Press

Pressemelding Sandumbrørne:

Møyllmål

Fredag 25. januar slepper Hans og Øyvind Sandum plata Møyllmål på Folkemusikktreffen i Vågå. Plata inneheld 99% tradisjonsmusikk foredla med 0,002 % borsyre. (potetmel)


TA107CD_DAX112XX.indd
Klikk bilde for stor versjon | Klick photo for bigger version

Sandum-brørne Hans, fødd 1980, og Øyvind, fødd 1982, kjem frå Lalm i Vågå kommune, og er oppvaksne i ein heim og eit lokalsamfunn der folkemusikken har hatt ein sentral plass. Foreldra er gode dansarar og folkemusikkutøvarar, og særleg mora, Ingebjørg, er flink til å spela fele med gode kappleiksplasseringar frå ungdomstida. Ho kjem frå Garmo i Lom og er av solid folkemusikkslekt, så det er rimeleg at Hans og Øyvind har mykje tradisjonsmusikk frå grannebygda i tillegg til Lalm . Foreldra i tillegg til andre i nær familie vart difor ein viktig inspirasjon for brørne. Båe byrja å spela da dei var rundt 10 år, og det er naturleg at dei har spelt ein del saman, også på konkurransar med gode plasseringar. Dei har eit aktivt musikkliv bak seg og har vore med i fleire spel- og dansarlag, i ulike gammaldansgrupper og har elles spelt mykje til dans. Denne solide bakgrunnen og er faringa viser seg i ein god og spenstig rytme og sans for detaljar i musikken. Dei er trufaste mot tradisjonen, men har også laga leikje sjølve.

HANS spelar fele og har vore A-klasse-spelemann sidan 2001. Han har delteke på mange Landskappleikar og mindre kappleikar, og som medlem av Kolden & co var han med og vann Landsfestivalen i gammaldansmusikk i 2002.

ØYVIND spelar trekkspel, både torader og femrader. Han har teke utdanning i folkemusikk, fyrst folkemusikklinja på Vinstra og deretter Ole Bull Akademiet på Voss. Han har spelt i ulike gammaldansgrupper, lengst i Nordafjells, og har vore med på å vinne landsfestivalen i gruppespel. Ikkje minst har han mange sigrar i klassa for torader solo, og nå i 2012 vann han kongepokalen på Landskappleiken på Otta. Det er naturleg at han både har sin eigen cd og elles har vore med på mange produksjonar. I tillegg må det nemnast at han også er god springleikdansar og har gode plasseringar frå fleire kappleikar.

Meir informasjon, video og pressebilder på www.talik.no

Musikarane: Øyvind Sandum: 9577 4037 / sandumen@gmail.com Hans Sandum: 9062 5517 / hans.sandum@gmail.com

Pressekontakt: Niels J. Røine 9202 4439 / niels.roine@talik.no

The Sandum Brothers - release 25. January in Vågå

a good, dynamic rhythm and a sense for detail in the music The Sandum brothers Hans, born in 1980, and Øyvind, born in 1982, are from Lalm in Vågå township, and grew up in a home and a local community where folk music held a central position. Their parents are good dancers and folk musicians, and their mother, Ingebjørg, is particularly good at playing fiddle, with good kappleik placings from her youth. She comes from Garmo in Lom and is from a solid folk music family, so it is natural that Hans and Øyvind have a great deal of traditional music from the neighbouring district in addition to Lalm.

Their parents, as well as other members of their family, were therefore an important inspiration for the brothers. Both of them began playing when they were around 10 years old, and they have naturally played quite a bit together, including in competitions, where they have earned good placings. They have an active life in music behind them and have participated in several folk music and dance groups, in various gammaldans groups, and have other wise played a great deal for dance. This solid background and experience is made evident in a good, dynamic rhythm and a sense for detail in the music . They are faithful to the tradition, but have also composed tunes themselves.

HANS plays fiddle and has been an A-class fiddler since 2001. He has participated in many landskappleikar (Nor way’s annual national folk music competition) and smaller kappleikar, and as a member of Kolden & co he won Landsfestivalen i gammaldansmusikk in 2000.

ØYVIND plays accordion, both two-row diatonic and five-row chromatic button accordion. He has taken an education in folk music, studying first in the folk music program in Vinst ra and then at the Ole Bull Academy in Voss. He has played in various gammaldans groups, longest in the group Nordafjells, and has won landsfestivalen in ensemble playing. Not least, he has won the class for solo two-row button accordion many times, and in 2012 he won the royal trophy a t Landskappleiken in Ot ta. It is natural that he both has hi s own CD and has other wise contributed on many productions. In addition, it must be mentioned that he is also a good springleik dancer and has earned good placings at several kappleikar.

More information, video and photos: www.talik.no

Musicians: Øyvind Sandum: + 47 9577 4037 / sandumen@gmail.com Hans Sandum: + 47 9062 5517 / hans.sandum@gmail.com

Press contact: Niels J. Røine + 47 9202 4439 / niels.roine@talik.no