NYHENDE

Plateslepp på Jørn Hilme-stemnet 27. juli!

Valdresspel i Amerika

Under den store norske utvandringstida – ein periode som varte frå ca. 1825 til 1925 – emigrerte rundt 60 hardingfelespelemenn frå Valdres til Nord-Amerika. Denne utgjevinga inneheld slåttar frå repertoara til fem av dei fremste utvandra spelemennene frå Valdres, Arne Steinsrud (1799–1878), Bendik i Nø’n (1827–1882), Knut Sjåheim (1849–1908), Trond Eltun (1823–1896) og Oscar Hamrey (1884–1943). Låttane er tolka av hardingfelespelar Laura Ellestad frå Canada!

TA127CD_digipak_DAX122XX.indd
TA127CD

Desse fem spelemennene var viktige tradisjonsberarar av hardingfelespelet frå Valdres, og i det nye heimlandet fann dei unike og innovative måtar å dele musikken sin på. I mange år har eg vore fascinert av desse utvandra spelemennene, og prosessen med å grava i musikken og den personlege bakgrunnen deira har vore eit stort eventyr for meg. Eg har jobba med å gjenskapa repertoar etter desse spelemennene ved å bruke ulikt kjeldemateriale, som til dømes notened skrifter og lydopptak. Min eigen spelestil spelar òg ei vesentleg rolle i tolkingane av slåttane. Slåttematerialet på plata er såleis ein spennande, og lite kjend, del av hardingfeletradisjonen frå Valdres.

Laura Ellestad
Laura Ellestad er fødd i 1982 og er oppvaksen i Calgary, Alberta, Canada. Ellestad er eit gardsnamn øverst i Vestre Slidre i Valdres, der ho har slektsrøter på farssida. Ho begynte å spela fiolin, men vart gripen av hardingfela då ho høyrde Tore Bolstad frå Øystre Slidre, som var i Calgary og heldt kurs. Så flytte ho til Valdres for å arbeide på gard og spela hardingfele. Ein allergi gjorde slutt på gardsarbeidet, men felespel vart det. Ho spelte mykje til dans, og utvikla eit reint, klårt og taktfast spel. Frå 2008 studerte ho tradisjonsmusikk på Ole Bull Akademiet på Voss, med ferdig bachelor i 2012. Ho heldt fram på Norges musikkhøgskole i Oslo, der ho granska musikken og aktivitetane til hardingfelespelemenn som utvandra frå Valdres til Amerika, med ferdig master i utøving med fordjuping våren 2014. Ho har gått i lære hjå nokre av dei fremste hardingfeleutøvarane i landet, mellom andre Tore Bolstad, Jan Beitohaugen Granli, Håkon Høgemo og Leif Rygg. I 2005 vart ho vinnar av The Hardanger Fiddle Association of Americas Ole Bull Scholarship, og i 2009 vart ho tildelt Torleiv Bolstads minnestipend for unge spelemenn i Valdrestradisjon. Laura Ellestad er mykje nytta både på konsertar og til dansespel, på øving, kurs og kappleik, og har ei omfattande verksemd som utøvande musikar og
feleinstruktør både her i landet og i utlandet, særleg i Nord-Amerika.
/ Ingar Ranheim

Laura Ellestad [fotograf Janne Hoem] 2_400x600
Laura Ellestad Foto: Janne Hoem

Valdresspel in America

During the main period of Norwegian emigration to North America – an era spanning from approximately 1825 to 1925 – around 60 Hardanger fiddle players from the Valdres
district emigrated to North America. This recording presents interpretions of tunes from the repertoires of five of the foremost emigrant Hardanger fiddlers from Valdres:
Arne Steinsrud (1799–1878), Bendik i Nø’n (1827–1882), Knut Sjåheim (1849–1908), Trond Eltun (1823–1896), and Oscar Hamrey (1884–1943). All five fiddlers were important bearers of the Hardanger fiddle tradition from Valdres (a tradition I have chosen to call valdresspel), and each of them found unique and innovative ways to share their
music in their new homeland.
For years, I have been fascinated by these emigrant fiddlers, and the process of digging into their music and personal histories has been a great adventure. In order to recreate
repertoire linked to the five selected fiddlers, I have used a wide range of source material, including transcriptions and archive recordings. My own playing style has also played a significant role in my interpretations. The tunes on this recording therefore constitute an exciting and lesser-known part of the Hardanger fiddle tradition from Valdres.

Laura Ellestad
Laura Ellestad was born in 1982 and grew up in Calgary, Alberta, Canada. Ellestad is the name of a farm in Vestre Slidre in Valdres, where she has family roots on her father’s
side. She played violin as a child, but became fascinated by the Hardanger fiddle when she heard the playing of Tore Bolstad from Øystre Slidre, who was in Calgary to give a
workshop. She moved to Valdres to work on a farm and play Hardanger fiddle. An allergy put an end to the farm work, but she continued to play fiddle. She played a great
deal for dance, and developed a clean, clear, and rhythmical playing style.
In 2008 she began studying traditional music at the Ole Bull Academy in Voss, where she completed her bachelor’s degree in 2012. She continued her studies at the Norwegian Academy of Music in Oslo, where she investigated the music and activities of Hardanger fiddle players who emigrated from Valdres to America, completing a master’s degree in performance with thesis in the spring of 2014.
She has studied with some of the foremost Hardanger fiddle players in the country, including Tore Bolstad, Jan Beitohaugen Granli, Håkon Høgemo, and Leif Rygg. In
2005 she was the winner of the Hardanger Fiddle Association of America’s Ole Bull Scholarship, and in 2009 she was awarded Torleiv Bolstads minnestipend for young
fiddlers in the Valdres tradition. Laura Ellestad plays regularly in concerts and for dance, as well as at practices, workshops, and competitions, and is active as a performing musician and fiddle teacher both in Norway and abroad, especially in North America.
/ Ingar Ranheim