Buskerud

TA132CD

TA133 Knut Myrann

frå Numedal til Tinn

Det har gått mange år no sidan Knut Myrann ga ut plata «Veneflamma», den med det fine lydbiletet. No er han her igjen med ei ny plate, «Frå Numedal til Tinn». Den inneheld arkivopptak både frå NRK og frå Porsgrunnskappleiken, men òg nyare opptak av eigne komposisjonar.

Les meir
TA151CD_2400x2400

TA151 Kvedarkvintetten

Kvedarkvintetten

Den eldste av oss var 9 år og den yngste 3 då me møtte kvarandre for fyrste gong på kvedarundervisninga til Gunnlaug Lien Myhr på Torpo. Der fekk me lære artige barneregler, stev og låttestev, fengslande balladar og triste kjærleiksviser, noko som for oss ungar var ei veldig spennande verd å kome inn i. Og sidan har me sunge i lag.

Les meir / read more
ta134

TA134 Steinar Strøm

Blåmåndagen

Spennande plate frå Steinar Strøm frå Sigdal. Steinar er av dei få som fører spelemannstradisjonane i Sigdal vidare. Frå han var liten lærde han av alle dei eldre spelemennene i bygda, slik som Knut Bakke, Nils Stubberud, Gunnar Stubberud, Engebret Hiåsen, Ola Hiåsen, Torstein Lie og Per Enderud. Han er A-klassespelemann med nydelege tolkingar av tradisjonen.
 

Les meir / read more
TA130CD_digipak_DAX122XX.indd

TA130 Arne Olsen

Hør der, ja!

Arne Olsen (1940-2014) frå Numedal  lærde hardingfelespel frå fleire gamle spelemenn i Numedal som Kjell Evju, Paul Lia Han vidareførte slik ein eldre tradisjon, men utvikla også spelet i sine eigen stil. Spelet er briljant, vakkert og kraftfullt, og ei gullgruve for dei som er glade i hardingfeletradisjonene.

Les mer / Read more
TA94CD_digipak_DAX112XX.indd

TA94 Asbjørn Bratås

Variant av Flesbergingen

2. okt.

Asbjørn Bratås representerer ein detaljrik og spennande hardingfeletradisjon frå Flesberg i Numedal. ta:lik er glade for at vi har fått gje ut desse verdifulle opptaka. Med på plata er også fleire videoopptak med Asbjørn der han spelar hardingfele.

Les meir
TA80160 pixel

TA80 Gunleik Bondal & Sigurd Frogner

Kappleikspel frå Numedal og Telemark

Gunleik Bondal og Sigurd Frogner er to sentrale utøvarar i hardingfeletradisjonen i Telemark og Numedal. Plateselskapet ta:lik kjem no med ei plate med suverent gode opptak med desse to spelemennene, gjort i hovudsak på 60- og 70-talet.

Les meir
Projekt3

TA73 Hått

B-burger

Det er ikkje eit tradisjonelt gamaldansband du møter her. Gutane spelar med gamal spelestil som minnar om spelestilen i slåttemusikken. Her er eldre tonalitetskjensle, hardingfelas tradisjonelle bogestrøk og ornamentikk, småveksoppbygging og urgamal toneføring i melodiane. Les meir / english
TA70for nett 700160 pixel

TA70DVD Diverse artistar

Norsk folkemusikk frå NRKs fjernsynsarkiv

For aller første gang har NRK åpnet sitt store fjernsynsarkiv for en DVD-utgivelse med folkemusikk. Her får du møte legendariske utøvere som Torleiv H. Bjørgum, Torleiv Bolstad, Johannes Dahle, Hilmar Alexandersen, Hans W. Brimi og mange flere - opptakene, som er innspilt i perioden mellom 1960 og 1995, er blant annet hentet fra portrettprogram med de ulike utøverne. Norsk Folkemusikk - Opptak Frå Fjernsynsarkivet byr selvfølgelig på mengder av musikk, men også "hjemme hos"-besøk, dans og spikking av seljefløyte.

Les meir / read more
TA60CD_digipak_DAX112XX

TA60 Øvrevollseie, Bakkerud, Bolstad og Bøe

Slåttar frå Hallingdal og Valdres

Les meir / english
untitled

TA59 Bjørndal, Ørpen, Osa og Kjærland

Slåttar frå Voss, Hardanger og Krødsherad

Les meir / english
Projekt1

TA54 Jens Amundsen og Odd Bakkerud

Slåttar frå Telemark og Hallingdal

Les meir / english
TA48CD_booklet

TA48 Diverse artistar

Fant-Karl

Ein CD med opptak av slåtter assosiert med taterspelemannen Fant-Karl. Her finn du slåttar frå Valdres, Sogn, Gudbrandsdalen, Trøndelag og andre regionar der Karl reiste. Cd-en inneheld eit mangfold av livlege, melodiøse slåttar – ja, mange valsar - som har vore ein del av norske bygdespelemenn sitt repertoar i snart 200 år; - spela på hardingfele, vanleg fele, langeleik og torader, og tralla; - av forskjellige utøvarar fødd mellom ca.1890 og 1980, solo og ensemble.

Les meir / english
TA38CDfor nett 700160 pixel

TA38 Diverse artistar

Hallingtimen

ta:lik, NRK og Landskappleiken 2007 på Geilo har saman laga ein flott cd med folkemusikk frå Hallingdal. CD-en har fått namnet Hallingtimen og er spesiallaga for Landskappleiken 2007 på Geilo. På CD-en er eit variert utval med kveding, hardingfele, torader, trekkspel og langeleik med dei fremste utøvarane i dalen. Aldersspennet er også stort, frå 14 til 88 år.

Les meir / english
TA36CDfor nett 700160 pixel

TA36 Leif Aasane

Bygutt

ta:lik har i samarbeid med Konsgberg spel- og dansarlag og NRK hatt gleda av å gje ut ein CD med Leif Aasane frå Kongsberg. Leif Aasane er den ubestridte nestoren i hardingfelespel på Kongsberg og spelar i tradisjon både frå Telemark og Numedal.

Les meir
munnharpe booklet

TA29CD Diverse artistar

Fillevern (2CD)

Plateselskapet ta:lik er stolte av å presentere norsk munnharpehistorie, slik ho aldri har blitt presentert tidlegare. 2 CD-ar med fantastisk spanande opptak med munnharpe. Plata blir gjeven ut i samarbeid mellom NRK, Norsk munnharpeforum og ta:lik.

Les meir / read more
TA28CDfor nett 700160 pixel

TA28CD Truls Ørpen

Hardingfelespel frå Krødsherad

Truls Ørpen var storspelemannen frå Krødsherad som vart nasjonalt kjend. Ørpen tok vare på gamal speltradisjon frå området og var aktiv innsamlar, formidlar og også medforfattar av hardingfeleverket. Høyr dei unike og spanande krylling-slåttane på denne plata!

Les meir / english
TA16CD160 pixel

TA16CD Odd Bakkerud

hardingfelespel frå Hallingdal

Meisterspelemannen Odd Bakkerud frå Nesbyen sette hardingfelemusikken i Hallingdal på Norgeskartet. Den intense og velutforma musikken hans gjorde inntrykk på musikarar frå mange sjangrar. Plata vann Folkelarm-prisen i 2005 for beste dokumentasjonsplate.

Les meir / read more
ta9_-_190_pixel160 pixel

TA9CD Laget for Folkemusikk

Solo & samspill

Laget for Folkemusikk i Oslo har gjennom 100 år vore den viktigaste samlingsplassen for folkemusikarar og dansarar i Oslo. Her møttest spelemenn frå heile landet til samspel og samvær. Høgdepunkt har vi samla her!

Les meir / english