NRK-utgjeving

TA51CD_digipak_DAX112XX

TA51 Diverse artistar

Trollviser og Kjempeviser

Den første plata i serien Norsk folkemusikk. Her tek dei for seg Trollviser, ridderviser, kjempeviser og dyreviser frå heile landet, og du får mellom anna møte songarar som legendariske Brita Bratland, Høye Strand og Ingebjørg Liestøl.

Norske folkeviser

Til ekte folkeviser reknar vi som oftast berre dei fortellande (episke) visene frå mellomalderen, men nokre nyare viser blir stundom tekne med mellom folkevisene. Ein stor del av desse siste er av humoristisk karakter. Det som er mest typisk for dei norske folkevisene frå mellomalderen er det ein kan kalle trollviser. Dei skildrar gjerne ei ferd til trolleheimen eller trollebotnen, slik er det t.d. i visa om Åsmund Frægdegjæva. Mange viser bygger på norrøne soger, det er fortellingar som har fått si litterære form i mellomalderen. Emnet for slike soger kan vere norrønt, men vi har også i vår mellomalderlitteratur ei rekke omsette, romantiske soger. Slik finn vi at folkevisene både bygger på heimleg tradisjon og på kulturlån utanfrå.

Det er livet i mellomalderen som er skildra i visene, og fleire viser fortel om historiske hendingar. Av eigentlege historiske viser har vi likevel berre få. Dei vi har, går om hendingar kring år 1300. Det historiske grunnlaget er ofte så omlaga og så blanda med dikt at ein stundom kan ha vanskar med å kjenne att dei hendingane som visa fortel om, for visene bøyer hendingane inn under lovene for eit diktverk. I Norden kom folkevisa opp saman med riddarlivet, og det var derfor naturleg at mange viser henta emne derifrå. Men sidan riddarlivet aldri vann inngang fullt ut i Noreg, er dei fleste av riddarvisene i norsk tradisjon av dansk og svensk opphav. Men dei har tidleg nått til oss og vunni seg heimstadrett der. Som oftast er dei omsette til bygdamål.

Dei visene vi kallar kjempeviser er av ein annan karakter, og desse visene bygger i det meste på gammal norsk tradisjon, tru og tenkemåte. Helten eller kjempa syner finsleg framferd, vågemot og offervilje. Visene fortel nok om mangt vilt og uhyggeleg, men dei mjukare strengene tonar attom og døyver det harde. Til desse visene høyrer m.a. «Heming og Harald kongjen» og «På Dovrefjell i Norge».

Folkevisene lærer oss korleis folk tenkte og trudde i mellomalderen. I heilagvisene møter vi katolisismen, som er rette trua for folka i folkevisene. Til denne gruppa høyrer vår finaste folkevise, visjonsdiktet Draumkvædet. Visa om Stolt Margjit høyrer også hit, det er av dei visene som har komi utanfrå. Men sterkare enn religiøs tru i folkevisene, er dei folkelege truene og førestillingane. Kring mennesket var det etter folketrua ei anna verd, der det budde mange slag overnaturlege vette, risar og gygrar, bergekonge, alvefolk og haugebonde, nykk og havfru. Alle desse representerer makter som er farlege for mennesket. Mennesket kan gå under i kampen, men det kan også vinne over vetta. Ei urikkande lagnadstru ligg alltid attom.

Folkevisene vart sungne, derfor er versemålet fritt. Det finst både to-lina og fir-lina strofer. Dei har enderim, men det krevst berre assonans. Til strofen høyrer det jamt eit omkvede, ei eller fleire versliner som blir tekne oppatt ved alle strofene. Omkvedet kan anten vere teki or lyriske innleiingsstrofar til sjølve den fortellande visa – eller det med få ord kan gje grunnstemminga i visa. Fleire viser har ei lyrisk innleiing som fell utanfor sjølve viseemnet, det heng saman med folkevisedansen. Både folkevisa og dansen som høyrde til var noko nytt i vår nordiske kulturkrins. Dei norske folkevisene har ofte sprang i handlinga, dei toppar seg i visse episodar som er livfullt utmåla. I slike einskilddrag er det noka sterkt og storfelt, ofte originalt. Folkevisene viser den litterære kulturen vi hadde i mellomalderen. Dei har derfor verdi både som kunstverk og som historisk minne.

/Olav Bø

BERGTAKINGSVISE
Brita Bratland (1910–1975),
Vinje, Telemark, vokal
01.Venelite og Bergjekongen
Opptak: 09.09.1958, Edland, Vinje.

HEILAGVISE
Brita Bratland, vokal
02.Stolt Margjit
Opptak: 04.06.1959, Edland, Vinje.

RIDDARVISER
Brita Bratland, vokal

03.Liti Kjersti som stalldreng
Opptak: 05.06.1959, Edland, Vinje.
Signe Liestøl (1890–1972),
Vinje, Telemark, vokal

04.Far og dotter
Opptak: 01.11.1954, studio, Oslo.

DYREVISER
Gunvor Uleberg (1891–1983),
Åseral, Vest-Agder, vokal

05.Tor Brynjulf og fluga
Opptak: 23.04.1957, studio, Kristiansand.
Aslak Høgetveit (1912–2006),
Vinje, Telemark, vokal

06.Reven og bjørnen
Opptak: 17.10.1954, studio, Oslo.
Edvard Ruud (1907–2001),
Elgsnes, Troms, vokal

07.Kråkevisa
Opptak: 09.12.1958, studio, Tromsø.
Rønnaug Vangen (1898–1988),
Lom, Gudbrandsdalen, vokal

08.Låvgrisen
Opptak: 26.10.1958, studio, Tromsø.
Jens Røynlid (1899–1989),
Åseral, Vest-Agder, vokal

09.Den store stuten
Opptak: 12.10.1955, Setesdal.

TROLLVISER
Høye Strand (1891–1972),
Ytre Seljord, Telemark, vokal

10.Åsmund Frægdegjæva
Opptak: 09.05.1938, studio, Oslo.
Gunvor Uleberg, vokal

11.Heiemo og Nykken
Opptak: 23.04.1957, studio, Kristiansand.
Ingebjørg Liestøl (1900–1996),
Åseral, Vest-Agder, vokal

12.Nykken han sette seg på ein stein
Opptak: 12.10.1955, Espeli, Åseral.
Rønnaug Vangen, vokal

13.Horpa
Opptak: 12.09.1958, Bøverdalen.
KJEMPEVISA
Brita Bratland, vokal

14.På Dovrefjell i Norge
Opptak: 04.06.1959, Edland, Vinje.

RIDDARVISE
Edvard Ruud, vokal

15.Lagje og Jon
Opptak: 09.12.1958, studio, Tromsø.

The ballads

We usually regard the “folkeviser”, the ballads proper. As being the narrative epiclyrical ballads from the Middle Ages, but sometimes we also include some songs of a more recent date. Many of these songs are of a humorous character.

The most characteristic specimens among the Norwegian medieval ballads are the so-called “trollviser” (songs about trolls). Generally they tell about a journey to “Trolleheimen” or “Trollebotnen” (the home of the trolls) as is the case in the ballad about Åsmund Frægdagjeva. Many ballads have taken their theme from old Norse sagas, stories which developed their literary form during the Middle Ages. The topic of these sagas may be Norse, but in our literature from the Middle Ages there are also several translated, romantic sagas. Thus we find that the ballads are based on local tradition as well as on cultural loans from abroad.

The ballads tell about life in the Middle Ages and some of them describe historical events. There are, however, only a few real historical ballads: these refer to events about 1300. The historical foundation is, however, frequently transformed or confused with fiction to such a degree that it is sometimes difficult to identify the events described. This is the result of a free use of poetic licence.

In Scandinavia the ballad grew up simultaneously with the medieval system of knighthood, and thus it was only natural that many ballads took their theme from the life of chivalry. But since the system of knighthood never won full admittance in Norway, most ballads of chivalry in Norwegian tradition are of Danish or Swedish origin. However, they soon reached Norway and settled there, frequently being translated into dialects.

The ballads called “Kjempeviser” (songs about giants) are of another character and are mostly founded on old Norwegian tradition, faith and way of thinking. The hero or the giant behaves nobly, he is bold and self-sacrificing. Certainly the ballads describe rather wild and savage adventures, but underneath milder tones are heard, softening the hard. Among ballads of this kind are, for instance, “Heming og Harald Kongjen” (Heming and King Harald) and “På Dovrefjell i Norge” (In the Dovre mountains in Norway). The ballads tell how people thought and believed in the Middle Ages. In the “heilagviser” (holy songs) we meet Catholicism the only true religious faith to the people of the ballads. In this group we find our finest ballad, the visionary poem “Draumkvædet” (Dream Lay). In this group we alsp include the ballad about “Stolt Margjit” (Proud Margjit), which is one of the ballads imported from abroad.
However, popular faith and popular ideas are stronger in the ballads than religion. According to popular conception there is another world outside the human world which is inhabited by supernatural beings of many kinds, giants and giantesses, mountain kings, fairies and hillfolk, Nixie and mermaid. They represent forces dangerous to mankind. Humans may be destroyed in the struggle, but they may also conquer these supernatural beings. The ballads always contain a convinced fatalism.

The ballads were sung, therefore the metre is rather free. There are two-lined as well as four-lined verses. They have terminal rhyme, although assonance between the rhyming words is sufficient. The stanza generally has a refrain, one or more lines, which is repeated after each verse. The refrain may be taken from lyrical stanzas forming an introduction to the narrative ballad proper – or it may express the main mood of the ballad in a few words. Several ballads have a lyric introduction which falls outside the ballade theme itself: this has connection with dancing to ballads. A ballad with its own dance was something new in Scandinavian civilisation.

Norwegian ballads are often somewhat disconnected, they show breaks in the action and concentrate upon certain decisive episodes which are vividly depicted. These parts of a ballad have the imprint of something strong and great, often highly original. The ballads bear witness to our literary culture in the Middle Ages and are of great artistic and historical value.

/Olav Bø