Etter
krigen vart det skipa fleire spelmannslag i dette området, Skåbu spelemannslag
i 1958, Vinstra (1961), Ringebu (1963), Fron (1964),
Lillehammer (1967), Gausdal (1977) og Vardkampen spelmannslag
(1986) med utøvarar i hovudsak frå Tretten-Øyer. Det var spelmannslag i
Kvam ei tid også. Dette vitnar om rike musikalske tradisjonar. I 2018 er
aktiviteten redusert i fleire av desse laga, men nye har kome til. I 2018
er Sør-Fron spelemannslag og Mukampen spelemannslag mellom landets
fremste med mange solospelmenn. Det var likevel slik at rekrutteringa
minka etter krigen, da posisjonen og prestisjen til denne musikkforma
i området var fallande. Samfunnet var i sterk endring. Men
folkemusikken i bygdene levde, sjølv om han ikkje var så synleg for eit
stort publikum.
I 1992 vart det etablert eit folkemusikkarkiv på Hundorp etter mange
år med systematisk innsamlingsarbeid. Landslina i folkemusikk vart
flytta til Vinstra vidaregåande skule i 1998.
Spora etter spelmenn går attende til 1700-talet i denne delen av
Gudbrandsdalen. Den landskjente trekkspelaren Oddvar Nygaard (1919–
1985) frå Sør-Fron brukte noko av denne musikken i kvartetten sin frå
1964. 1970-talet vart også ei oppvakningstid for folkemusikken i området.
Rekrutteringa kom med eit idealistisk opplærings- og innsamlingsarbeid.
Brorparten av opptaka som ligg til grunn for denne CD-plata, vart
gjort på 1970- og 1980-talet, nokre så tidleg som i 1931 med Pål og
Ivar Kluften. Opptaka med brørne Redvald og Hjalmar Fjellhammer frå
Sør-Fron, «Dokkakarane», er dei beste og rikaste. Det gamle stoffet var
der.