KATALOG

Print

TA122 Svermere

Tonekratt

Tonekratt er den trea utgjevinga til Svermere. Gruppa ligg i skjæringspunktet mellom folkemusikk og jazz, med framifrå utøvarar frå fleire sjangrar. Aslak O. Brimi frå Lom spelar fele på plata. Som ein av landets fremste spelemenn set han eit tydeleg folkemusikkstempel på uttrykket.

Albumet er eit resultat av fleire års djupdykk i gammal og ny slåttemusikk. Mange slåttar har vore under lupa; dei har blitt vridd og vrengt; og resultatet er ein mikstur av tradisjon og nyskaping. Det vart eit underfundig og svermerisk møte mellom folkemusikk, jazz og litt rock.

Det har gått fire år sidan førre album med denne leikande gjengen. I mellomtida har dei mellom anna vore med på viseprosjektet Fjellblomen, samt hatt tre ulike speleprosjekt i Namibia og Malawi. Det nye albumet har låtmateriale frå Ottadalen, Trøndelag og Sogn, samt nokre svenske og nokre sjølvlaga innslag. Viktige slåttekjelder er Hans W. Brimi, Hilmar Alexandersen og Amund Bjørgen.

Svermere lar seg inspirere av ulike spelemenn og artistar både frå fortida og samtida, og resultatet vert ein liten labyrint av tonar og rytme - eit tonekratt.

Aslak O. Brimi – fele 
Svein Tore Werstad - saxofon
Torbjørn Netland - gitar
Eirik Mathias Husum - bass
Eirik Hoff Walmsness - trommer

Releaseturné:
8/3: Utgard Fleirbrukshus, Lom
9/3: Dale-Gudbrands Gard, Sør-Fron
12/3: Øyna, Inderøy
13/3: Riksscenen, Oslo
21/3: Chagall, Bergen
22/3: Sælen Kirke, Fyllingsdalen
23/3: Tre Brør, Voss

www.svermere.no / www.talik.no