Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Tutorial

leif rygg.jpg

 

ta:lik har i fleire år jobba med å filme tradisjonsberarar, med tanke på dokumentasjon og opplæring. I videoane har vi kamera både på heile spelemannen og på fingrane, slik at erfarne musikarar kan lære av opptaka. Lyd- og bildeopptak er gjort av Niels J. Røine i ta:lik.

TIPS: Går låta for fort? Ved å klikke på "Innstillingar (det vesle tannhjulet under filmen)"  kan du regulere hastigheita på visninga).

Her er nokre av opptaka. Trykk gjerne på den raude "subscribe"-knappen nede til høgre på videen, så får du varsel neste gong vi legg ut!

alexander røynstrand

Landskappleikvinnaren frå Granvin, Alexander Røynstrand,har spelt inn opplæringsvideoar for oss!

Erik Sollid

Erik Sollid frå Valkyrien er god solospelemann som har spelt inn opplæringsvideoar for oss! Han spelar i Telemarkstradisjonen.

Kjell Midtgård

Ein av nestorane i slåttemusikken i Telemark er i dag, Kjell Chr. Midtgård. Han lærde av Kjetil Løndal og spelar låttar etter han for ta:lik tutorial

Bjørn Kåre Odde

Bjørn Kåre Odde, ein av dei unge, fantastiske spelemennene frå Lom har også spelt inn låtar for oss til opplæringsføremål.

vinylen

Johanne Flottorp kom i 2018 ut med solocd og vinyl. Her spelar ho inn ein lått for oss til opplæringsføremål.

anders j reitan

Anders J. Reitan frå Ålen har spelt inn fleire opplæringsvideoar for oss

TA46CDfor nett 700160 pixel

Frå Hornindal har vi opplæringsvideo av låtten "Gamalt etter Einar Henden", spelt av Britt Pernille Frøholm.

Inge Godtland

Inge Godtland er ein felenestor frå Oppdal, busett på Røros!

Ottar Kåsa Foto Anders Røine

Ottar Kåsa frå Rauland, busett i Bø er av dei fremste, yngre spelemennene i dag. Han har spelt inn fleire slåttar for ta:lik tutorial som etterkvart kjem her.

Anders Røine

Anders er sentral i Sudan Dudan, Røine/Warg, Kristine Valdresdatter og Reolo. Han har vunne kongepokal i munnharpeklassa på Landskappleiken, han spelar hardingfele på ein eigen måte OG han er god på langeleik.

shapeimage_1

I 2019 spelte John Ole Morken inn 120 låttar på video for oss, finansiert av Norsk kulturråd. Dette var eit utval av nedskriftene etter Anders Haugen frå Røros. Etterkvart kjem alle videoane til å bli publisert her.

TA155CD

Lars Ingar Meyer Fjeld spelte inn plata for ta:lik i 2017. Han spelar slåttar frå Telemark på ein glimrande måte!

Hav - ser ned, smil - foto Ingvil Skeie Ljones

Vegar Vårdal er ein av landets fremste utøvarar på vanleg fele, og han har tradisjon frå fleire område av landet. ta:lik har gjeve ut fleire cd-ar med han.

TA166CD

Sentral spelemann i Rørosdistriktet som spelte inn cd og videoar for oss i 2016. Jens seier sjølv at han høyrer til ein mellomgenerasjon av spelemenn på Rørøs, mellom dei gamle tradisjonsberarane og dei unge med utdanning.

TA157CD

Frå Vågå i Gudbrandsdalen. Kom i 2016 ut med cd-en Tjorholen og vi fekk då spelt inn nokre instruksjonsvideoar med han.
 

HQ_294

Storspelemann frå Voss. Vi har laga 2 cd-ar og seks instruksjonsvideoar med Leif. I videoane fortal han først kort om låtten.
Instruksjonsvideoar med Leif Rygg: