bookletbilde2
TA118CD_DBX1123X.indd

Mastene er på plass, og livet i den vesle Hardangerbygda er tilbake i kvardagen. Men kikkar ein ned frå mastetoppane, ned i bygda ved fjorden, ned i den stille kvardagen opplever me ei anna kraft. Krafta som spelemenn gjennom 300 år har formidla. I glede og sorg, til fest og gravferd, har hardingfela skapt kjensler. Bygdefolket i Granvin har alltid sett spelemennene sine høgt, og har difor vore det naturlege senteret for hardingfelemusikk gjennom alle tider. Spelarhola i Hardanger har vore nemninga Granvin har levd opp til. Johans i Lie, fødd i 1706, er den første me kjenner til. Sidan har storspelarane og kulturberarane kome på rad og rekkje, Eirik Medås, Otte Nilsen Haukanes, Lars Larsson Røynstrand (Halte Lars), Olav Håstabø, Nils «Tråen» Eide, Anders Kjerland og Knut Hamre for å nemne nokre.

Eldsjelene fanga opp nye impulsar, tok vare på tradisjonane og bar kulturarven vidare til nye slektsledd.
Det er difor ikkje tilfeldig at Granvin har hardingfela som heradsvåpen, og at folketonane alltid har vore eit naturleg innslag både i fest og kvardag.

Produktet som du no har framfor deg har som mål og dokumentera Granvin si rike spelemannshistorie. Tre av landets fremste spelemenn, Knut Hamre, Åse Teigland og Alexander Aga Røynstrand, har alle røtene sin i Granvin og viser det rike slåttespelet som fortsatt finst i bygda.

bookletbilde1

Ide og det økonomiske ansvaret for prosjektet har Granvin herad i samarbeid med plateselskapet ta:lik. DVD’en står Sondre Bjørgum bak, medan Audun Strype er teknikar på CD’en.