I 1980-åra vitja Knut Hamre spelemannen Lars Trones frå Nordheimsund. Her fekk Knut lære slåttar som var i tradisjon etter Anders Bonde. Desse var det ingen andre som kunna og som Knut no har spela inn. Samen med 17 slåttar følgjer ei 56 sider bok med soga om Anders Bonde og om slåttane hans ført i pennen av John Ole Morken, saman med historiske bilete.
Knut Hamre frå Granvin i Hardanger er av våre fremste utøvarar på hardingfele. Han har ei rekkje innspelingar bak seg og har spelt ei mengd konsertar i inn- og utland. Knut er også ein
ettertrakta pedagog. Han har fått ei mengd prisar og vart i 2017 utnevnt til kommandør av St. Olavs Orden for sin framifrå innsats for norsk folkemusikk.

«Bonden spelte og far min sat på kneet til besten sin som trampa takten. Bonden spelte «så mjukt og fint», seier far min. Eg er sikker på at det er av hans beste barndomsminne.»
/ Jon Fosse