KATALOG

TA160CD

TA160 Leif Rygg

Vossaspel

Leif Rygg (f.1940),Voss, har vore blant landets fremste spelemenn i over 50 år. Han har vunne Landskappleiken (NM) heile fem gonger, og har delteke på kappleikar sidan 1954!

Leif lærde av tidlegare storspelemenn som Sigbjørn B. Osa, Lars Skjervheim og Anders Kjerland.

Gjennom åra har han arbeidd med musikken på mange plan, også som utgjevar og distributør gjennom forlaget «Spelarhaugen Folkemusikk», men det er først og fremst som musikar at Leif har gjort seg kjend. Han har hundrevis av konsertar både i inn- og utland, arbeidd med opplæring, som musikar i folkemusikkgruppa i Hordaland, djupt engasjert i Ole Bull-akademiet som lærar og organisator.
 

Leif vart i 2010 tildelt Kongens fortjenestemedalje i gull, Voss kommune sin kulturpris, Rådet for folkemusikk og folkedans sin Rff-pris, for arbeid med Norsk folkemusik og Badna-jazz prisen frå Vossajazz i 2012

På denne plata spelar han slåttar frå ulikt opphav, som han har frå Voss, frå Hardanger, Telemark og Valdres. Felles for dei er at dei i Leif si framføring blir til slåttar frå Voss.