NYHENDE

1

Aastad Bråten

Til Ragna

Vår reise inn i langeleikverda var intens. Vi ville lære alt. På ein gong. Vi tok til oss kunnskap. Åt det. Fortærte det. Høyrde på kassettar og CD-plater av gamle spelekvinner og spelemenn. Oppretta kontakt. Inviterte oss heim til spel og mat. Og prat. Vi deltok på kappleikar, drog på dansefestar, tok på oss hotelloppdrag og styreverv. Vi var besette.

Mykje har endra seg sidan dei fyrste spelekveldane hjå onkel Jørgen i Ranheimsbygda. Vi spelar ikkje like mykje i dag som vi ein gong gjorde. Leikane ligg oftare enn før pakka ned i kassene sine, under senga. Ikkje fordi vi har mist gløden eller interessa, men fordi livet tek nye retningar, endrar seg, fyllest med noko nytt – nett slik langeleiken fekk plass i livet vårt for litt over 20 år sidan. Det er òg naturleg. Men instrumenta og låttane og ikkje minst miljøet har fått ein stor plass i livet vårt sidan. Musikken har teke bustad i oss, og han har vore med på å forme oss som dei vi er i dag. Det blir aldri borte. Takk til alle som tok imot oss, som lærte bort kvar tone, som inviterte oss med inn i eit miljø som har vore som ein heim for oss sidan. Å spela langeleik er ikkje berre ei musikalsk ytring. Det er så mykje, mykje meir.
/ Ole og Knut Aastad Bråten

Langeleik også kalla langhørpe og langspil, er eit strengeinstrument i form av ein siter som har ein lang, smal resonanskasse, med eller uten botn, og talet strenger kan variere. Normalt dreier det seg om éin melodistreng med tverrband under og sju akkompagnementsstrengar. Instrumentet er truleg frå mellomalderen og var utbreidt over heile landet , men det er berre i Valdres at instrumentet overlevde i levande tradisjon til i dag.

Ole og Knut Aastad Bråten (f. 1976) frå Valdres, er i dag landets fremste utøvarar på det gamle instrumentet langeleik. Dei er ikkje profesjonelle musikarar; Ole arbeider som direktør for Valdresmusea, medan Knut er redaktør for samfunnstidsskriftet Syn og Segn. Saman er dei samfunnsengasjerte, aktive i politikk og i samfunnsdebatten på ei rekke område. Langeleiken er med dei på mange av desse områda, og det er ikkje skryt å seia at dei har revolusjonert musikken og instrumentet!

Lytt, og bli overraska!

Plata er tilgjengeleg på platekompaniet, spotify, wimp, iTunes etc frå 12. juni. Offisiell platesleppfest 2. juli på Førdefestivalen.

www.talik.no / info@talik.no