NRK-utgjeving

Projekt2

TA39 Kjetil Løndal

Løndalsspel II

Kjetil Løndal var ein av dei tre Løndalsbrørne, særs viktige tradisjonsberarar frå Tuddal i Telemark. Dette er den andre plata ta:lik har gjeve ut med Løndalsspel.

Kjetil Løndal var fødd i Tuddal 6. mai 1907 som den mellomste av sønene. I likheit med broren Olav var han med faren på spelferder i ungdomen. Han fortalde at dei til dømes var i Tinn og spela til dans i ”Den blå sal”. Seinare var han ofte i Tinn, lærde av Gisle Måremsrud, hadde stor vyrdnad for Johannes Dahle og lærde mange av hans slåttekompsisjonar – og Kjetil var all sin dag svært glad i tinndølspelet. At det var gjensidig er utan tvil: Me høyrde ein gong spelemannen Olav Øyaland sa: ”Kjetil, e´ er so glad i deg at e´ konna gnågå på deg!” Kjetil var skihoppar som brørne, og vinterstid var det lange skiturar til nabobygdene Heddal, Hjartdal, Gransherad og Tinn med feleskrinet på ryggen, og om kvelden var det fest og spel til dans. Han var tilsett som tømrar og skilærar på Tuddal Høgfjellshotell og der fekk han kjøkkensjefen Edvine som kjæraste, og etter at dei gifte seg flutte dei i 1939 til Casparis gate i Oslo der dei blei buande alle år seinare. Kjetil var vaktmeistar der, og heimen vart eit sentrum for folkemusikarar i Oslo. Klokka 13 var det pause i arbeidet. Da kom som regel spelemenn innom, og det vart spel i ein times tid kvar dag i ei årrekkje. Kjetil spela i NRK fyrste gong i 1931 og seinare i mange folkemusikkhalvtimar og andre program. Meir enn 200 slåttar spela han inn i kringkastinga. Han hadde eit spesielt utsagn når det galdt dette: ”Eg vart ikkje spelemann før eg fekk bandopptakar og hørte meg sjølv spela”. Kjetil hadde ingen periode utan spel i livet, slik mange har. Var han frisk, spela han kvar dag. Spelet hans var ljost og varmt, livleg og rytmisk briljant. Eit spesielt fenomen kan nemnast her. Han brukte tidvis bevisst ujamn rytme, særlig i gangarar i 6/8. Dette var imponerande å høyre for dei som forstod det, og det er nok svært få spelemenn som er rytmisk tilstrekkeleg sterke til å gjera han det etter. Han brukte rytmen som forteljande element i framføringa, på samme måte som melodien er det. Kjetil hadde fleire elevar. Han likte svært godt å undervise i spel og å være saman med unge menneske heilt til sin siste dag, ungdommeleg som han sjølv var - alltid full av spøk og artige kommentarar. Kjetil var óg felemakar og laga sitt første instrument i svært ung alder. Han var genuint interessert i felemakeri og var ofte til felemakarane O.K. Venaas og John H. Tjønn, og særleg ofte hos stormeistrane Olaf G. Helland på Notodden og Gunnar M.A. Røstad i Oslo. Kjetil arbeidde sjølv fine og gode feler. Og han reparerte instrument i alle år - med verkstad på soveromet i det vesle husværet i Casparis gate. Han var musikalsk leiar i Laget for Folkemusikk frå 1945 til 1980, formann i laget også i ei tid. Han var leiar i Landslaget for spelemenn i eit par år like etter krigen. Kjetil vann Landskappleiken fire gonger, i 1956, 1958, 1959 og 1966.. Mindre kjent er kanskje at han også var meisterdansar og vann landskappleiken også i dans. Det gjorde han i 1954 saman med Margit Løndal. Han var danselærar i Telelaget, der han óg var fast spelemann i ei årrekkje. Han var med på ei rad utanlandsturnéar som spelemann, til dei fleste land i Europa og til USA to gonger: 3 månaders turné med Dans ropte fela i 1961 og ein månads turné i 1972. Kjetil hadde eit stort pokalskåp frå kappleikane, og der hang også umerkingar som Torkjel Haugeruds minnepris og Kongens fortenestemedalje i gull. Kjetil spela som nemnd heime kvar dag og alltid når det kom spelemenn og gode lydarar innom. Men han var også av dei som likte eksponeringa som kappleik og konsert kunne gi. Slikt var berre ekstra inspirasjon for han, og han var aldri engstelig for det. På turnéen i USA i 1972 vart han spurt om han ikkje var nervøs for å spela for meir enn 5000 menneske i Washington D. C. ”Neida,” svara han, ”det er som å eta graut.” Då var han på jobb. Men elles var det typiske for han at han vart så lett inspirert av kontakt med lydarar. Noko av det beste Kjetil gjorde musikalsk skjedde i møtet med publikum. Eit par av innspelingane på denne CDen er frå kappleikar og syner noko av det. Kjetil døydde 29. november i 1987, 80 år gamal. Han ville avslutta livet heime, med sjukehusseng og heimesjukepleie. Då spelemennene kom til han på dødsleiet for å taka farvel, var det berre spel han ville høyre. Fleire spela for han på soveromet, og då ein spurde om det var noko anna han ynskte, kom svaret kvikt frå senga, i typisk Kjetil-stil: ”Ja, det måtte no vera ein pjolter, da!” Kjetil Løndal var ein musikalsk estetikar og ein genial formidlar. Han sa at ”ein skal snakke med felisjonen han hadde fått gjennom faren, og i pakt med tradisjonen førte han inn sin eigen farge og sitt eige sjelespråk i spelet. Ved det bar han sitt til endå vidare utvikling av løndalsspelet.a”. Fela hans, ”Røstadkjempa”, var som ein del av han sjølv.

The Løndal style

The Løndal style represents a unique branch of Norwegian traditional music, distinguished by what Tuddal writer O.J. Rui called “its supple, clean playing style and effortless fingerings.” Numerous fiddlers have seen the Løndal style as an ideal and emulated its characteristic, lyrical sound. There’s hardly a fiddler in Telemark that hasn’t been influenced by the Løndal style, and this is true for a number of other districts as well.

Svein Løndal (1864–1949) stands head and shoulders above the rest, but other fiddlers from the Løndal family, both before and since, have played in the same, characteristic style. The family came from Tinn, and its first well-known fiddler was Hølje Sveinson Leikanrud (b. 1759). He and Brynjulv Olson were Tinn’s finest fiddlers, and Hølje inherited the privilege of playing at public gatherings from Brynjulv. It was hardly idle talk when Knut Lurås (1782–1843) said: “If I’d had a Bokko bow and Leikanrud’s fingers, what a fiddler I would have been.”

Svein’s sons Olav (1904–1986), Kjetil (1907–1987) and Einar (1914–2006) all became fiddlers.

Kjetil, the middle of the three, was born in Tuddal on May 6, 1907. Like Olav, he travelled with his father to gigs in his youth. Kjetil has reminisced about going to Tinn to play in the “Blue Room”. Later on, he visited Tinn frequently, studied with Gisle Måremsrud and became greatly impressed with Johannes Dahle, learning many of his original tunes. Kjetil was fond of the Tinn style all his life. There can be no doubt that the admiration was mutual. Fiddler Olav Øyaland was once overheard saying: “Kjetil, I love you so much I could eat you up!”

Like his brothers, Kjetil was an active ski jumper, and winters ment long ski treks to the neighbouring districts of Heddal, Hjartdal, Gransherad and Tinn with his fiddle case on his back, playing at dance gatherings in the evenings. Working as a carpenter and ski instructor at the Tuddal mountain hotel, he fell in love with the hotel chef, Edvine. They married, and in 1939 they settled permanently in Casparis gate in Oslo. Kjetil was the building’s caretaker, and their home rapidly became a meeting-place for folk musicians in Oslo. At 1 PM every day, Kjetil would take a break from work, and usually one or more fiddlers would drop by to play for an hour or so. This daily routine was maintained for many years.

Kjetil made his first appearance on Norwegian radio in 1931, and returned frequently to perform on the regular folk music show and in other settings. He recorded more than 200 tunes for the NRK (the Norwegian broadcasting corporation), and once said, perhaps surprisingly: “I didn’t become a true fiddler until I got a tape recorder and could hear my own playing.”

Unlike many other fiddlers, there was no time in Kjetil’s life when he didn’t play regularly. Unless he was ill, he would play every day. His playing was bright and warm, lively and rhythmically brilliant. A unique characteristic was his deliberate use of rhythmic irregularities, especially in gangar tunes in 6/8 meter. This greatly impressed those who understood what he was doing, but probably very few fiddlers are sufficiently rhythmically advanced to follow his lead. He used rhythm as a narrative element in his performance, just as melody might be. Kjetil had several students. He enjoyed teaching the fiddle and being around young people till the day he died. Ever a youthful spirit, he was a fountainhead of jest and witticisms.

Kjetil was a fiddle-maker as well, and made his first instrument while still very young. He was genuinely interested in fiddle-making, spent much time with fiddle-makers O.K. Venaas and John H. Tjønn, and paid especially frequent visits to the grand masters Olaf G. Helland, Notodden, and Gunnar M.A. Røstad, Oslo. Kjetil himself made good, sturdy fiddles and ran a repair shop in the bedroom of the tiny apartment in Casparis gate.

He was musical director of the Society for Traditional Music from 1945 to 1980, and was also the society’s president for a while. He was president of the National Association of Fiddlers for a couple of years just after W.W.II. Kjetil won the national championships four times, in 1956, 1958, 1959 and 1966. It is perhaps less widely known that he was also a master dancer, winning the national dance championship in 1954 with his partner Margit Løndal. He was a dance instructor with the Telemark Club, and for years he was also the club’s regular fiddler. As a fiddler, he accompanied the club on a string of tours, covering most of Europe and twice visiting the USA: a three-month tour with the show Dans ropte fela in 1961, and a one-month tour in 1972. Kjetil had a large cabinet filled with championship cups and other awards such as the Torkjel Haugerud Memorial Award and his gold medal for meritorious services.

As mentioned, Kjetil would play at home every day, and always played whenever fiddlers or good listeners dropped by. By he also enjoyed the exposure offered by championships and concerts, which only served as an extra inspiration, and never caused him any concern. While on tour in the US in 1972, he was asked if the thought of playing to more than 5,000 people in Washington, D.C. made him nervous. “Not at all,” he answered, “no more than eating porridge.” To him, this was just another job. Yet a hallmark of his playing was his ability to draw inspiration from his audience. Kjetil made some of his best performances while facing an audience, as demonstrated on a couple of tracks on this CD, recorded at championships.

Kjetil Løndal died on November 29, 1987, at the age of 80. He insisted on ending his days at home, in the care of a home nurse. When the fiddlers came to his deathbed to pay their respects, all he wanted was to hear them play. Several of them played for him in his bedroom, and when asked if there was anything else he wanted, his answer was quick and typically astute: “Not unless you can fix me a drink.”