KATALOG

TA120

TA120 Agnes Buen Garnås:

Sull

Ei fantastisk samling av barnesongar frå Telemark, presentert med tekstar og illustrasjonar i ein dobbel cd. Inkludert er også ein flott film som viser Agnes som underviser ungar i song. Agnes Buen Garnås blir rekna som landets fremste folkesongar, og fekk Norsk kulturråds ærespris i 2005.

... Sull kan vera det ein kved, med eller utan ord. Det kan òg vera ei nemning på personen ein kved for, gjerne eit lite born. Ein som kved/syng mykje, kan kallast ein sullar. Men det kan òg vera nytta om ein som tar livet litt for lettvint (slik slettes ikkje mange kvedarar gjer). Sull kan riktig nok ha noko av det uhøgtidlege, improvisatoriske i seg. Slik ein kved/syng for nokon ein er trygg på, kan hende til dei som medverkar. Barn er dei beste medverkarar. Slik har vel truleg alle bånsullar oppstått. Verdas vakraste kjærleiksongar, seier Sondre Bratland, som veit kva han snakkar om.

I om lag ti år laga eg program for barn mellom 0–3 år. Program som innehadde mange uttrykksformer. Bildande kunst, forteljing, dans, song og musikk. Og det er sullar og songar frå desse programma eg i stor grad har med her på «Sull». Desse prosjekta har eg skrive meir om på www.agnesbuen.no.

Det har vore mykje song og musikk i heimen også, så barn og barnebarn har òg folkemusikk og dans som sine uttrykksformer. Moro og naturleg å ha dei med. Å lytte er å synge «Å lytte er å synge (konkret: nynningen som ikke er til å unngå hvis man, i enerom, hører den samme låten tilstrekkelig mange ganger). Som om det skjer når vi hører på sang, er at noe i oss begynner å synge. Noe som ellers er stumt. Vi lytter ikke bare, vi synger, vi også. Å høre er å synge med. Som om sang(er)en fremkaller en annen stemme i oss, en som ellers ikke er tilgjengelig for oss, en vi ikke har tilgang til, som vi ellers ikke klarer å gjøre bruk av. Som om sangen skaper, eller fremkaller, en dobbeltgjenger,vårt syngende alter ego, så å si. Inni hver sang er det en sang. Inni hvert menneske som lytter til musikk, er det en sanger, som synger med. Og det må være, etter mine ukristelige begreper, det nærmeste vi mennesker kommer en form for nåde». Stig Sæterbakken 2011: Depress. Block to Block. Dette er av det vakraste eg har lese om å synge, eller å kveda. Slik føregår og mykje av den levande kvedartradisjonen. Vonar «Sull» også kan gi deg lyst til å lyde og sulle, syngeog leite i gamle og nye skattekammer.

Her kan de sjå ein fin kortfilm om songopplæringa til Agnes. Filmen vann "Filmpolitiets kortfilmpris i 2014!"
http://www.nrk.no/video/kortfilm_sing_lingeling/7A110002895D5976/

/ Agnes Buen Garnås