KATALOG

TA133CD&DVD

TA133CD & DVD Kristine Valdresdatter

Stumfilmen Kristine Valdresdatter

Filmen Kristine Valdresdatter kom ut i 1930, og var den siste stumfilmen som kom ut i Norge. Filmen var basert på boka med same namn av Harald Foss frå 1886, og vart regissert av Rasmus Breistein. Filmen vart slakta av kritikarane, men ein stor publikumssuksess. Anders Erik Røine laga ny musikk til filmen, som eit bestillingsverk til Jørn Hilme-stemnet i 2013. Her er både film og musikk!

Medmusikarar til Anders Røine er Marit Karlberg, Sondre Meisfjord og Hans Hulbækmo.

I rollene ser vi mange av dåtidas fremste skodespelarar m.a. Aase Bye (Kristine), Rasmus Rasmussen (lensmannen), Tore Foss (Harald Bergli), Sigurd Eldegard (Peder Bergli), Hjalmar Fries (lord Wakefield), Signe Johansen (Kristine som barn), Per Haldor (Harald som barn), Emma Juel (kona til lensmannen),  Peter Leirah  (presten), Tora Leirah (prestekona), Ole Leikvang (Skolemesteren), Carl Hagerup Aspevold (Ola Vik kjentmann), Signe Ramberg (Kari Fjelstugu), Helga Balle Lund (Anne budeie), Kristian Aamodt (Anton Møller, lensmann) Ørnulf Øiseth (Tolleif, en bondegutt) Mildred Mehle (en bondejente) samt mange statister fra Valdres.