Håkon Høgemo reiknast som ein av dei store hardingfelespelarane i landet, både som tradisjonell spelemann og som musiker i mengder av prosjekt/band. Saman med Utla, Karl Seglem og Dei grovaste spelemennene vestpå, Marylands, Slåttetrioen og Gamaltnymalt har han reist land og strand rundt i årtier. Håkon har også har vunne både landskappleiken og spellemannprisen to gonger.

Bassist Stefan Bergman frå Gøteborg er nok mest kjend frå jazzfusionfolk-bandet “Den Fule” som har definert arrangert folkemusikk sidan tidleg nittital. Han har også samarbeidd med Karl Seglem, er medlem av bandet Simbi som spelar musikk frå Haiti og ikkje minst samspelet med Solo Cissokho frå Senegal.

Perkusjonist Harald Skullerud frå Drøbak har reist på turnear over heile verda saman med fleire store namn, særleg innanfor world music-scena. Blant desse finn me m.a. Solo Cissokho, Wissam Murad, Bjørn Klakegg, Mari Boine, Niko Valkeapaa, Inga Juuso, Jon Balke og Karl Seglem. Harald har jobba mest med Vestafrikansk og arabisk musikk, men han har også brei erfaring frå norsk tradisjonsmusikk.

Rudl Trio har spelt konsertar rundt om dei seiste to åra, og er no klare med plata “RUDL” som kom ut på ta:lik i januar 2014.