KATALOG

TA121 Aastad Bråten

Til Ragna

Vår reise inn i langeleikverda var intens. Vi ville lære alt. På ein gong. Vi tok til oss kunnskap. Åt det. Fortærte det. Høyrde på kassettar og CD-plater av gamle spelekvinner og spelemenn. Oppretta kontakt. Inviterte oss heim til spel og mat. Og prat. Vi deltok på kappleikar, drog på dansefestar, tok på oss hotelloppdrag og styreverv. Vi var besette.

TA121CD

Mykje har endra seg sidan dei fyrste spelekveldane hjå onkel Jørgen i Ranheimsbygda. Vi spelar ikkje like mykje i dag som vi ein gong gjorde. Leikane ligg oftare enn før pakka ned i kassene sine, under senga. Ikkje fordi vi har mist gløden eller interessa, men fordi livet tek nye retningar, endrar seg, fyllest med noko nytt – nett slik langeleiken fekk plass i livet vårt for litt over 20 år sidan. Det er òg naturleg. Men instrumenta og låttane og ikkje minst miljøet har fått ein stor plass i livet vårt sidan. Musikken har teke bustad i oss, og han har vore med på å forme oss som dei vi er i dag. Det blir aldri borte. Takk til alle som tok imot oss, som lærte bort kvar tone, som inviterte oss med inn i eit miljø som har vore som ein heim for oss sidan. Å spela langeleik er ikkje berre ei musikalsk ytring. Det er så mykje, mykje meir.
/ Ole og Knut Aastad Bråten

 

3

Det var ein gong

30. juni 1976 kom det tvillingar i Brøta, høgt oppe i åskanten over Fagernes. Dei vaks rett nok opp nede i sjølve bygdebyen, men far deira, Tor, overtok seinare bruket, og dit flytte dei etter kvart.
Bestemor i Brøta, Borghild, spelte gitar og song. Broren Jørgen spelte fele, og det gjorde far deira også. Lenger bak i slekta var Ragnhild i Viken, som var hovudkjelda på langeleik for Ludvig Mathias Lindeman då han var på innsamling i Valdres i 1848. Det visste rett nok ingen av dei om før i seinare år, men kanskje var det likevel ei medverkande årsak til at gamleonkel Jørgen tidleg på 1990-talet kom til å laga seg fleire langeleikar?
Knut var hjå onkel Jørgen og lærte seg ein liten lått. Då Ole høyrde det, kunne ikkje han vera dårlegare. Sidan har dei drive kvarandre framover, til ein førebels topp då Knut vann kongepokalen på Landskappleiken i 2006, og Ole møtte konsentrert og godt førebudd neste gong det var kongepokal i eldre folkemusikkinstrument – og tok han i 2014. Så hadde dei ein kvar.
På vegen har dei lært av mange og varierte kjelder. Etter ei grunnleggjande innføring av onkel Jørgen gjekk dei ei tid hjå Kari Lønnestad. Ho er frå Bø i Telemark, men var lærar på folkemusikklina på Valdres vidaregåande skule. Seinare lærte dei av Bergljot Hedda Lunde frå Etnedal. Ho hadde eit teknisk spel som passa Brøtagutadn godt. Gjennom arkivopptak har dei seinare utvida repertoaret sitt med teknikk og klangeksperimentering etter Ola Brenno frå Sør- Aurdal og Olav Snortheim frå Vestre Slidre.
Etter mykje spel må leiken til pleie og vedlikehald, og slik kom dei i kontakt med instrumentmakar Oddrun Hegge og etter kvart systera Gunvor frå Øystre Slidre. Det vart avgjerande for framtida, og systrene har sidan vore dei viktigaste læremeistrane deira. Gunvor og Oddrun gjorde dei ikkje berre til langeleikspelarar, men til mangesidige deltakarar i folkemusikkmiljøet.
Bedehussongen etter bestemor i Brøta har dei også teke fatt i og ført vidare. Eit samarbeid med songaren Bodil Haug frå Ål i Hallingdal har ført til konsertar og ein CD, Snart lyset sig mon svinge, i 2005.
/ Ingar Ranheim

 

5

Ole and Knut Aastad Bråten (1976–) are from Valdres

Ole and Knut Aastad Bråten (1976–) are from Valdres and have played langeleik since they were 16 years old. They both have connections to a number of tradition lines, including Ola Brenno (1865–1957) and Olav Snortheim (1911–1988). Their main teachers have been Oddrun (1961–) and Gunvor (1955–) Hegge, as well as Bergljot Hedda Lunde (1978–). Together they have contributed to an upswing for langeleik music in Norway during the past 20 years.
Knut and Ole have won the class for langeleik at Landskappleiken (Norway’s annual national folk music competition) a total of 10 times. In 2006 Knut won the royal trophy at Landskappleiken in Beitostølen. Ole won the royal trophy in 2014 at Landskappleiken in Geilo. Both brothers have participated in competitions and concerts throughout Norway, and they have contributed on several recordings, including Snart lyset sig mon svinge (2005) and I jolo (1998). Knut and Ole both hold master’s degrees in cultural history from the University of Oslo.