KATALOG

TA157CD

TA157 Leif Inge Schjølberg

Tjorhæl´n

Leif Inge Schjølberg frå Vågå er fødd i 1966. Som åtteåring byrja han på felekurs hos Hans H Holen i Vågå, og elles lærte han av bestefar sin, Leif, og far sin, Ivar Schjølberg, som òg er av dei fremste spelmennene våre, med bl. a. Kongepokal. Vi skjønar at slåttemusikken er ein arv som ligg i slekta.

 

Leif Inge vart med i Vågå spelmannslag, men skjønte tidleg at han måtte gå til einskildutøvarar for å få tak i leikar og studere ulike spelemåtar. Han lærte av Ola K. Flaten, Petter Eide, Ola Opheim, Jacob Skogum, Mathias Bergsvendsstuen, Hans H Holen og Kristian Gården.

Leif Inge har eit stort og allsidig utval av slåttar, både dei eldste leikane og gammaldans-musikk. Sjølv om det meste er frå Vågå, har han òg slåttar frå andre stader, t. d. frå heimtraktene til faren, Ålen i Sør Trøndelag. Nemnast må det elles at han har laga leikar sjølv.
 

Spelet til Leif Inge er utovervendt og storfelt, men samstundes spelar han vàrt der det høver til musikken. Han har eit personleg uttrykk med vekt på ornamentikk og variasjon. Ikkje minst er han oppteken av detaljane i leikene. Han legg opp til eit spel som har appell både til å lyde på og danse til.

I mange år har han vore fele- spelmann i Visdals kvintett, ei gruppe som har spelt mykje til dans og delteke på mange tevlingar. Gruppa har ein kassett og to Cd-ar bak seg og har tre sigrar i gruppespel på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Tre gonger har han vunne klasse A på landskappleiken og tre gonger distriktskappleiken. Elles har han reist og halde konsertar i Sverige og Danmark og har halde kurs i England og USA fleire gonger. Leif Inge har fått Norsk folkemusikkfonds pris for unge utøvarar, Hilmar Alexandersen sin minnepris og Kulturprisen for Gudbrandsdalen. Han har 2 solo utgjevingar ?Storsagje? og ?fele-ljom?.

På denne cd'en vil det bli slåttar som for det meste ikkje har vore utgjeve tidlegare. Dei fleste er lært av Jakob Skogum og nokre er lært frå opptak av Jakob sin læremester Per Brenden. Det er oftast fleire former på slåttane og Leif Inge prøver å ta det "beste" frå fleire former. Dansbar springleik er ofte mangelvare på utgjevingar og det vil bli lagt på at det meste her skal vera dansbart.