Mari Skeie Ljones frå Jørstadmoen på Fåberg har lenge tenkt det var på tide at denne musikken blei spelt inn og har jobba med å finne fram ukjende perler. Ho spurde Nina Fjeldet frå Åndsreppen i Østre Gausdal om ho ville vere med å lage plate, og heldigvis hadde Nina tenkt liknande tankar. Men dei ville ha med seg fleire til å spele hitane frå heimbygda, og i lag med lillehammeringane Johannes Selvaag og Camilla Granlien vart Svartevja til.

Fiskestaden Svartevja ligg like ved plassen Mari vaks opp, og er ikkje langt frå der Gausa og Lågen møtest. Gruppa Svartevja spelar låtane som fiffen dansa til på ball, medan bygdafolket stod utanfor vindauget og lytta og såg; og dei spelar springdansen og galoppen som vart spelt på husmannsplassen. Bygdespelemannen var med begge plassar, og det er han som er helten vår.

Dette er ei plate med Nina og Mari i duo, Johannes, Nina og Mari i feletrio, Camilla, Johannes og Mari i trio, ei felles skillingsvise og ein solo menuett med Mari. Velkommen til Svartevja, og musikken frå Sør-Gudbrandsdalen