NRK-utgjeving

TA6CD Ola Grihamar

Hardingfelespel frå Vang

Ola Grihamar frå Vang i Valdres vidareførte det spesielle spelet i Vang som stilmessig har ein god del til felles med Indre Sogn.

TA6_-_framom_flipperspel

Ola Grihamar

Ola Grihamar d.e. vart fødd 9. juni 1910 i Skogstad i Vang og døydde 5. desember 1978. Han var eldst i ein syskenflokk på 4 brør. To av brørne vart spelemenn, Ola og Andris. Ola fekk tidleg interesse for folkemusikk og han tok til å spela då han var 13 år. Det var eit levande folkemusikkmiljø i grenda og Ola hadde mange han kunne læra av. Av dei som var lettast tilgjengeleg, kan nemnast Lars Svien, Ola og Andris Skogstad, Arnfinn Hermundstad. Boye Skeie var lærar i Øye i mange år og var ein god felespelar. Han vart også læremeister for Ola Grihamar i fleire år.

Boye Skeie hadde lært felespel av mellom andre Kristoffer Dæhli, som vart hotellvert på Bygdisheim. Boye Skeie var også blitt påverka av hallingspel. Han hadde ein fin spelestil som Ola lærte mykje av.

Andre musikalske kjelder
Men Ola hadde mange andre læremeistrar, både frå Valdres og andre stader. Då han var 14 år gamal, fekk han høyre Ivar Ringestad i bryllaupet til Ola og Maria Skogstad. Dette gjorde eit stort inntrykk på han. Seinare lærde han mange låttar av Ivar Ringestad og desse tolka han svært godt og personleg. Johan Henrik Kvam, son til storspelemannen Trond Eltun, var også ein spelemann Ola lærde mykje av. Johan Henrik var ein av dei siste i Vang som kjende bondedansen (gangar) svært godt, og han kunne mykje i denne taktarten. Han lærde også mange lyarlåttar etter Johan Henrik Kvam. Etter kvart kom Olav Moe inn i biletet, og den låtten som kanskje framfor nokon kjenneteiknar spelet til Ola Grihamar d.e., St. Thomasklukkelåtten, lærde han hjå Olav Moe. Men av Olav Moe fekk han også mange springarar, blant anna Firefingslåtten, som er ein teknisk vanskeleg springar i tradisjon etter Ola i Hamrisbrøto frå Vestre Slidre. Men Ola hadde ei stor kontaktflate. I Lærdal var det ikkje meir enn ein kjend spelemann dei åra Ola levde. Det var Jens Frydenlund, og av han fekk han læra dei to Hulabaklåttane. Dei er knytte til sagnet om Hulabakken som levde i fjellet mellom Valdres og Hemsedal. Ingen andre spelemenn frå Valdres spelte desse fine lyarlåttane. Telemarkspel høyrde han sjølvsagt mykje, og hadde samkvem med mellom anna Løndalsbrørne. Voss var heller ikkje langt unna, og både Sigbjørn Bernhoft Osa og Lars Skjervheim var det kontakt med. Ola hadde eit mykje større kontaktnett enn det som her er nemnt, og inspirasjon fekk han mange stader, men det var likevel gamalt valdresspel som vart kjennemerket hans.

Spelestil
Ikkje berre låttevalet hans, men også spelestilen ber tydeleg preg av gamalt, godt valdresspel. Det er ein eigen dåm av spelet som peikar bakover i tid og som vi ikkje høyrer mykje i dag. Springarane blir spelte med ein sjeldan tydeleg takt, men utan at det går ut over flyten i musikken. Det er tydeleg at Ola spelte mykje til dans, og at han samstundes hadde fått inn ein god spelteknikk i ungdommen. Det gjer spelet uttrykksfullt og personleg. Ein kan seia at sjølv om mange låttane er korte og nokon vil seia enkle i utforming, har han eit foredrag som mange kan misunne han. Det gjer at dei enkle låttane blir lyft høgare enn mange meir sirleg utforma og utbygde ofte kan bli. Ola spelar på ein trygg og bestemt måte. Det er som han har eit sikkert, grunnfesta bodskap å koma med. Rolf Myklebust skriv i boka ” Femti år med folkemusikk”: ”Han gav straks inntrykk av å vere ein spelemann med innhald i musikken sin. Der fanst ikkje overflatisk kling-klang, det var musikk med sjel og kjensle. Lydarslåttane hadde Grihamar spesielt godt tak på. Og så visste han kva han spelte, kjende spelemannstradisjonen og hadde alltid noko å fortelje i samband med slåttane.” Ola var også nøye med å læra låttane rett. Han ville at dei skulle overleverast på den best mogelege måten, og stilte store krav til seg sjølv, men også til dei som skulle læra dei vidare frå han.

Familie
Han vart gift med Margit Snortheimsmarken i 1940. Dei fekk tre born, Kari, Marit og Ola. Ola jr. fekk tidleg læra låttar av far sin, og er ein av dei få som fekk læra direkte frå han. Barnebarnet, Oddbjørn Skeie, son til Marit, vart også inspirert av bestefaren. Han tok seinare musikkutdanning og vart utøvar på gitar. No driv han som musikklærar. Familien dreiv garden saman, og dei dreiv turiststaden Grihamarstølen. Dei bygde ut denne til ei god turistbedrift og bygde også to bustadhus i nærleiken. Ola eigna seg særs godt til dette arbeidet som turistvert. Her kunne han få brukt evna sine til som leiar, og sine sosiale evner i samkvemmet med turistane. Ofte underheldt han for turistane med spel og sogeforteljing. Garden overtok Ola i 1934. Han var då berre 19 år gamal. Han dreiv garden godt, og saman med familien bygde han den opp til ein fin gard der sau vart viktigaste produksjonen. Alt dette arbeidet tok sjølvsagt mykje av tida, og det vart difor lite tid til overs for spel og speløving. Han sa ofte at spelet ikkje måtte ”gå ut over noko av det som var nødvendig heime”.

Utøvar
Ola vart nytta i mange år som spelemann lokalt i Valdres og sjølvsagt særleg i Øye. Fyrste gongen han gjorde opptak i NRK var i 1957. Dette har seinare vist seg å vera teknisk svært gode opptak. Han var i NRK for nye opptak i 1959, 1962, 1967, 1969, 1971. Sven Nyhus gjorde også mange opptak med Ola den tida han arbeidde i Norsk Folkemusikksamling. Ola var ikkje berre ein god spelemann. Han var også svært flink til å fortelje historier i tilknyting til musikken han spelte, noko som gjorde at han vart svært mykje nytta til underhalda i forskjellige samanhangar. I dette likna han mykje på Olav Moe, som han var mykje saman med.

Felemakar
13 år gamal hadde han laga seg fele sjølv. Dette vart ikkje siste fela han laga, men han fekk seg seinare fleire andre feler også. I 1937 fekk han ei fele laga av Kjetil Flatin. Seinare kjøpte han feler som Gunnar Røstad hadde laga. Ei av desse høyrer til dei beste av denne gode felemakaren. Den fela kjøpte han i 1960, og av tidlegare eigarar kan nemnast Lorents Hop frå Fana. Vi skjønar at han var svært nøye med at instrumentet skulle vera godt og ha ein fin klang.

Spelemannslag
Ola Grihamar d.e. var ein leiartype. I 1948 vart det skipa til spelemannslag i Øye, og her var Ola ein sentral person til å leia laget. Etter eit kurs med S B Osa i 1962 vart Valdreskvelven Spelemannslag stifta. Det fekk medlemmer frå Vang og Vestre Slidre. Eirik Steine og Ola Grihamar var av dei som ivra mest for dette. Ola vart den fyrste leiaren, og i fleire år skifta han og Knut Hemsing på å leia laget. Men den musikalske leiaren var alltid Ola Grihamar. Laget hadde på den tida og i fleire år etterpå mange gode spelemenn som medlemmer. Laget og spelemennene kvar for seg, vart mykje brukt. Dei gjorde det også godt på kappleikar. NRK gjorde mange opptak med laget, det fyrste opptaket vart gjort i 1967.

Kappleiksspel og –dømming
Ola deltok ikkje på kappleikar før i 1957. Då var han med på Landskappleiken som dette året var på Fagernes. Han rykte straks opp i A-klassen. Han var ikkje ofte med som deltakar på kappleikar seinare heller, men han vart svært ofte nytta som dommar.

Kulturarbeidar
Ola var svært interessert i lokal kultur. Mykje av æra for at Øye stavkyrkje vart restaurert, har han. Han var sjølv aktivt med på å finne byggjematerialar som eigna seg til dette. Han var også ei drivande kraft i bygginga av St. Thomaskyrkja på Filefjell. Då kyrkjene vart innvigde, Øye stavkyrkje i 1964 og St. Thomaskyrkja i 1971, spelte han St. Thomasklukkelåtten. Ved siste høvet spelte han den frå preikestolen. Ola var også med i kommunale utval og råd i ei årrekkje. Blant anna var han soknerådsformann i fleire periodar.

Tradisjonsberar
Ola Grihamar representerte ein speltradisjon som ikkje mange andre i vår tid har kjent til. Det var rett nok fleire svært gode spelemenn i Øye på den tida han levde. Men med det grundige arbeidet han la ned for å læra låttane og historia bak dei, utmerka han seg som tradisjonsbærar. Spelemennene som fekk vera saman med han i laget fekk oppleva noko av dette, men mange av dei som kjende spelet best, er no borte. For eit par år sidan kom det ut ein samle-CD med lyarlåttar frå Valdres. Her er det med opptak av Ola Grihamar. Men som vi får høyre på den plata som no kjem ut, er det så mykje meir som er samla og teke vare på av denne gode spelemannen. Det er difor svært bra at så mange av låttane Ola Grihamar spelte, no kan koma fram i lyset att. Det vil også dokumentere at Valdresspelet har hatt ein stor variasjon og breidde.

LÅTTEOMTALE
01 Nigarden, springar etter Trond Eltun (1823-1896). Ola Grihamar fortel at namnet tyder ”Låtten hass Andris nie garde”. Låtten er mest truleg berre lydfesta av Ola Grihamar, men det finnes ei notenedskrift frå 1947 gjort av Arne Bjørndal etter spelemannen Anfinn J. Kvam (1875-1954). Der går låtten under namnet ”Låtten etter gamle Nordlanden” (NFM Band 4, 136). Anfinn Kvam hadde låtten etter faren Johan Henrik Eltun Kvam (1850-1948) som var son til Trond Eltun.
02 Bonde etter Johan Henrik Eltun Kvam. Låtten er mest truleg berre lydfesta av Ola Grihamar.
03 Legdakallen, bonde etter Johan Henrik Eltun Kvam
04 Springar etter Hansegarden. Lært av Olav Moe. Nedskriven av Sven Nyhus etter Ola Grihamar i 1977 (NFM Band 7, 566). I Øystre Slidre er låtten mest kjent under namnet ”Låtten hennar Ragnhild i Rolandsgarde”
05 Kvamen, halling etter Anfin Olsen Kvame (1799-1886). Låtten er mest truleg berre lydfesta av Ola Grihamar.
06 Skjervin, bonde etter Anfinn Kvam. Låtten er nedskriven av Arne Bjørndal etter Anfinn Kvam (NFM Band 1, 56). Anfinn Kvam hadde låtter etter faren Johan Henrik Eltun Kvam. Låtten var og på repertoaret til Trond Eltun. Låtten er mest truleg berre lydfesta av Ola Grihamar.
07 Ha takk då namne for du var kar, bonde etter Johan Henrik Eltun Kvam. Felestille er låg bas (g.d.a.e). Dette var siste låtten Ola Grihamar lærde av Johan Henrik Eltun Kvam. Låtten er mest truleg berre lydfesta av Ola Grihamar.
08 Lydarlått etter Olav Moe. Olav Moe(1872-1965) hadde låtten etter Jørn Røn (1843-1911). Låtten er mest kjent under namnet ”Brurlåtten hass Jørn”
09 Jentudn små som på bryggja stå, springar etter Johan Henrik Eltun Kvam. Låtten er mest truleg berre lydfesta av Ola Grihamar.
10 Bonde etter Krøsshaugen. Lært av Jens Frydenlund (1885-1978) frå Lærdal. Låtten er mest truleg berre lydfesta av Ola Grihamar.
11 Hulebakklåtten, lydarlått etter Lars Krøsshaug. Lært av Jens Frydenlund, Lærdal, som hadde låtten etter Johan Henrik Eltun Kvam. Låtten er knytt til sagnet om ein røvar som levde i fjellet mellom Valdres og Hallingdal.
12 St.Thomasklokkelåtten, lydarlått. Ein av storslåttane til Ola. Felestille er nedstilt kvart (a.d.fiss.e). Ola lærde låtten av Olav Moe som hadde låtten etter Ola Hamre (Brøtaguten)(1819-1896). Låtten er skriven ned av Arne Bjørndal i 1946 etter Johan Henrik Eltun Kvam som hadde låtten etter faren Trond Eltun. Låtten er gjeven ut på ta:lik ved tidlegare høve med Olav Moe (TA1) og med Sigurd Eldegard (TA4).
13 Springar etter Ivar Ringestad. Ivar Ringestad (1870-1953) lærde låtten av Ola Haugset (1809-), Vestre Slidre, i 1887. Låtten er gjeven ut på ta:lik ved tidlegare høve med Harald Fylken (TA3).
14 Springar etter Knut Ringestad. Lært av Knut Ringestad (1905-1967) som var son til Ivar Ringestad. Meir kjent under namnet ”Ein av systerlåttane”. Ola Grihamar kallar ved eit høve låtten for ”Sjåheimspringar etter Knut Ringestad”, som tyder på at låtten i allefall går tilbake til spelemannen Knut B. Sjåheim (1849-1908).
15 Springar etter Andris Bunde (1850-1936).
16 Springar etter Andris Bunde. Lært av Ivar Ringestad. Låtten er mest kjent under namnet ”Nummer 1”, men vert og kalla ”Nordlanden”, sjølv om ein annan lått er mest kjent for det namnet.
17 Springar etter Ola Søyne (1813-1902). Truleg lært av Johan Henrik Eltun Kvam. Skal også ha vore av låttane som Knut Nordland (1794-1877) brukte. Låtten er mest truleg berre lydfesta av Ola Grihamar.
18 Springar etter Ola Søyne. Går og under namnet ”Søynisrengja”. Låtten er mest truleg berre lydfesta av Ola Grihamar.
19 Krøsshaugens siste lått, lydarlått. Skal ha vore siste låtten Lars M. Krøsshaug (1785-1830) spelte i heimen, før han la ut på turen som enda med at han drukna i Strandafjorden i Vang berre 45 år gammal. Dette hende den 21. mars 1830.
20 Lydarlått etter Andris Skogstad (1812-1895). Lært av Ola Skogstad (Ole Johnsen Opdal Skogstad, 1894-1972). Låtten er mest truleg berre lydfesta av Ola Grihamar.

/ Tore Bolstad


Prosjektleiing: Tore Bolstad, Frode Rolandsgard og Niels J. Røine. Mastering og produksjon: Lindberg lyd AS. Engelsk omsetjing: Mary Hegge. Grafisk formgjeving: Eva Karlsson. Økonomisk støtte: Vang kommune, Valdreskvelven spelemannslag, Valdres Folkemusikklag, Rådet for folkemusikk og folkedans, Norsk Kulturråd og Norsk folkemusikkfond. Takk til: Nils Leine for skrivearbeid og til Ola Grihamar d.y. for informasjon og utlån av bilete.

Ola_Grihamar_framfor_bussen_600_pixel

Hardanger fiddle playing from Vang

Ola Grihamar Sr was born 9 June 1910 at Skogstad in Vang and died 5 December 1978. He was the oldest of four brothers, two of whom were fiddlers, Ola and Andris. Ola had an early interest in folk music and began to play at the age of 13. There was a living folk music milieu in the neighboring area, with many fiddlers who could teach him. Among those most available were Lars Svien, Ola og Andris Skogstad, and Arnfinn Hermundstad.

Boye Skeie was a teacher in Øye for many years and a good fiddle player. He was also Ola Grihamar’s master teacher for many years. One of Boye Skeie’s fiddle teachers was Kristoffer Dæhli, who was a hotel manager at Bygdisheim. Boye Skeie was also influenced by Hallingdal fiddling. He had an excellent fiddling style, and Ola learned much from it.

Other musical sources hion.
Ola also learned a great deal from Johan Henrik Kvam, son of the great fiddler Trond Eltun. Johan Henrik was one of the last who knew the bonde dance (the Valdres form of gangar) very well and could play many bonde tunes. In addition, Ola learned many listening tunes from Johan Henrik Kvam. After a while Olav Moe came into the picture. The tune probably most associated with Ola Grihamar’s playing, “St. Thomasklukkelåtten,” he learned from Olav Moe. He also learned many springars from him, including “Firefingslåtten,” a technically difficult springar in the tradition of Ola i Hamrisbrøto, from Vestre Slidre. But Ola had a large sphere of influence.

In Lærdal there was only one well-know fiddler during Ola’s lifetime, Jen Frydenlund. Ola learned the two Hulebakk tunes from him. They are associated with the saga about Hulebakken, who lived in the mountains between Valdres og Hemsedal. No other fiddlers in Valdres played these fine listening tunes. Ola heard much Telemark music as a matter of course and was together with the Løndal brothers, among others. Voss wasn’t far away either, and Ola had contact with both Sigbjørn Bernhoft Osa and Lars Skjervheim. Ola had a much larger network of contacts than mentioned here, and he found inspiration in many places, but nevertheless the old Valdres tradition was his trademark.

Playing style
Not only his choice of tunes but also his fiddling style clearly showed the characteristics of good traditional Valdres fiddling. There’s a certain flavor to the playing that points back in time and that we don’t hear so much today. The springars are played with a special distinct rhythm that doesn’t affect the flow of the music. It is clear that Ola played much for dance and that he simultaneously mastered a good fiddling technique in his youth. It makes his playing expressive and personal. One can say that even though many tunes are short and even simply formulated, Ola has a delivery that is enviable. He lifts the simple tunes to a higher level than is often possible with many more elegantly formulated and developed tunes. He plays in a confident and decisive manner. It’s as if he is coming with a certain basic message. Rolf Myklebust wrote in the book Femti år med folkemusikk (Fifty Years with Folk Music): “He struck one as being a fiddler with substance in his music. There was no shallow, meaningless sound, it was music with soul and feeling. Grihamar had an especially good grasp of the listening tunes. And he knew what he was playing and always had something to tell in connection with the tunes.” Ola also was careful to learn the tunes correctly. He wanted to hand them down as accurately as possible, and he made great demands of himself as well as of those who learned tunes from him.

Family
He married Margit Snortheimsmarken i 1940. They had three children, Kari, Marit, and Ola. Ola Jr learned tunes from his father at an early age and is one of the few who learned directly from him. Ola’s grandson, Oddbjørn Skeie (Marit’s son), was also inspired by his grandfather. Later he studied music and performed on guitar. He is now a music teacher. Ola’s family operated the farm together, and they also ran Grihamarstølen, the mountain summer farm, as a tourist spot. They made it into a good tourist business and also built two houses in the vicinity. Ola was particularly well-suited as a host. He could use his talents as a guide and his social skills in contacts with the tourists. He often entertained them with fiddling and storytelling. Ola took over the family farm in 1934, when he was only 19 years old. He ran the farm well, and together with his family he developed it into a fine sheep farm. All this work obviously took much of his time, and there was little left for fiddling and practicing. He often said that the music mustn’t take priority over the needs at home.

Performer
Ola was used as a fiddler for many years in Valdres, especially in Øye. He made his first radio recording for NRK (Norwegian Broadcasting System) in 1957, which proved to be technically very good. He made further recordings for NRK in 1959, 1962, 1967, 1969, and 1971. Sven Nyhus also recorded Ola many times when he worked in Norske Folkemusikksamling (Norwegian Folkmusic Collection). Ola was not only a good fiddler. He was also clever at telling stories connected to the music he played, which put him in demand for entertaining in different settings. In this regard he was much like Olav Moe, with whom he was often together.

Fiddlemaker
At age 13 he made a fiddle himself. It was not the last fiddle he made, and he acquired many other fiddles later. In 1937 he got a fiddle made by Kjetil Flatin. Later he bought fiddles that Gunnar Røstad had made. One of them was among the best of this good fiddlemaker’s instruments. Ola bought it in 1960, and Lorents Hop from Fana was one of its earlier owners. We know that Ola was quite particular about having a good instrument with a first-rate sound.

Spelemannslag (Fiddling group)
Ola Grihamar Sr was the leader type. In 1948 a spelemannslag in Øye was established, and Ola was a central person in leading the lag. After a course with Sigbjørn Bernhoft Osa in 1962, Valdreskvelven Spelemannslag was founded, with members from Vang and Vestre Slidre. Eirik Steine and Ola Grihamar were among the most ardent supporters of this lag. Ola was its first leader, and for many years he and Knut Hemsing took turns at the helm. But the musical leader was always Ola Grihamar. At that time and for many years after, the lag had many good fiddlers as members. The lag and its individual fiddlers played often, and they did well in competitions. NRK made numerous recordings of the lag, the first in 1967.

Competition playing and judging
Ola didn’t didn’t participate in a competition before 1957, at Landskappleiken (the national competition), when it was in Fagernes. He advanced right away into the elite class. He seldom participated in later competitions, but he often served as a judge.

Cultural worker
Ola was very interested in local culture. Much of the credit for the restoration of Øye stave church belongs to him. He was active in finding suitable building materials for the project, and he was a driving force in the building of St. Thomas church on Filefjell. When the churches were consecrated, Øye in 1964 and St. Thomas in 1971, he played “St. Thomasklukkelåtten.” On this last occasion he played it from the pulpit. Ola also served in local government for a number of years and was foreman of the parish council several times.

Tradition bearer
Ola Grihamar represents a tradition that is not familiar to many others. There were certainly many good fiddlers in Øye during his time, but the meticulous work he undertook to learn the tunes and the history behind them distinguished him as a tradition bearer. Fiddlers who were together with him in the lag experienced his work, but many who knew the music best are now gone. A few years ago a CD of collected listening tunes from Valdres came out, which included some of Ola Grihamar’s recordings. But on this new CD we get to hear so much more of what has been collected and preserved from this good fiddler. It’s fortunate that so many of the tunes Ola Grihamar played can now come to light again. This music also documents the great variation and breadth of Valdres music.

ABOUT THE TUNES
01 Nigarden, springar after Trond Eltun (1823–1896). Ola Grihamar tells that the name means Springar of Andris from the Lower Farm. The tune is most likely recorded only by Ola Grihamar, but there is a transcription from 1947 by Arne Bjørndal after the fiddler Anfinn J. Kvam (1875–1954). There it is called “Låtten etter gamle Norlanden” (NFM Band 4, 136). Anfinn Kvam had the tune from his father, Johan Henrik Eltun Kvam (1850–1948), who was Trond Eltun’s son.
02 Bonde after Johan Henrik Eltun Kvam. The tune is most likely recorded only by Ola Grihamar.
03 Legdakallen, bonde after Johan Henrik Eltun Kvam
04 Springar after Hansegarden. Learned from Olav Moe. Notated by Sven Nyhus after Ola Grihamar in 1977 (NFM Band 7, 566). In Øystre Slidre the tune is best known by the name “Låtten hennar Ragnhild i Rolandsgarde.”
05 Kvamen, halling after Anfin Olsen Kvame (1799–1886). The tune is most likely recorded only by Ola Grihamar.
06 Skjervin, bonde after Anfinn Kvam. The tune was transcribed by Arne Bjørndal after Anfinn Kvam (NFM Band 1, 56). Anfinn Kvam had the tune from his father, Johan Henrik Eltun Kvam. It was also in Trond Eltun’s repertoire. The tune is most likely recorded only by Ola Grihamar.
07 Ha takk då namnet for du var kar, bonde after Johan Henrik Eltun Kvam. Fiddle tuning is low bass (g.d.a.e). This was the last tune Ola Grihamar learned from Johan Henrik Eltun Kvam. The tune is most likely recorded only by Ola Grihamar.
08 Listening tune after Olav Moe. Olav Moe(1872–1965) had this tune from Jørn Røn (1843–1911). The tune is most known as “Brurlåtten hass Jørn.”
09 Jentudn små som på bryggja stå, springar after Johan Henrik Eltun Kvam. The tune is most likely recorded only by Ola Grihamar.
10 Bonde after Krøsshaugen. Learned from Jens Frydenlund (1885–1978), from Lærdal. The tune is most likely recorded only by Ola Grihamar.
11 Hulebakklåtten, listening tune after Lars Krøsshaug. Learned from Jens Frydenlund, Lærdal, who had the tune from Johan Henrik Eltun Kvam. The tune is associated with the story about a bandit who lived in the mountains between Valdres and Hallingdal.
12 St.Thomasklokkelåtten, listening tune. One of Ola’s great tunes. The fiddle tuning is lower-tuned A-string (a.d.fiss.e). Ola learned the tune from Olav Moe, who had the tune from Ola Hamre (Brøtaguten) (1819–1896). The tune was transcribed by Arne Bjørndal in 1946 after Johan Henrik Eltun Kvam, who had the tune from his father, Trond Eltun. The tune is also found on earlier ta:lik recordings of Olav Moe (TA1) and Sigurd Eldegard (TA4).
13 Springar after Ivar Ringestad. Ivar Ringestad (1870–1953) learned the tune from Ola Haugset (1809– ), Vestre Slidre, in 1887. The tune is also on the ta:lik recording of Harald Fylken (TA3).
14 Springar after Knut Ringestad. Learned from Knut Ringestad (1905–1967), who was Ivar Ringestad’s son. Better known as “Ein av systerlåttane.” Ola Grihamar once called it “Sjåheimspringar after Knut Ringestad,” which shows that the tune at least goes back to the fiddler Knut B. Sjåheim (1849–1908).
15 Springar after Andris Bunde (1850–1936).
16 Springar after Andris Bunde. Learned from Ivar Ringestad. The tune is best known as “Nummer 1,” but was also called “Nordlanden,” even though another tune is known by that name.
17 Springar after Ola Søyne (1813–1902). Probably learned from Johan Henrik Eltun Kvam. Said to be one of the tunes Knut Nordland (1794–1877) used. The tune is most likely recorded only by Ola Grihamar.
18 Springar after Ola Søyne. Also goes by the name “Søynisrengja.” The tune is most likely recorded only by Ola Grihamar.
19 Krøsshaugens last tune, listening tune. Said to be the last tune Lars M. Krøsshaug (1785–1830) played, in his home, before he set out on the trip that ended in his drowning in Strandafjorden in Vang, when he was only 45 years old. This happened 21 March 1830.
20 Listening tune after Andris Skogstad (1812–1895). Learned from Ola Skogstad (Ole Johnsen Opdal Skogstad, 1894–1972). The tune is most likely recorded only by Ola Grihamar.