LARS SKJERVHEIM (1915–2003),
Myrkdalen, Voss

Han vaks opp med musikk i heimen. Kjell, ein eldre bror, lærde slåttar direkte av sambygdingen, meisterspelemannen Sjur Helgeland. Gjennom broren fekk Lars tak i dei første slåttane i Helgeland-tradisjonen. Seinare fekk ungguten læra meir etter same kjelde gjennom andre spelemenn i bygda.
Men det var Sigurd Borge som Lars Skjervheim lærde mest av. Han var og frå Myrkdalen og ein velynda elev av Sjur Helgeland. Som smågut høyrde Lars Skjervheim Helgeland spela. Det vart eit minne for livet og eit ideal å tøye seg etter.
Lars Skjervheim har ein rik slåttetradisjon frå dei ulike Vossabygdene, og han lærer villig ifrå seg til yngre spelemenn. Han er og mykje nytta lærar på spelemannskurs i andre bygdelag på Vestlandet. Lars Skjervheim spelar ofte til bryllaup og andre festlege lag og er fast spelemann ved danseframsyningar og offentlege folkemusikktilskipingar på Vossevangen. Har mange 1. premiar frå store kappleikar.

SLÅTTAR FRÅ VOSSABYGDENE
Lars Skjervheim, hardingfele

01. Springar etter Sjur Helgeland
(Grindeguten)
Prenta i Arne Bjørndals Nsl. Skal prentast
som nr. 517 i Nfm. Hfs. b. 7. 10 ulike
variantar. Mest kjend under namnet
Tukthusen. Andre namn: Åttekrossen (Tinn),
Kari Kantebakke (Heddal), Rokketuppen
(Haugerud). Elles oppskrifter frå Sigdal,
Krødsherad, Bø og Setesdal.

02. Vossarull etter Ola Mosafinn
Nfm. Hfs. B. 3 nr. 151 a. Etter Isak Rokne,
Voss. Slåtten er kjend også i Suldal. Ekte
Vestlandsslått. Er velkjend elles i alle
hardingfelestrok, serleg varianten Sevle’n.
4 og 8-takts-periodebygnad peikar mot
Austland og fjordbygdene nordover.

03. Nøringen, brureslått
etter Ola Mosafinn. Nfm. Hfs. B. 1 nr. 90 a.
Mosafinn hadde slåtten etter Isak Rokne. Dei
spela denne slåtten i bryllaup om morgonen
andre bryllaupsdagen. Folk var gjerne trøytte
etter dansen heile notti og trong ein lydarslått
å kveikje seg på. Derav namnet Nøringen.
Slåtten går på trollstilt.

04. Kjepphesten, springar
etter Ola Mosafinn. Skal prentast i Nfm. Hfs.
B. 7 nr. 508 f. Er elles prenta i Bjørndals Nsl.
Variantforhold til Nordlendingen, som er
kjend i Telemark og Ragnhild Hægard etter
Knut Dahle. Denne vestlandsformi er svært
uregelrett i takten. Det fins 8 variantar.
Kjepphesten er ei svært sjølvstendig form.

05. Rekveen, rull etter Nils Rekve
Nfm. Hfs. B. 1 nr. 109. Slåttenamnet er etter
den kjende spelemannen Nils Rekve frå
Vossestrond. Variantar av slåtten finns både
på vestlandet og i Telemark.

06. Sjur i Dammen,
springar etter Sjur Helgeland
Nfm. Hfs. B. 5. nr. 397 a og b syner at slåtten
ogso har vore brukt i Hallingdal. Mykje brukt
danseslått. Her er formi uvanleg, med fire
8-taktsperiodar.

07. Gamleslåtten,
brureslått etter Sjur Helgeland
Nfm. Hfs. B. 1 nr. 21. Første taket mest det
same som første taket i Skuldalsbruri.
Seljefløyte-melodikk.

08. Havbrusen,
springar etter Sjur Helgeland
Nfm. Hfs. B. 5 nr. 323. Periodebygning som i
Austlandsslåttane med to 8-takt-periodar. Det
uvanlige her er fem 8-taktsperiodar.

09. Bjølleslåtten,
brureslått etter Ola Mosafinn
Prenta i Nfm. Hfs. B. 5 nr. 419 b og c. Kallast
Billehusen i Hallingdal, og er i slekt med
grålysingsslåttar i Valdres. Er nytta som
brureslått ved riande brureferd. Feleklangen
blanda seg med klangen på dombjøllene.
Sjølve slåtten kling som bjøller. Dette skriv
seg frå veksling mellom to parallelle dur-
tersar, som tilsaman dannar tritonus på
grunntonen. Det heng mykje saman med med
felestillet, som er trollstilt. Sjå ogso Nfs.
Hfs. B. 5 s. 287, Opplysningar.

10. Storeslåtten, halling etter Sjur Helgeland
Prenta i Bjørndals Nsl. Denne her er rikare
og bør koma i etterraksten i B. 9. Periode-
bygning 1- og 2-taktsperiodar. Første taket er
mykje det same som 1. taket i Asle-Knut frå
Hallingdal. God danseslått.
Alle opptaka er gjort i NRK i 1970.


TORLEIV BOLSTAD (1915–1979),
Øystre Slidre, Valdres

Spelar mange slåttar i tradisjon etter sambygdingen Ola Okshovd. Har elles slåttar frå alle Valdres-bygder. Sidan 1966 folkemusikkinstruktør i Valdres. I denne stillinga har han samla eit rikt tilfang med opptak av folkemusikk og opplysningar om spelemenn og slåttar i Valdres. 1. premie på mange store kappleikar. Mykje nytta som spelemann til folkedansframsyningar i Noreg og utlandet.

SLÅTTAR FRÅ VALDRES
Torleiv Bolstad, hardingfele

11. Springar etter Bustebakken
(Torstein Olson Hegge)
Mykje brukt danseslått. Naturskala.
2-takts vek. Typisk 3/8-3/8-2/8-rytme.

12. Lea deg, lea deg, gamle Ola, halling
Sikkert gammal slått. Er utbreidd i mange
bygder, serleg Telemark, der han ha fleire
namn, som Moghusen med stev: «Hutte meg
tu, sa Moghusfela. Når Olav æ dau, må Tarjei
spela». Eit anna namn er Ramskei-fyla. Sterkt
innslag av naturskala.

13. Springar i Øystre Slidre-form
Visseleg typisk Øystre Slidre-slått. Svært
lite kjend. 8-taktsperiodisk. Ein underleg
kappestrid med dominant-tonearti.

14. Ho Guro, lydarslått etter
Nils Beitohaugen
Innslag av tak frå Skuldalsbruri og Rekveen,
især den siste. Verkar som nyare dikting. Er
elles interessant med stadig skifting millom
stor og halvhøg septim.

15. Purkekragen, springar
Interessant rytmisk. 4-taktsperioden dannar
eit rytmisk spenn. Dei to fyrste taktene i
strofa er markert tung tung lett, medan dei
to neste har jamne tidsverdiar. Dette rytme-
prinsippet er i bruk i Gudbrandsdalen.
4-takts-perioden dannar ei råme kring ei
rekkje 2-takts-vek.

16. Jonsokdagen, springar
etter Ola Okshovd. Typisk Øystre Slidre.
Slåtten ikkje kjend utanom Valdres. Jamn
3-delt rytme. Gjennomførd naturskala.

17. Gamle brureslåtten hans Jørn Hilme
Svært lite kjend. Mest brukt i Vestre Slidre.
Karakteristisk for Vestre Slidre er dei lange
strøka. I Øystre Slidre var det stuttare
bogedrag. Durskala-system. Mykje veksling
med dominanten.

18. Sylkjegulen, springar etter
Bendik i Nøen
(trad. Olav Moe i Aurdal). Bendik i Nøen var
ein fatiggut. Han og mor hans budde i ei
jordhole. Men guten hadde rik musikkgivnad.
Jørn Hilme heldt honom for å vera beste
læreguten hans. Ogso her er sterkt rytmisk
bølgjegang der sterkt markerte, ujamne
figurar vekslar med heilt regelrette. Tendens
til modulasjon til underdominanten.

19. Fagerdalen, springar etter Ola Okshovd
(Gamalt namn: Bikkjelåtten). Namnet
Fagerdalen etter ein dal der oppe ved Bygdin.
Jon Robøle sette dette nye namnet på slåt-
ten. Ola Okshovd har bygd han ut etter ein
eldre liten slått. Variant av Grimelien og
Markensmåndagen. Er ogso nærskyld
Lårdalsbryggja eller Flesbergen. Blir prenta
i Nfm. Hfs. B. 8 nr. 524 d.

20. Lydarslått etter Ola Okshovd
I slekt med bonde-slåttane. 2 vendingar.
Vekslar millom dur og lydisk.

21. Den store salmen, springar
Sannsynleg typisk Øystre Slidre-tradisjon.
Nokso jamn takt, nærast tung-lett-lett. Kjede
av 5 to-taktsperiodar, med små avvik ved
oppattak.
Alle opptaka er gjort i NRK i 1971.


ORGINALUTGJEVING – FLP 9:
Redaktør og produsent: Rolf Myklebust
Opptak: NRK 1970–1971, utgjeve på FLP 9 i 1971
Tekst om slåttane: Eivind Groven
Tekst om utøvarane: Rolf Myklebust
Framsideteikning: Kari Rolfsen
Utgjeve av RCA Victor i samarbeid med NRK

NYUTGJEVINGA – TA55:
Produsent og redaktør: Gunn Sølvi Gausemel, NRK
Prosjektleiing: Frode Rolandsgard, ta:lik
Lydrestaurering og mastring: Terje Hellem, NRK
Grafikar: Eva Karlsson
Engelsk omsetjing: Svein Svarverud
Økonomisk støtte: Norsk kulturråd og Rådet for folkemusikk og folkedans
Takk til Lisa Halvorsen for konsulentbistand til serien.

78 plater, EP- og LP serien «Norsk folkemusikk» vart utgitt av NRK og plateselskapet RCA mellom 1953 og 1974. Nyutgjevinga av serien blir gjort av NRK og plateselskapet ta:lik, i samarbeid med Arne Bendiksen records.
 

Lars Skjervheim and Torleiv Bolstad - fiddle music from Voss and Valdres


LARS SKJERVHEIM (1915–2003),
Myrkdalen, Voss
Skjervheim came from a musical family. His older brother Kjell was tutored by master fiddler Sjur Helgeland, and introduced Lars to the Helgeland tradition. Later on, the youthful Lars acquired more Helgeland material from other fiddlers in the area. Lars Skjervheim’s principal mentor was Sigurd Borge, also from Myrkdalen and one of Sjur Helgeland’s favourite pupils. While a young boy, Lars heard Helgeland play, instantly gaining a memory for life and an ideal to strive for.
Lars Skjervheim knows an abundance of tunes from the various Voss communities, and is only too happy to pass them on to younger fiddlers, frequently teaching courses around Western Norway. He is often seen playing at weddings and other gatherings, and appears regularly at dance shows and traditional music events at Vossevangen. He has won several major
championships.

TUNES FROM THE VOSS AREA
Lars Skjervheim

01. Springar after Sjur Helgeland
(Grindeguten)
Printed in the Arne Bjørndal Collection; to
be published as Nfm. Hfs. B. 7 nr. 517 [the
abbreviation refers to a major collection of
transcripts of Norwegian traditional music:
Norsk folkemusikk. Hardingfeleverket. “B.”
denotes “Volume”; “nr.” is the Norwegian
equivalent of “No.”]. 10 different versions
exist. Frequently known as Tukthusen;
also known as Åttekrossen (Tinn),
Kari Kantebakke (Heddal), Rokketuppen
(Haugerud). Transcripts from Sigdal,
Krødsherad, Bø and Setesdal are also
in existence.

02. Vossarull after Ola Mosafinn
Nfm. Hfs. B. 3 nr. 151 a. After Isak Rokne,
Voss. The tune is also known in Suldal.
A genuine example of the Western Norwegian
tradition, well known throughout all
Hardanger fiddle territories, especially in the
version known as Sevle’n. The 4- and 8-bar
phrases indicate that the tune has its origins
in Austland and the fjord communities to the
North.

03. Nøringen, bridal march
after Ola Mosafinn. Nfm. Hfs. B. 1 nr. 90 a.
Mosafinn learnt the tune from Isak Rokne.
This tune would be played in the morning
on the second day of a wedding, when the
guests were tired after dancing all night and
in need of a listening piece so they could
relax a bit. The tune employs “troll” tuning.

04. Kjepphesten, springar
after Ola Mosafinn. To be published as Nfm.
Hfs. B. 7 nr. 508 f. Also appears in the
Bjørndal Collection. Related to Nordlendingen,
known from Telemark, and Ragnhild Hægard,
after Knut Dahle. This West Norwegian form
employs distinctly irregular meter. Eight
variations exist. Kjepphesten is a highly
divergent form.

05. Rekveen

06. Sjur i Dammen, springar after
Sjur Helgeland
It is apparent from Nfm. Hfs. B. 5 nr. 397a
and b that the tune has also been in use in
Hallingdal. Popular dance tune with an unusu-
al form, consisting of four eight-bar phrases.

07. Gamleslåtten, bridal march
after Sjur Helgeland
Nfm. Hfs. B. 1 nr. 21. The first section
is almost identical to the opening of
Skuldalsbruri. The melody draws inspiration
from the Norwegian willow flute.

08. Havbrusen, springar after
Sjur Helgeland
Nfm. Hfs. B. 5 nr. 323. The structure
resembles that of the Austland tunes, but
with five eight-bar phrases instead of the
usual two.

09. Bjølleslåtten, bridal march
after Ola Mosafinn
Published as Nfm. Hfs. B. 5 nr. 419 b and c.
Known in Hallingdal as Billehusen and related
to the Valdres dawn tunes. Frequently used
to accompany equestrian bridal processions,
where the sound of the fiddle would mix with
the sound of sleighbells. The tune itself has
a bell-like quality stemming from the
alternating parallel major thirds combining
into an augmented fourth. The tune employs
“troll” tuning. Cf. Nfs. Hfs. B. 5, p. 287.

10. Storeslåtten, halling after
Sjur Helgeland
Printed in the Arne Bjørndal Collection.
The structure is built around one- and two-bar
phrases. The first section closely resembles
the opening of the Halllingdal tune Asle-Knut.
An excellent dance tune.

TORLEIV BOLSTAD (1915–1979),
Øystre Slidre, Valdres

Although weighted towards the legacy of Ola Okshovd, Bolstad’s repertoire covers all of the Valdres communities. A traditional music instructor in Valdres since 1966, Bolstad has collected a large amount of recordings and information relating to Valdres fiddlers and tunes. Bolstad has won several major championships and is a frequent contributor to traditional music shows both in Norway and abroad.

TUNES FROM VALDRES
Torleiv Bolstad, Hardanger fiddle

11. Springar after Bustebakken
(Torstein Olson Hegge)
Popular dance tune based on the harmonic
series. Two-bar phrases in characteristic
3/8-3/8-2/8 rhythm.

12. Lea deg, lea deg, gamle Ola, halling
Definitely an old tune, and known throughout
many communities, especially in Telemark,
where it goes under a number of different
names: Moghusen and Ramskei-fyla, to name
but two. Natural harmonics are prominent.

13. Springar in the Øystre Slidre tradition
A typical, though little known, Øystre Slidre
tune with eight-bar phrases, presenting a
strange duel between tonic and dominant
keys.

14. Ho Guro, concert piece after
Nils Beitohaugen.
Probably a recent piece, incorporating
elements from Skuldalsbruri and Rekveen.
Frequent shifts between major and (raised)
minor sevenths are a prominent feature.

15. Purkekragen, springar
An interesting four-bar rhythmic structure
where the first two bars have accents on the
first and second beat, while the last two bars
have even values. This rhythmic principle
comes from Gudbrandsdalen. The four-bar
period provides the framework for a series of
two-bar phrases.

16. Jonsokdagen, springar
after Ola Okshovd, typical of Øystre Slidre.
The tune is not known outside of Valdres.
Even triple meter and a consistent natural
harmonic scale.

17. Gamle brureslåtten hans Jørn Hilme
A fairly obscure tune known mostly from
Vestre Slidre, as is evidenced by the broad
strokes. Bowing techniques in Øystre Slidre
used shorter strokes. Major diatonic scale
with frequent modulations to the dominant.

18. Sylkjegulen, springar after
Bendik i Nøen
(trad. Olav Moe, Aurdal). Bendik i Nøen was a
young boy living in dire poverty in a cave with
his mother, but endowed with a prodigious
musical talent. Jørn Hilme considered him his
best student. Here, too, rhythmic tension is
achieved through the juxtaposition of
strongly accented, uneven phrases with an
even pulse. The tune shows a tendency
towards modulation to the subdominant.

19. Fagerdalen, springar after Ola Okshovd
(Originally known as Bikkjelåtten). The name
Fagerdalen, after a valley in the vicinity of
Bygdin, is attributed to Jon Robøle. Ola
Okshovd created this version by embellishing
an older, shorter tune. The tune is a variant of
Grimelien and Markensmåndagen, and also
related to Lårdalsbryggja and Flesbergen.
To be published as Nfm. Hfs. B. 8 nr. 524 d.

20. Concert piece after Ola Okshovd
Two sections, alternating between major and
Lydian scales.

21. Den store salmen, springar
Typical of the tradition from Øystre Slidre.
Rhythmically it is close to even triple meter.
The structure consists of five two-bar
phrases with slight variations on repetition.

The series “Norsk folkemusikk” comprises a number of 78s, Eps and LPs released by the NRK and RCA Records between 1953 and 1974. The recordings by Lars Skjervheim og Torleiv Bolstad were originally released as an LP in 1971 (FLP 9).