KATALOG

TA88CD_digipak_10.019.indd

TA88 Tindra

Moder Norge

Tindra trekker oss med inn i ei fantastisk verd der kattane har vondt i rompebeinet, bukkane er blå, og mannfolka slit med å få has på damene. Dette er musikk der humor avløyser det svartaste alvor, og der strålande kjærleik vekslar med botnlaus ulukke.

5liten.gifBergens tidende: Fullt av liv
5liten.gifAdresseavisa: Frisk fra Rogaland
5liten.gifØstlendingen: Freske folk

Dagsavisen: Tindra tindrer


Etter ti år som trio har Tindra skapt sin heilt eigen klang, der stemma smeltar saman med fela og akkordeonet på ein sjølvsagt måte, og musikken boblar av liv og små, humoristiske avstikkarar frå dei gode melodiane. Gruppa vidarefører tradisjonsmusikken friskt og stilfullt, samtidig som dei skaper folkemusikk i ny drakt. Musikken byggjer i stor grad på gamalt arkivmateriale av slåttestev, viser og balladar, men også nyare tekstar og lyrikk vert sett tone til. Tindra turnerer med låtar frå cd-en i Rogaland frå 5. april.

”På overflaten er dette rett fram og enkelt: En vakker stemme, to dyktige musikere, ingen øvrig staffasje. Sjeldent hører man imidlertid en trio som står så godt til hverandre klangmessig. Og så er det altså disse små elementene av stor personlig musikalitet, dette skjæret av hverdagslighet som opphøyes i god folkemusikk.” Bergens Tidende


Musikarane i Tindra møttest under studiar ved Norges Musikkøgskole. Dei er Åshild Vetrhus (1978) frå Suldal i Rogaland på song, Jorun Marie Rypdal Kvernberg (1979) frå Fræna i Romsdal på fele/hardingfele, og Irene Tillung (1977) frå Voss på akkordeon som utgjer trioen. Sidan oppstarten i 2000 har Tindra vunne open klasse på Landskappleiken i 2003, og var i 2005 finalistar i Rikskonsertanes lanseringsprogram, INTRO-folk. Forutan ei lang rekkje konsertar for både born og vaksne i Noreg, har Tindra turnert i Vietnam, India, Georgia, Sudan og Sri Lanka. I 2006 slapp dei debutplata si, Lukkeleg vaking og vart nominerte til Spellemannprisen for denne. I 2009 urframførte gruppa tingingsverket Den kvite hjorten, ei familieframsyning der Tindra har tonesett versa i Jan-Magnus Bruheim si barnebok med same namn. Musikken her i frå vart samla på plate i 2010.

Irene Tillung (akkordeon) kjem frå Voss, men er no busett i Oslo. Ho har fireårig utdanning innan klassisk-/samtidsmusikk frå Norges musikkhøgskole og København, men har dei siste åra jobba mest med folkemusikk. I tillegg til Tindra har ho eit samarbeid med Britt Pernille Frøholm (hardingfele) og med den norsk-skotske gruppa Boreas. Irene tek oppdrag innan komponering/arrangering, som akkompagnatør, studiomusikar og som solist.

Jorun Marie Kvernberg er musikar (fele, hardingfele, song) og komponist frå Fræna, busett i Volda. Ho har folkemusikkutdanning frå Norges Musikkhøgskule og har fordjupa seg i tradisjonsmusikk frå heimtraktene i Møre og Romsdal. I tillegg til soloverksemda og Tindra er Jorun Marie med i Majorstuen samt Bruvoll/ Halvorsen, Unni Boksasp Ensemble og Camilla Granlien Band.

Åshild Vetrhus er musikar (song) og komponist frå Suldal. Ho har si folkemusikkutdanning frå Norges Musikkhøgskule og har m.a. fordjupa seg i tradisjonsmusikk frå heimtraktene i Rogaland. Åshild tek oppdrag som solist og har i samarbeid med Solbjørg Tveiten produsert konsertar med gravferdssongar frå Hordaland og Rogaland.

irresistibly charming folk music with drive and a sense for the small, fine details

The trio Tindra performs irresistibly charming folk music with drive and a sense for the small, fine details.

Moder Norge is an album of song treasures from Rogaland. Tindra draws us into a fantastic world where the cats have aching bottoms, the billy goats are blue, and the men struggle to get the better of the ladies. This is music in which humour succeeds the darkest solemnity, and radiant passion alternates with bottomless misfortune. After ten years as a trio, Tindra has created entirely their own sound, in which the voice blends seamlessly with the fiddle and the accordion, and the music is lively and full of small, humorous detours from the good melodies.

The group carries on traditional music refreshingly and tastefully, at the same time that they create folk music in a new attire. The music is based to a large extent on old archive material, including slåttestev, folk songs, and ballads, but newer texts and lyrics have also been set to music.

”On the surface, this is straightforward and simple: one pretty voice, two accomplished musicians, no other embellishments. However, rarely does one hear a trio which is so compatible in terms of sound. And then there are these small elements of great personal musicality, this reflection of everyday life which becomes elevated in good folk music.” Bergens Tidende



The musicians in Tindra met during their student years at the Norwegian Academy of Music. The trio consists of Åshild Vetrhus (1978) from Suldal in Rogaland on vocals, Jorun Marie Rypdal Kvernberg (1979) from Fræna in Romsdal on fiddle/Hardanger fiddle, and Irene Tillung (1977) from Voss on accordion. Since first appearing in 2000, Tindra won open class at Landskappleiken (Norway’s annual national folk music competition) in 2003, and in 2005 they were finalists in Rikskonsertanes launching program, INTRO-folk. In addition to performing a long series of concerts for both children and adults in Norway, Tindra has toured in Vietnam, India, Georgia, Sudan, and Sri Lanka. In 2006 they released their debut album, Lukkeleg vaking, which was nominated for Spellemannprisen (the Norwegian equivalent of the Grammy Awards). In 2009 the group premiered the commissioned work Den kvite hjorten, a family performance in which Tindra set to music the verses in Jan-Magnus Bruheim’s children’s book of the same name. The music from this project was collected on an album in 2010.