«Skurd ́n æ som ein storkna springleik. Og, han bli vakrare og vakrare te kår gong e ́ ser ́n.»

Dei fleste spelmenn og spelkvinner har laga slåttar. Nokre av dei har aldri funne vegen til dansegolvet eller konsertsalen. Andre har fått eit liv ved å bli delt med spelmenn og ført vidare til nye generasjonar. Nokre av slåttane står så sterkt i tradisjonen at ein mest ikkje tenkjer over at det er ein komposisjon.
 

Bjørn Kåre Odde og Aslak Brimi har over tid arbeidd med innsamling og nedteikning av slåttekomposisjonar frå Lom og Skjåk. Dette arbeidet er grunnlaget for innspelinga. Med seg på plata har dei Astrid Sulheim, alle tre frå Lom.

Denne utgjevinga kjem som vanleg cd med vanleg trykk, men også som påkosta utgåve med tretrykk. Dette kan du få tak i hjå musikarane. Prøv aslakbrimi@gmail.com eller møt opp på konsertar!