Ole Olsen Fykse var fødd 12. juli i 1879 i »Nyastovo« på garden Fykse, Søndre tun i Kvam ved Hardangerfjorden. Vegen er smal til Fyksegrenda og terrenget brattlent og er ikkje så lett å få auga på når ein køyrer Rv7 langs fjorden frå Ålvik mot Øystese. Ein må vita kvar ein skal. Eit lite vegskilt viser veg til Klyve. Oppover går det i krappe svingar og snart viser Fyksegardane seg fram. Grenda har både skule og ungdomshus, og i dag kan ein òg få tinga seg tradisjonskost i eit framifrå vertshus.
I si tid gjekk det største steinskredet etter istida gjennom Fykse og på bøane ligg store steinblokker som minnesmerke. Her vaks Ole Olsen Fykse opp. Foreldra, Marita f. Sjursdotter Klyve (1856-1939) og Ole Olavson Fykse (1856-1925) fekk tre born. Ole var eldst, og jordagut, men overlot gardsdrifta til bror sin Sjur som som var fire år yngre. Likefullt budde Ole på garden i »Nyastovo« og arbeidde der det meste av sitt liv.

Ole Olsen Fykse var svært musikalsk gåverik og folkesongen fekk han inn med morsmjølka då den første læremeisteren hans mora Marita, eller »Malla« i dagleg tale, song for han. Dei
fleste folketonane han sat inne med hadde han etter henne. Etter folkeskulen på Fykse gjekk han på Framhaldskulen i Norheimsund (1895-1896). Sidan bar det avgarde til Bergen der han
gjekk på musikklina ved underoffiser-skulen og spelte nokre år i divisjonsmusikken. Musikken skulle verta hans store interesse.