NYHENDE

FRONT_cover_2400x2400

TA115 Ottar Kåsa

Kjoskrullen

Ottar Kåsa med innspeling av slåttar etter Jon Kjos, ein av dei første og eldste spelemennene i Telemark!

Jon Kjos (1756–1826) er av dei absolutt fyrste storspelemenn me kjenner frå Telemark, og han står som ein av dei mest sentrale skikkelsane i hardingfeletradisjonen i det heile. Han har utan tvil vore ein av dei som har utvikla slåttemusikken til ein rikare og meir innfløkt musikk, og i tillegg har han vore viktig som læremeister for den generasjonen spelemenn som kom etter han, og som førte felespelet i Telemark inn i den blomstringstida som kom utover 1800-talet. Han stod ikkje åleine i dette musikalske landskapet, men tradisjonen bakanfor Jon Kjos er lite kjend. Med denne cd-utgjevinga håpar vi å kunne vise fram noko av den rikdomen Jon Kjos har etterlate seg som stilskapar og slåttediktar på hardingfela.

Ottar Kåsa er ein av landets fremste spelemenn på hardingfele. Han har vunne Landskappleiken to gonger, og arbeider i dag som profesjonell felemakar i Bø i Telemark. Han lagar nye hardingfeler, reparerer gamle og driv også med ymse instrumentarbeid. (Sjå meir om dette på www.felemakar.no)

Plateslepp på Riksscenen i Oslo fredag 29. januar.