Kvar einaste sommar, frå me var heilt små, fekk eg og
syster mi, Anne, vere med på kappleikar og festivalar,
dansefestar og danseøvingar. Mor og bestemor lærde meg
å danse, far og bestefar lærde meg å spele. Det måtte
gå som det gjorde.
Bestefar inviterte meg kvar veke til lekse- og
torada rkafé. Me rekna matematikk, åt middag, drakk
kaffi og spelte toradar. Seinare fekk eg mitt første
kromatiske trekkspel, og etter to år med iherdig øving
starta eg ved folkemusikklina på Vinstra vgs. Her møtte
eg eit fantastisk miljø med musikksvoltne jamaldringar
frå heile landet. Tom Willy Rustad styrte skuta, og
kursen vart sett mot Norges Musikkhøgskole (NMH).
På NMH var det hardt arbeid, uendelege øvingsøkter
og mykje nytt som skulle lærast. I tillegg til kyndig
rettleiing frå mellom andre Jon Faukstad og Jo Asgeir
Lie, har mine dyktige og kunnskapsrike medstudentar
vore med på inspirere mi utforsking av
folkemusikkverda.
Slåttane du får høyre på denne plata er slåttar eg
har spelt sidan eg var liten, slåttar eg nettopp har
oppdaga, slåttar eg har lært av andre, og slåttar eg
har funne i gamle notebøker. Gamle slåttar og nye
slåttar. Håpar det fell i smak.
Ole