Musikken er energifull, tankefull, drivande, var og utforskande, og repertoaret spenner seg frå springarar og gangarar til salmer, viser og bånsullar. Bandet har spelt i lag sidan 2015 og har vore på fleire av dei store folkemusikkscene- og festivalane i Norge.

Morgonrode består av Helga Myhr (hardingfele og sang), Selma French Bolstad (nøkkelharpe, hardingfele og sang), Rasmus Kjorstad (oktavfele), Fredrik Luhr Dietrichson (kontrabass) og  Andreas Skår Winther (slagverk). Dei blandar tradisjonell folkemusikk med improvisert musikk og eigenskrivne låtar.

To singlar har alt tjuvstarta platesleppet:
Kitte, Kitte:
Spotify: https://open.spotify.com/track/1pmBiYqJ9qHKBauvii0Qfb?si=4524UIS3T_GCQA-sa85i8g

Tora:
Spotify: https://open.spotify.com/track/2kg9otZniSNlYFbxpVqmkJ?si=oM-VWpJuRGy2809kL21ESw