apart from this, Ørpen was mostly unimpressed with the playing in Hallingdal, although he admitted to Odd Bakkerud that Tor Grimsgard (1853–1934) must have been a talented fiddler. This led to some resentment among the Hallingdal fiddlers, particularly in Ål, although they still regarded Ørpen as an excellent performer.

 

The master fiddler

It wasn’t until he was almost 50 years old that Ørpen matured into the master fiddler some people still remember from festivals and radio broadcasts. On the other hand, he retained his powers well beyond the age of 70. When playing, he always braced the fiddle against his chest. His playing was strong, sonorous and flowing. Though his rhythm was strong and firm, it seems he never played at dances. He was careful not to let ornamentation clutter the melody, but embellished his playing with tastefully applied quavers and double-stops. His bowing was nimble, with light and unexpected turns perhaps carried over from the old home-made bows, that were very light and close to four inches shorter than a regular violin bow.

There can be no doubt that Ørpen was highly esteemed by his contemporaries. Speaking of the 1932 national championship won by Gunnulf Borgen, Hallingdal fiddler Sevat Sataøen (1892–1962), who had no great liking for Truls Ørpen, stated that ‘Ørpen played best of all.’ After a championship in Hallingdal in the fall of 1945, where Ørpen had been a judge alongside Olav Moe (1872–1967) from Vestre Slidre, the judges were called upon to play a tune or two. When Ørpen played Sortebergen, ‘he took my breath away,’ Lars Skjervheim said. ‘A great tree has fallen’ were Kjetil Løndal’s words when we met in Oslo shortly after Ørpen’s death in the spring of 1958.

 

The folk music collector

During his teacher training, Truls Ørpen learned to read music and gained a basic understanding of music theory. He learned to play the violin and was a member of the local chamber orchestra. But sheet music of Hardanger fiddle tunes did not exist until Arne Bjørndal (1882–1965) started printing his collections, the first of which was published in 1907. Ørpen was lent a copy by the chaplain in Krødsherad, Anders Hovden (1860–1943), who had obtained it from Bjørndal. Ørpen eagerly studied each new volume from Bjørndal to satisfy his hunger for tunes. He found Bjørndal’s transcriptions straightforward and informative, and by intense study of Bjørndal’s work he learned to play Hardanger fiddle tunes from sheet music.

When Ørpen himself started transcribing tunes, Bjørndal’s approach became a model for his own work. He transcribed all the tunes he could gather from his home district, both songs and fiddle tunes. Later on, he started transcribing music from other areas, especially Numedal and Telemark, directly from other fiddlers or from recorded performances. When tape recorders became available around 1950, he lost no time in acquiring one.

During the last few years of his life, Ørpen received a small government grant to enable him to continue collecting tunes. He left behind a substantial record collection, and his transcriptions of folk music, around 500 in all, are kept at the National Library in Oslo. When Arne Bjørndal set about compiling a major collection of Hardanger fiddle tunes around 1950, he brought in Eivind Groven (1901–1977) and Truls Ørpen as editors and collaborators. From 1954 until the time of his death, Truls Ørpen contributed to Hardingfeleslåttar I–VII (1958–81), a large work containing some 2,000 transcriptions; close to 300 of those are by Ørpen. He was directly involved in the first volume, published in 1958, and did some of the groundwork for the second volume, published the following year. At the same time, in 1956, he recorded 85 Krødsherad tunes for inclusion in Norsk Folkemusikksamling, a major sound archive at the University of Oslo. He also collected verbal folklore, especially accounts of musical practice, and supplied the University of Oslo with information on speech forms in Krødsherad. He was awarded a gold medal for merit in 1956 and and an honorary membership of the fiddlers’ union in 1953.

 

National championships

Ørpen entered his first championship around 1920. In 1926 he won the national championship along with Gunnulf Borgen and Lorentz Hop (1887–1954) from Fana. He also won the national championships in Oslo in 1929 and at Nesbyen in 1933. Other medalists at these meetings were Henrik Gjellesvik (1892–1964) from Haus and Eivind Mo (1904–1995) from Rauland.

Ørpen started judging in championships at about the same time he started competing. Over the years he came to be regarded as a fair and knowledgeable judge, capable of supporting his decisions with theoretical arguments.

When the Norwegian Broadcasting Corporation started broadcasting folk music programmes on a regular basis, Ørpen quickly became a household name, and remained a regular contributor for as long as he was able. In all, he made around 200 recordings for the NRK, the last in 1954. He always came well prepared, and his Sunday broadcasts were held in high regard by aspiring fiddlers throughout the country. His playing was close to perfection and his introductions presented with insight and educational flair.

 

Instruments

The quality and maintenance of folk music instruments wasn’t always of the highest order at this time. Often, fiddlers would lack sufficient means to buy first-rate fiddles and bows, and many of them lacked the skill to take proper care of their instruments beyond the most basic repair work. Strings and bows might be worn and dirty so that the playing suffered even if the instrument had been well built.

Truls Ørpen dabbled in buying and selling fiddles, and would keep the best instruments for himself, putting them to good use. At the time of his death, he owned a number of outstanding fiddles: three by Eirik Jonsson Helland (1816–1868), one by Eirik’s brother Eilev J. Steinkjønndalen (1821–1876), one by Eilev’s son Knut E. Steinkjønndalen (1851–1902), one by Knut’s son Knut K. Steinkjønndalen (1887–1967) and one by Gunnar Røstad (1870–1947).

Ørpen used only four sympathetic strings, and on a Steinkjønndal fiddle that he used a lot, K.Ø. Rudi had removed the tuning-peg for the fifth sympathetic and plugged the hole.

For maintenance, Ørpen would use the fiddle-makers Gunnar Røstad and Knut Ø. Rudi, ensuring that his instruments were always in good shape. He never brought a worn or damaged instrument to a performance.

With hindsight, Truls Ørpen’s career as a fiddler has some peculiar aspects. He disliked playing at dances, thereby estranging himself from the dance circuit, which is instrumental in maintaining a living tradition. Nor, it seems, did he find talented pupils in Krødsherad.

For this reason, some fiddlers were sceptical of Ørpen, thinking him somewhat of a bigwig compared to other fiddlers who could barely eke out a living. Ørpen held his own throughout the recession of the 1920s and 1930s that left many farmers in eastern Norway in dire financial circumstances, among them a couple of his friends, both major fiddlers: Torkjell Haugerud (1876–1954), who owned a substantial amount of forest in Seljord, pulled through the crisis with great effort, while Gunnulf Borgen (1881–1953) was forced to leave the family farm Borgja, one of the largest properties in Bø.

Truls Ørpen took to playing the Hardanger fiddle when he was seven or eight years old. His first tutors were local fiddlers Johan Kleven, Anders Vinna and Wilhelm Sorteberg. In his later years, the latter would incorporate elements of Telemark style in his playing, embellishing old Krødsherad tunes to resemble the more ornate Telemark repertory. Although Sorteberg probably lost part of his local legacy in the process, Ørpen felt that the knowledge of Telemark style had released Sorteberg’s full potential.

Magne Myhren