Konfirmasjonsbilde

Andris Dahle, ven og læremeister

Fyrste gong eg trefte Andris  Dahle (f. 1925) var på felekurset som Trygve Bolstad leia i 1981, i Thorpe skulehus. Trygve ville at vi skulle bli kjent med dei gamle spelemennene. Ein kveld hadde han invitert dei eldre spelemennene i Valdreskvelven, far sin og Andris. Fyrsteinntrykket av Andris var av ein svært beskjeden mann. Han ville ikkje vise at han var noko til spelemann, men då eg fekk høyre spelet hans, forstod eg med ein gong at dette var noko spesielt. Og det var ikkje storspel han varta opp med, snarare tvert om. Ingen forsøk på å gjera seg betre enn han var. Likevel fortalde tonane som han fekk fram at her var det mykje musikalitet og kjensler.

Det tok kanskje eit år eller to før eg våga meg til å snakke om spelet hans og kor godt eg likte det. Og så starta eit venskap som vara til han døydde i 1995. I den tida treftest vi ofte. Vanlegvis kontakta eg han og spurde om han kunne ta mot meg. Då var han som oftast på Kvien i Vang. Der budde han saman med kona si, Ragnhild. Men av og til reiste eg over åsen til Dale der han kom frå, og der tvillingsyster hans, Ingebjørg, budde. Og uansett kvar vi møttest vart eg svært godt motteken. Fyrst var det ei økt med prating om laust og fast. Så tok spelinga til, og eg prøvde så godt eg kunne å fylgje med i det til dels vanskeleg tilgjengelege spelet. Det var ikkje før eg kom heim att eller fekk sett på kassetten i bilen at eg klarte å finne fram i toneflaumen. Og dette tok tid. Eg var ikkje heilt ung heller då eg starta arbeidet med å læra denne musikken som fascinerte meg slik. Men eg klarte ikkje å la vera å prøva, på nytt og på nytt, og smått om senn fekk eg tak i noko.

Men vi må tilbake til møta med Andris. Etter ei speleøkt stod det mat på bordet og Ragnhild på Kvie eller syster til Andris i Dale, Ingebjørg, baud oss til bords. Etter maten spelte vi vidare, og kvar gong eg reiste heim att var det med ei kjensle av å ha kome ørlite grann lenger inn i den musikalske verda til Andris.

Det var lyarlåttane som fekk fyrste prioritet. Dei har ein dåm av mystikk, og Andris spelte dei på ein underleg fengslande måte. Eg sa ofte til han at dette fekk eg ikkje til. Han svara med å snakke om kopiering. Det var nyttelaust, meinte han. Alle måtte berre spela dei på sin eigen måte og ut frå eigne evner og måtar å oppfatte musikken på. Det hende også at han kommenterte det slik: «Dette var ein ny måte å gjera det på, dette var interessant». Sjølv hadde han også nokon gonger blitt beden om å leggje om spelet, slik at det samsvarte med tradisjonen. Han hadde då ganske enkelt sagt det slik: «Du gjer det på din måte, eg gjer det på min».

Eit par gonger reiste vi på Landskappleiken saman. Andris likte best å høyre på B-klassen. Der var det alltid noko nytt og ukjent å høyre på. Han var ikkje fyrst og fremst oppteken av dei som var best teknisk, han var alltid ute etter å finne den inste kjernen i spelet. Men det var likevel fleire av dei som spela i klasse A som han sette særleg høgt. Leif Rygg frå Voss var ein av dei som stod på den lista. Andris spelte forresten også vestlandsspel når han var heime. «Akslabiten» hugsar eg spesielt godt. 

Han spelte ikkje mykje på kappleik etter at eg vart kjend med han.  Ein gong vi gjekk saman under ein landskappleik møtte vi Kjellaug Bolstad. Og ho sa det same som mange andre også sa: «No må du sjå til å stille opp på kappleiken!» «Ho er etter meg heile tida for å få meg til å stille opp», sa han, litt brydd eller oppgjeven. Det var ikkje lett å tolke kva som låg bak det han sa, truleg syntest han det var litt stas å bli masa på likevel. Dei to hadde forresten vakse opp saman i Dale-bygda i Øystre Slidre. 

Andris var av og til dommar på kappleikar. Då hjelpte det ikkje om han var ein god ven. Andris dømde spelet, ikkje spelemannen. Dette er det fleire som har sagt. Eg har også eit minne etter Andris som dommar. På ein kappleik i Slidre spelte eg to låttar som eg hadde lært av han. Den fyrste var ein lyarlått, og den trur eg gjekk ganske bra. Den andre var Gofalåtten. Olav Viken, som var den andre dommaren hadde prøvd å argumentere for ein ganske bra poengsum, men Andris, som kjende låtten best, heldt på sitt, og eg enda langt nede på lista. Og i ettertid ser eg sjølvsagt at han hadde heilt rett. 

Andris hadde ein eigen teknikk som mange ville seia var feil. Han heldt oftast fela mot bringa, og bogen gjekk ikkje heile tida like beint over strengene, slik som dei unge lærer i dag. Men det passa akkurat til han og den musikken han spelte. Når han var på sitt beste, var det ein klang i fela som ingen kan etterlikne, og som fekk tilhøyraren til å gløyme tida og rommet. Både Torleiv Bolstad og Sigbjørn Bernhoft Osa hadde prøvd å få han til å leggje om speleteknikken. Det vart det ikkje noko av, Andris gjorde det på sin måte. 

Ein gong fortalde han om ei oppleving under ein kappleik på Gol. Då var det samla ein del folk på eit hotellrom, slik det bruka å vera på kappleikar. Torleiv Bolstad var blant dei. Andris spelte, og både publikum og spelemann sat som i transe. Andris fekk ingen kommentarar for dårleg speleteknikk den gongen. 

Andris fekk gitt ut to plater mens han levde. «Portrett av ein spelemann» var den fyrste. Vinylversjonen er framifrå. Den er ikkje lett å få tak i, og eg fekk ikkje høyre den før mange år etter at den kom ut. Då hadde eg alt lært meg mange av låttane. Eg hadde alltid med meg kassetten i bilen. Den stod stadig på, og eg prøvde å fange dei tonane eg kunne mens eg køyrde rundt i Vang og Vestre Slidre. 

Den andre utgjevinga, CD-en «Gofalåtten», var fleire av venene til Andris engasjerte som medhjelparar. Nils Rogn gjorde opptaka, Olav Viken var med og plukka ut låttane, og CD-en kom ut på Heilo. 

Siste året før Andris døydde var han ikkje sprek. Men på den tida arbeidde Sven Nyhus med å skrive ned notar av mange av lyarlåttane i Valdres. Andris var sjølvsagt ei viktig kjelde, og den viktigaste som framleis levde. Noko av det siste Andris fekk vera med på som spelemann var då Sven Nyhus kom heim til han og spelte gjennom lyarlåttane som han hadde skrive ned. Andris gav si godkjenning, og låttane er med på CD-en «Lyarlåttene i Valdres». Til denne CD-en er det med eit fyldig notehefte. Ein kan nemne at Sven Nyhus utvikla ein eigen skrivemåte for taktinndelinga i desse lyarlåttane. Dette har alltid vore eit problem med lyarlåttane, då taktforståinga skil seg vesentleg ut frå det som elles er vanleg. 

Andris døydde i 1995. Vi som kjende han som ven og læremeister, saknar han. Og biletet av spelemannen og tonespråket som vi fekk ta del i, gløymer vi ikkje. Andris sa av og til at det største ynsket hans var berre ein einaste gong å få høyra att tonane til bestefar sin, Ivar Ringestad. Det fekk han ikkje. For oss er det enklare. Musikken til Andris, slik han formidla den, kan vi og dei som kjem etter oss, få høyre når ein måtte ynskje det. Og kvaliteten på opptaka er alt i alt svært god. Denne utgjevinga er eit nytt bidrag til ei stor og rik musikkoppleving.

/ Nils Leine
 

plate 1982

Litt om spelmåte austa og heima åsen

Dei einskilde bygdene i Valdres hadde frå gamalt av si eige utforming av felespelet.  Folket levde meir avstengt enn no, og spelet var sterkare knytt til natur, lag og lynne. Slik som det er skilnad på talemålet i dei ymse bygdelag, slik var det óg skilnad i felespelet. Kvar bygd hadde sine sermerke, både i utforming, takt og rytme. Til lenger opp i dalføret og nærmare fjella ein kjem, er naturen villare og verlaget hardare, og spelet det vart kvikkare og takta vart kortare. Lenger nedover i dei stille skogkledde dalføre har naturen ein rolegare puls, og dette gav seg utslag i spelet. Sagt på ein annan måte: I Vang kan det blåse så vatnet står ende til vers, men utover i Slidre der bylgjer fjorden seg roleg og fint. Denne påverknaden frå naturen i spelvegen, det gjeld for fleire dalføre, ikkje berre for Valdres. 

Vang og nord i Øystre Slidre hadde frå gamalt den raskaste og kortaste takta i springarspelet. Det var skilnad på dette frå synst i Øystre, og til dei nørdste bygdene oppunder fjellet. For å konkretisere dette, så var det sagt at det var stor skilnad mellom spelemenn som Gullik Rogne og Jørgen Dale i so måte. I krøsshaugspelet, som kom til Beito med Lars L. Krøsshaug frå Vang, der finn ein denne same  jamne korte takten, som er lett å danse etter, sjølv om spelet i oppbygning liknar meir på hilmespelet. Dette vil då seia at dei tre taktdelane i ei takt kjem etter kvarandre med tilnærma lik avstand, men med det meste trykket på dei to fyrste taktdelane. Dette høyrer ein også hjå den gode spelemannen Ola Okshovd, som var den som fekk mest å seia for speltradisjonen austa åsen i nyare tid. Det var eit sermerke for dette spelet, dette med den korte endeframme takten, og det nokså korte strøket. Dette spelet var einlaga til å danse etter. 

Torleiv Bolstad, hadde spel både frå sør og nord i Øystre Slidre. Han fekk svært mykje av Ola Okshovd. Men han fekk også lære hilmespel av Olav Moe, og dette påverka nok spelestilen hans. Dette kom tydeleg fram når Torleiv ein og annan gong spelte i litt langsamt tempo. Då var det lett å høyre at han beherska assymetrien i hilmespelet til fulle. Han var uvanleg god å danse etter, og han kunne legge om til eit storlagd spel, som høvde meir til konsertbruk. Torleiv Bolstad var i si samtid rekna for sjølve valdresspelet personleg. Spelet som kom frå røstadfela hans var vent, spenstig og svært musikalsk. Det var eit personleg spel som han var åleine om.

Når det gjeld spelet heima åsen, så har det sine kjennemerke. Jørn Hilme sette sitt stempel på dette spelet, når det gjaldt springarspel. Hilmerengjene og andre låttar som kom frå Jørn, det var innfløkte låttar, og ikkje berre til å danse etter. Truleg må ein til kunstmusikken for å finne motivet for slike låttar. Mange av dei har eit høgt kunstnerisk nivå, og er best egna til å slite ein dansespelemann ut på kort tid, med ei mest muleg original låtteform, vel og merke. Noko har falle av og vorte forenkla her også fram til vår tid, men Ivar Ringestad var ein spelemann som heldt strengt på gamle låtteformer. Han hadde både hugen og dugen til det, vart det sagt. I dette spelet vart det også i stor grad lagt vekt på foredrag og dåm. Ein spelemann måtte ha noko å legge attved spelet sitt, dersom han skulle  ha noko å fara med. Låttane lyt ha hjarta og sjæl, sa Ivar Ringestad.  

Ein etter måten lang boge, kombinert med enkeltristar, tverristar, og lange triolrekkjer, og av og til fleire ristar etter kvarandre på oppstrøk, det er kjennemerke på dette spelet. Ein viss bruk av punkteringar og synkoper er også tilstades. Punkteringane er med på å gje låttane eit mjukare og meir dynamisk preg, slik at dei ikkje vert så stive, og synkopene dei er meir ei kunstnerisk utfalding, og er med på å gje låtten innhald, og dei er nært knytt opp mot takten. Ein viss bruk av crescendo og decrescendo høyrde med, når det ikkje vart spelt til dans. Dei gamle brukte helst uttrykket «å legge vekt på» om denne styrkevariasjonen. Det var nokre tak ein måtte dvele litt ved, eller legge meir vekt på enn andre. Kvarttonar  var det også rikeleg av i hilmespelet.

For ein spelemann vart dette mykje å halde styr på, ikkje berre med det innhaldsmessige, men også med takt og rytme. I dette spelet finn ein, i litt varierande grad, at den tredje delen i takta er ei ventetakt, og at den er nokså lang. Og det var nettopp her, i dette mellomromet, at låtten fekk det preget den skulle ha, og fekk denne dynamikken, dette rullande draget. Denne markerte avstanden mellom andre og tredje taktdel var også heilt avgjerande for at synkopene skulle få verknad.

Når det gjeld trykket på taktdelane, så vart dette lagt på dei to fyrste. Ivar Ringestad heldt seg konsekvent til dette. For å få god styring på låtten med denne spelmåten, så kravde det ein nøye fastlagd lått, og ei god rytmekjensle. Var ikkje dette på plass, så let ein seg or takten, vart det sagt. Om den tredje taktdelen vart markert i nokon grad hjå ein og annan spelemann, så var dette for å gjera det lettare å styre takt og rytme når ein spelte til dans.           

Dette spelet var også av eit noko rolegare slag enn i grannebygdene, av natur. Ein vart kan hende tvinga til å ta det litt meir med ro, for å kunne hanskast med eit komplisert innhald på ein god måte, og ikkje minst for å kunne behalde ein god assymetri. Kanskje eit noko krevjande spel for ein og annan dansar, men det gav rom for ein stilfull dans med høve til personleg utfalding. Mange av dei gamle slidre-dansarane som dansa etter Ivar Ringestad, dei hadde desse låttane i hovudet, så dei visste kva som kom, og det var ein stor fordel

Lyarlåttane var også noko av eit kjemnnemerke i ringestad-tradisjonen. Det var nok her Andris Dahle møtte livsoppgåva si i musikken. Han hadde det rette huglaget for å ta imot desse låttane. Han tok tidleg til å fatte interesse for bestefaren si store låttekunne på dette området, og godt var det, for han berga nok svært mange av dei frå undergangen. Dei var ikkje nettopp enkle å tileigne seg desse låttane, på den rette måten.

Det må vera den gamle kyrkjelege syngemåten som var førebilete hjå Krøsshaugen, Beitohaugen, og dei gamle ringestad-spelemennene som var dei førande i denne tradisjonen. Det er som ein kan høyre dei gamle rare kingo-tonane utfalde seg på fela i mange av desse låttane. Dei er både vakre og vemodige, og det fylgjer høgtid med dei. Andris sanna også at dei var rare, med ei merkeleg toneføring til felelåttar å vera. Dei kravde lang boge, og det som av og til kunne vera vanskeleg, sa han, det var å få dei til å hange saman på ein god måte.

Andris fekk ein travel kvardag, med mykje tungt gardsarbeid. Og dette var før mekaniseringa sette inn for alvår. Det vart nok helst om syndagane han kunne ta seg fri ei stund frå gardsarbeidet, og gå den lange vegen over åsen for å lære spel av bestefaren, som då budde på Løkji. Etter at han vart gift, fekk han også ein gard til å drive. Og at han likevel kom til å berge så mange sjeldne låttar for ettertida, det var stort, og denne utgjevinga vert eit verdig minne om Andris Dahle.

/ Erland Nefstad.


Folkemusikkhalvtimen
Foto: Gunnar Moe, NRK

Låtteomtale

01. Perigarden, springar
Denne låtten har Andris etter bestefar sin, Ivar Ringestad (1870-1953). Låtten er spelt inn av ulike læregutar av Ringestad, slik som Knut Snortheim (1907-1986), Harald Fylken (1910-1963), Olav Øyråker (1909-1986), Oscar Hamry (1884-1943), Ola Grihamar d.e. (1910-1978) med fleire. i nokså like utformingar. Interessant nok finst låtten også i ei litt anna form i Hallingdal, og låttenamnet har truleg kome derifrå. Nokon meiner det er spelemannen Per Garden (ikr. 1790-1850) frå Lærdal, men andre meiner det er spelemannen Andres Olson Perigard (1765-1854), far til Rotneims-Knut frå Rotneim. Det finst tre «Perigard-låttar» i Valdres, og dei to andre blir som oftast i dag kalla Jonsokdagen og Fagerdalen.

02. Springar etter Ivar Ringestad
Olav Viken (1921-2005) introduserer Andris på denne måten på eit opptak i Valdres folkemusikkarkiv: «Ein springar te. Han Andris Dahle spela ‘n slek så ‘n lærde ‘n tå bestefar sine» (NFSTr-0004:27). Låtten er ein typisk vandrelått, og han finst både i Øystre Slidre, Vestre Slidre, Vang og i andre variantar på Vestlandet. Ola Grihamar d.e. koplar denne låtten til Andris Bunde (1850-1936).

03. Annonsering ved Andris A. Dahle

04. Kristaførrengja, springar av Jørn Hilme 
Dette er då éi av rengjene til Jørn Hilme (1778-1854) Forma er nokså sjeldan å høyre i dag, og det er ei anna rengje som stort sett går under dette namnet i dag. For spesielt interesserte kan det nemnast at det var Torleiv Bolstad (1915-1979) innrømte at det var noko disputt om dette namnet (VS-0105:7). Olav Viken fortel på eit opptak at Andris har laga det siste veket sjølv (NFSTr-0108: 26).

05. Den rare låtten, lyarlått 
Andris fortel i intervju med Kjell Bitustøyl (VD-0077:7) at Ivar Ringestad var på Dale ein gong og spelte denne låtten. Andris Dahle d.e. (1892-1973) kommenterte at låtten var fin, men Ringestad’n sa: «han æ e ikkji så fine sa’n, men han æ rar, sa’n.» Sidan fekk han det namnet.

 

06. Heimkomelåtten etter Brøtaguten, brurelått
Ein brurelått Andris hadde etter bestefar sin. Ola Grihamar d.e. fortel at Ivar Ringestad hadde denne etter Brøtaguten, Ola Hamre (1819-1896)(NFSTr-0494: 19). Denne skulle spelast når brura kom til sin nye heim etter at dei kom att frå kyrkja.

07. Kjørstaddrepen, springar
Andris hadde låtten i form etter Ola Bøe (1910-1985) (NFSTr-0108: 19). Låtten er bygd ut av Olav Moe (1872-1967), og han knytte han opp mot bryllaupet på Dale i Vestringsbygda i 1823, der to vart drepne. 

08. Brurelått etter Jørn Røn 
Dette var fyrste låtten Andris lærte å spela. Han har låtten i form etter Ivar Ringestad, som visstnok hadde han etter Ola Haugset (1809-?)  (VS-0152: 8). Andre spelemenn har kalla denne Brurelått etter Jørn Hilme. Knut Snortheim  fortel at Ivar Ringestad kalla låtten «Brurelåtten hass Jørn».

09. Springar etter Ivar Ringestad 
Andris hadde denne i form etter bestefar sin, Ivar Ringestad.  Ringestad kalla denne låtten «Haugseten», og han hadde han etter Ola på Hamrisbrøto, som hadde han etter Ola Haugset. Låtten er også vorten kalla «Låtten hass Erik Lome». 

10. Lyarlått etter Ola Okshovd
Ein velkjent lyarlått som har vore mykje i bruk også i nyare tid. Ola Okshovd fortalde at dette var ein lått Hamrisbrøtin brukte mykje (VS-0466: 30), noko som kan tyde på at låtten har opphav i Vestre Slidre-tradisjon.

11. Båtlått 1
Hengslelått. Det er tre Hengslelåttar, og dette er den andre i rekkja. Den fyrste blir kalla «Gotolåtten» og er ein bruremarsj.

12. Båtlått 2
Den tredje hengslelåtten Dette er den siste av dei tre og skal vera spelt etter at brurefylgjet var kome ut i båten, og før båten gjekk under. Torleiv Bolstad spelte båtlåttane i omvendt rekkjefylgje. 

13. Lyarlått etter Ivar Ringestad
Andris hadde låtten etter bestefar sin, Ivar Ringestad. Låtten er relativt sjeldan, og av eldre kjelder i Valdres folkemusikkarkiv er det berre Andris og Engebret Beitohaugen (1893-1963) som spelar han. I informasjonen frå Beitohaugen er det ting som kan tyde på at dette er ein gamal Krøsshaug-lått etter Lars Mekjelson Krøsshaug (1785-1830). 

14. Springar etter Ivar Ringestad
Forma er etter Ivar Ringestad. Dette er ein typisk vandrelått, og ein finn mellom anna att mange av dei same motiva i den velkjente telespringaren «Falkeriset». Låtten er skriven ned etter Ringestad i hardingfeleverket i 1936, og der kan me lesa at han hadde lært låtten av Ola Haugset i 1887.

15. Ein tå veksaro, springar
«Veksaren» er den mest kjende av desse låttane, og ofte brukt i samspel. Denne låtten er mykje meir krevjande, og ein god spelemann kan byggje den ut med nye variasjonar og spela veka i ulike rekkefylgje. Denne forma er etter Ivar Ringestad, og ho inneheld motiv som me mellom anna finn i «Gauken» slik han blir spela i Telemark og Hallingdal. Denne låtten er sjeldan, og finst i tillegg til Andris med Ola Grihamar d.e. i Valdres folkemusikkarkiv.  Grihamar hadde lært låtten av Ivar Ringestad, som hadde han i tradisjon etter Gullik Teigstol (1807-1881) (NFSTr-0079:26).

16. Den so’n tok att ette rovun, lyarlått etter Ola Okshovd
I samband med at Andris spelte denne i radioen ein gong, fortalde Haldor Røyne (1903-1979) at denne låtten var sjeldan, og at han ikkje trudde han var spelt i radioen før (VS-0384:4). 

17. Hansegarden, springar i form etter Ivar Ringestad
Dette er ein velkjent lått, og låtten har mange namn og har nok vore gjennom mange andre spelemenn. Av dei som har fått namnet sitt knytt til låtten har me: Ringestad, Hansegarden, Beitohaugen, Krøsshaugen, Brøtaguten, Kånern, Gudbrand Beito og Ola Sælid. 

18. Springar etter Ola Okshovd
Denne låtten er kopla til spelemannen Jøger Sagahaugen (1816-1898), og er såleis ofte rekna for ein av dei tre Sagahaug-springarane.  

19. Lyarlått på låg bas
Denne låtten er nok etter Ola Okshovd, men Knut Snortheim hadde denne låtten etter Ivar Ringestad, så det er nok mykje som kan tyde på at han også vart brukt ein del i Vestre Slidre. Som tilleggsinformasjon kan det nemnast at dette var ein gamal bondelått (VS-0091: 3). 

20. Springar på låg bass
Denne låtten hadde Andris etter Ivar Ringestad. Olav Moe fører låtten attende til Jørn Hilme. Olav Øyråker introduserer Ola Bøe i eit radioprogram, og hevdar at låtten i Vestre Slidre er vorten kalla «Sørre Myrelåtten» (VS-0127:6). Låttenamnet må ikkje forvekslast med ein springar på vanleg stille med same namn. Ola Okshovd seier på eit opptak at han skal spela den «som dei har kalla Påjagar’n» (VS-0466:57). 

21. Store Skøltin, springar
Låttenamnet er etter ein stor dansar frå Skølte, Øystre Slidre. Springar etter Ivar Ringestad. Ringestad lærde denne låtten av Jørn Røn i 1890-åra. Jørn Røn lærde han truleg av Ola Haugset.

22. Gamle Anne Vik, springar 
Denne låtten har mange namn og mange variantar fleire stader i landet. Merkjingen, eller Merkjisen, er også namn som har vore brukte i Valdres. Låtten er etter Ivar Ringestad, som ifølgje Ola Grihamar d.e. skal ha nytta namnet Merkjisen (NFSTr-0079:24). Låtten kan førast attende til Jørn Hilme. Ein gong han spelte i eit bryllaup i Ulneshaga andredag jul, og Kirkevoll fortel at «så hadde dei visst gløymt av tå ‘o mæ mate», og så laga ein eit stev om dette: «Koffør ska e sita sveltand kul, a’ndag jol i Ulneshaga du, for ungdom og brur. Koffør ska e sita sveltand kul, a’ndag jol for brudgom og brur i Ulneshaga du» (NFSTr-0063:39).

23. Eg e liten eg, lyarlått
Denne er mest kjend som gangar eller bonde, og slik spelte dei han på Beitohaugen, men Ringestad spelte han som lyarlått. «Eg er liten eg, men eg vågar meg» er eit låttestev som er knytt til låtten. Lyarforma er ganske sjeldan, og ho er etter Ivar Ringestad. Låtten er også vorten kalla «Samilstadlåtten», og han er også i bruk på Vestlandet. 

Forkortingar: Opplysningar henta frå VS: Valdres folkemusikkarkiv. NFSTr: Norsk folkemusikksamling

OM OPPTAKA:
Spor 01–09: 05.02.1977, Studio NRK Marienlyst, Oslo
Spor 10–18: 19.04.1972, Studio 19 NRK Marienlyst, Oslo
Spor 19–20: 07:03.1990, Spelstogo, Øystre Slidre bygdetun
Spor 21–22: 05.03.1990, Spelstogo, Øystre Slidre bygdetun
Produsent Rolf Myklebust og NRK Musikkteknikk: spor 01–18
Produsent Leiv Solberg og tekniker Tore Skille (NRK Oppland): spor 19–22
 

Frå Leinisvangen, cirka 1990

Andris Dahle, Friend and Mentor

The first time I met Andris was at a fiddle course held by Trygve Bolstad in 1981, in Thorpe school house. Trygve wanted us to get to know the old fiddlers. One evening, he invited the older fiddlers from Valdreskvelven, his father and Andris to the course. My first impression of Andris was that he was a very modest man. He didn’t want to show that he was a good player, but when I got to hear his playing, I realised immediately that this was something special. And it wasn’t showpiece fiddling he served up, quite the opposite. No attempt to pretend that he was better than he was. Still, what he played showed that there was a lot of musicality and feeling there. 

It took maybe a year or two before I dared talk to him about his playing and tell him just how much I liked it. And that was the beginning of a great friendship, which lasted until his death in 1995. During that time, we would often meet up. Normally, it was me who would contact him and ask if he was free to see me. He was usually at Kvien in Vang, where he lived with his wife, Ragnhild. But now and again I would travel across the ridge to Dale, where he came from, to where his twin sister, Ingebjørg, lived. Wherever we met, I was made very welcome. First, there was lots of chat. Then the playing started and I tried as best I could to keep up with the, at times, not easily accessible style. It wasn’t until I got home or listened to the cassette in the car that I would manage to find my way through the flood of notes. And this took time. I wasn’t very young either, when I started to work on learning this music that fascinated me so much. But I just had to keep trying, again and again, and little by little I started to get a grasp of it. 

But back to the meetings with Andris. After a stint of playing, there would be food on the table and Ragnhild at Kvie, or Andris’ sister, Ingebjørg, in Dale, would invite us to eat. After eating, we would continue playing and, each time I travelled home, it was with a sense of having gone a tiny step further into Andris’ musical world. 

It was the listening tunes that were top priority. They have an element of mystery about them and Andris played them in a wonderfully captivating way. I often told him that I couldn’t do it. He answered by talking about copying. It was useless, he thought. Everyone just had to play in their own way and within their own abilities and perception of the music. He also said: "This was a new way of doing it, this was interesting." He himself had also, at times, been asked to change his way of playing so as to be more traditional. He then quite simply replied: "You do it your way and I’ll do it mine."

We travelled to Landskappleik a couple of times together. Andris preferred listening to the B-class. There was always something new and unknown to listen to. He was not first and foremost so bothered about those who were technically the best, he was always looking to find the absolute core of the playing. But he nonetheless really rated many of those who played in the A-class. Leif Rygg from Voss was one. By the way, Andris played in the Vestland style when he was at home. I particularly remember "Akslabiten". 

He didn’t play much at kappleiks after I got to know him. Once, when we were together at a kappleik, we met Kjellaug Bolstad. And she said the same as many others also said, "Now, you have to make sure that you come and play at the kappleik!" "She is at me all the time to make me turn up," he said, a bit bothered or resigned. It wasn’t easy to interpret what lay behind what he said, most likely he liked a bit to be nagged. The two of them had, by the way, grown up together in the village of Dale in Øystre Slidre. 

Andris occasionally judged at kappleiks. It didn’t help at all then if he was a good friend. Andris judged the playing, not the player. Many have said this. I also remember Andris as a judge. At a kappleik in Slidre, I played two tunes I had learnt from him. The first one was a listening tune, and I believe it went quite well. The other was Gofalåtten. Olav Viken, who was the other judge, had tried to argue to give me a pretty good score, but Andris, who knew the tune best, held his own, and I ended up far down the list. And, with hindsight, I of course see that he was completely right. 

Andris had his own technique that many would say was wrong. He normally held the fiddle to his chest, and the bow didn’t always go straight over the strings, the way the young players learn to play nowadays. But it suited him and the music he played well. When he was at his best, the sound that came from his fiddle was a sound that no-one else could imitate, a sound that caused the listener to forget time and space. Both Torleiv Bolstad and Sigbjørn Bernhoft Osa had tried to get him to change his playing technique. He was having none of it; Andris did it his own way. 

Once, he told me about an experience during a kappleik at Gol. A lot of people were gathered in a hotel room, as is normal at kappleiks. Torleiv Bolstad was among them. Andris played, and both the audience and the fiddler sat as if in a trance. Andris received no comments about bad technique then! 

Andris released two albums whilst he was alive. «Portrett av ein
spelemann» ("Portrait of a fiddler") was the first. The vinyl version is superb. It isn’t easy to get ahold of, and I didn’t get to hear it until many years after it came out. By then, I had already learnt many of the tunes. I always had the cassette in my car. It was always on, and I tried to catch as many of the notes as I could whilst driving round Vang and Vestre Slidre. 

Several of Andris’ friends were involved as helpers with the second release, the CD "Gofalåtten". Nils Rogn did the recording, Olav Viken was involved in choosing the takes, and the CD came out on Heilo, which later became Grappa. 

The last year before Andris died, he wasn’t keeping very well. But at that time, Sven Nyhus was working to notate many of the listening tunes in Valdres. Andris was, of course, an important source, and the most important that was still alive. Some of the last things Andris was involved in as a fiddler was when Sven Nyhus went to his home and played through the listening tunes he had notated. Andris gave his approval, and the tunes are on the CD "Lyarlåttene i Valdres" (“Listening Tunes in Valdres”). The CD comes with a booklet of music. Sven Nyhus developed his own style of writing the rhythms of these listening tunes. This has always been a problem with listening tunes, because the understanding of the beat differs completely from what is normal. 

Andris died in 1995. We who knew him as a friend and mentor miss him. And the image we have of him as a fiddler and of the sound-world we could take part in, we will never forget. Andris said now and again that his greatest wish was to hear, just one last time, the playing of his grandfather, Ivar Ringestad. His wish was not granted. For us, it is easier. We, and those who come after us, can hear Andris' music, exactly as he played it, whenever we wish. And the quality of the recording is, all in all, very good. This contribution is a new contribution to a large and rich musical experience. 

/ Nils Leine 

 

Valdreskvelven

TA114 Andris A. Dahle / Heima og austa åsen

Redaktør og produsent: Gunn Sølvi Gausemel, NRK
Prosjektleiar: Frode Rolandsgard
Lydrestaurering og mastering: Per Arne Flø, NRK 
Opptak: NRKs folkemusikkarkiv. 
Slåtteval og tekst: Nils Leine, Nils Rogn, Erland Nefstad og Kjellbjørn Karsrud.
Framsidefoto: Gunnar Moe, NRK
Grafisk formgjeving: Eva Karlsson. 
Engelsk omsetjing: Sarah Jane-Summers


Økonomisk tilskot: Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Vang kommune, Øystre Slidre spel- og dansarlag, Valdres folkemusikklag, Valdreskvelven spel- og dansarlag.
 

Intervju med Andris A. Dahle 1983. Av Helge Gudheim.