Daniel Sandén-Warg og Anders Røine vaks begge opp som rockemusikarar. I dag er dei av dei mest anerkjende folkemusikarane i Noreg, og i Røine / Warg møtast desse to universa: Hardingfele, langeleik, moraharpe og munnharpe spelt med folkemusikkens intensitet og med rockens lydstyrke og vreng.

Med inspirasjon frå den nye generasjonen folkemusikarar frå Mali spelar Røine / Warg musikk med røter i tradisjonsspelet frå Setesdal og Valdres. Dei gjer bruk av dei tradisjonelle instrumenta — og all råheita som ligg der frå gamalt av rytme og tonalitet. Men i ei formidlingsform tilpassa dagens festival- og klubbscener, og med nye tekstar av Anders Røine.

Revolver er to musikarar framfor kvart sitt forsterkaranlegg. Ut kjem kompromisslaus musikk med særpreg og kraft.