Eller som Hans Olsen frå Andørja (fødd 1882) fortalde til folkedansforskar Egil Bakka: «Beinan sette dei i lufta og forskjellig. De kunne spenne i taket med ein fot. Dei dansa vrangvegen og rettvegen. Det var ikkje mange som var borti den, og så måtte det vere armslag for det gjekk så vilt for seg, berre eit og to par samtidlig.»

I eit par hundreår har polsdansen vore brukt til fest og spetakkel, og det har vore gjort eit godt arbeid av arkiv, organisasjonar og enkeltpersonar med å vidareføre musikken og dansen til nye generasjonar av utagerande nordlendingar. Nokre av dei beste spelmennene i landsdelen i dag, har fanga variasjonen og rytmikken i dei ulike slåttane, og gjeve dei sitt eige særpreg. Plata syner eit regionalt bidrag til ei danse- og musikkform som for ei stund sidan var popkultur i heile Norden, og som framleis får heile kroppen til å rykke i polstakt.

Med denne plata håpar vi å gjere dei nordnorske polsdansane endå meir tilgjengelege for dans- og musikkelskarar i landsdelen, heile fedrelandet og i det store utland. Lyst heile natta!

/ Sigurd Johan Heide

Idé og initiativ: Folkedansfestivalen 2011 i Bodø
Prosjektleder: Terje Foshaug, Folkemusikk Nord
Kunstnerisk ansvarlig: Ragnhild Furebotten
Miks og master: Store Studio AS ved Are Simonsen
Grafisk design: Eva Karlsson
Forsidefoto: Hans M. Kanstad utlånt av Bård Ytterstad
Økonomisk støtte: Nordland ungdomsfylking, Finnmark ungdomslag, Troms ungdomsfylking,
Sørfold danserlag, Bø barneleikarring, BUL Bodø, Bodø folkedanslag, UL Framsyn og Norsk Kulturråd.
Spelmenn og spelkvinner: Susanne Lundeng, Julie Alapnes Normann, Ragnhild Furebotten, Vegar Vårdal, Leif Egil Andreassen, Mikal Lundemo, Ståle Paulsen og Målselv Spelmannslag.

Takk til: Ola Graff, Sigurd Johan Heide, Bård Ytterstad, Roald Rendmælmo, Tor Magne Hallibakken, Kysten Studio, Fred Endresen, Odd Andreas Tofteng, alle musikerne som har bidratt, Ta:lik og Halvdan Sivertsen for lån av «tittel»!