NYHENDE

TA169 Leif Rygg

TA169 Leif Rygg

Bygdatråen

Heilt frå eg var ungdom har kappleikane vore ein viktig møtestad. Her treffer ein eldre og unge spelemenn, der ein utvekslar tankar omkring spel og tradisjonar. Her er eit krydra festliv både dag og natt! Ein kan vandra mellom ulike scenar, å få med seg flott framføring i spel, song og dans. Men kappleikane vert i den store samanheng ein liten del av eit langt spelemannsliv. Likevel knyter denne møteplassen kontaktar som seinare gjennom året fører til større slåtteutveksling.

Folkemusikkmiljøet treng ein arena der det tradisjonelle/solistiske står i sentrum. Kappleikane knyter til seg eit publikum som er viktige lydarar, me treng og interesserte som har kunnskap om denne musikkforma. Som utøvar har det vore inspirerande å stå på scenekanten, av domarane få målt framføringa jamsides med dei andre, og i etterkant få både «ris og ros»!  Ein er ikkje alltid like motivert for å deltaka på kappleik, men i etterkant har du ein følelse av å ha gjeve noko frå deg til gleda for publikum. Det er stort og ha fått oppleva mange både lokale- og landskappleikar.

NRK opptaka til denne CD, «Bygdatråen», som er frå kappleikar og konsertar gjennom 60 år (1957–2016) vil syna eit bilete på korleis ein utviklar og forandrar
seg i musikken. For mitt vedkomande var det ingen organisert opplæring i starten, du måtte oppsøkja eldre spelemenn for å læra slåttar og få kunnskap. Det som betydde mest for meg i ungdomstida var samhaldet med jamaldringane og spelemennene Kjell Midttun (1935–1986) og Olav Selland (1939–2004).

/Leif Rygg