KATALOG

TA85CD_DA1X22XX.indd

TA85 Per Anders Buen Garnås

Seljord anno 1935

Per Anders Buen Garnås dreg på tidsreise til bygda Seljord i 1935. Verkemiddel er ei hardingfele og solid kunnskap om legendariske spelemenn. På plata møter du tidsuttrykk frå forne tider.
Meisterspelemann Per Anders Buen Garnås har konsentrert seg om korleis det ville vera å koma til Seljord ein gong i 1935. Her får du møte musikken til spelemenn som Eilev Smedal (heime på besøk frå USA), Eivind Mo, Høye Kvåle, Kjetil Flatin, Manheimspelemennene og sjølvaste Torkjell Haugerud. Alle desse var samla i Seljord dette året. Per Anders Buen Garnås, f. 1980, er blant landets aller fremste spelemenn. I 2010 vann han Landskappleiken (NM i folkemusikk) på hardingfele for andre gong. Denne plateutgjevinga var ein del av premien til vinnaren. ta:lik er glade og stolte over at Per Anders vann, og at vi fekk lov til å gje ut plate med han.

5liten.gifTelemarksavisa: Dåmerikt spel
5liten.gifVarden: Briljant tidsreise


Denne cd-en er eit resultat av at plateselskapet ta:lik sette opp platekontrakt som premie til den som vann A-klassa på hardingfele under landskappleiken 2010. I og med at landskappleiken for fyrste gong skulle arrangerast i Seljord i 2011, oppmoda ta:lik meg til å finne eit tema knytt til denne bygda, sidan me skulle sleppe cd-en under dette arrangementet.

Spelemenn har reist mykje både innan og utanfor fylkesgrensene, og nokon har også flutt frå bygd til bygd. Med desse har slåttane vandra på kryss og tvers, slik at det etter nokre hundreår med vandring er mest umogleg å nøste heilt opp kvar den eigentlege oppkoma ligg. Ein må godt utpå 1900-talet før ein verkeleg kan byrje å slå fast opphavet til slåttar. Dei eldre slåttane må ein vera særdeles forsiktig med å gjera hevd på, eller hevde at har utspringet sitt hjå éin spesiell spelemann. Når slåttane vandrar på denne måten endrar ofte både namn og sogene til slåttane seg, og dei blir også kreditera ulike opphavsmenn ettersom kvar dei hamnar. Vidare kan det av og til også vera vanskeleg å slå fast kva som er til dømes «Seljordspel» eller «Bøheringspel».

I periodar kan det vera mange gode spelemenn innanfor ei og same bygd. Til trass for at desse høyrer heime på same stad, er dei ofte individualistar med ulike uttrykk og inspirasjon frå mange kantar. Slike bygder er likevel det ein trygt kan kalle kjerneområde for slåttespel. Desse kjerneområda flyttar seg etter individ som evnar begeistre, og det kan difor variere frå epoke til epoke kvar desse ligg.

Slik sett er det ikkje tvil om at Seljord har vore eit av desse kjerneområda i fleire hundreår. Difor har eg på denne cd-en tenkt meg å gjera ei slags tidsreise til ein av dei epokane der det krydde av gode spelemenn i Seljord. I dagens samfunn har me eit enormt føremun med det at me lett får moglegheita til å høyre opptak med spelemenn som levde for kring 100 år sidan og framover. Slik er det enklare for oss å danne eit bilete av korleis dei gode spelemennene før vår tid spela enn det var for spelemennene frå den tida dei fyrste opptaka blei gjort. På grunnlag av dette bestemte eg meg for å velja eit spesifikt årstal der det var flust av gode spelemenn å oppdrive innanfor Seljord kommune.

Året 1935 lyste raskt opp som det gylne årstalet for produksjonen. Det året var nemleg 46 år gamle Eilev Smedal heime frå USA for siste gong. Hans elev og beundrar Eivind Mo var 31 år, og hadde vore gift med seljordsjenta Tone Li i 4 år. Eivinds onkel, Høye Kvåle, var 56 år. Det same var sambygdingen Kjetil Flatin. Dei var båe framleis i sine beste år som spelemenn. Ein trea jamaldring, Harald Manheim, levde enda eitt år – og sonen Gudmund var 17. Den 10 år yngre broren, Magne, var nok ikkje særskilt spelefør ennå, men spelemannsspira hadde allereie vore på føtene nokre år. Guruen Torkjell Haugerud var derimot i ein alder av 59 år på sine høgder som spelemann, og hadde teke fatt på sitt enorme arbeide med å lydfeste det store repertoaret sitt. Sjølvsagt var det også ein del andre spele-menn ein kunne nemne. Men desse er dei eg har lete meg inspirere mest av og lagt best merke til frå denne epoken. For at produksjonen ikkje skulle bli for omfattande valde eg meg ut året 1935, med desse kjeldene som eit naturleg utgangspunkt.

Eivind Mo er den einaste av desse eg har lært direkte av. Slåttane etter dei andre er lært etter opptak. Tradisjonane i Seljord For meg som bøhering er det ikkje eit særleg stort sprang å skulle legge meg etter dei nemnde spelemennene frå Seljord, da spelet i Bø og Sauherad og spelet i Seljord av naturlege årsaker har sterke band. I mange tilfelle er spelet i desse nabobygdene ein og same sak, om ein ser vekk frå særs individuelle ulikskapar.

Men ein kan også trekke klåre liner frå Seljord til andre bygder – kanskje fyrst og fremst til Møsstrond og Tinn. I Seljord, som i alle andre bygder i Telemark, er det nemleg på det jamne storkultar som sauheringane Møllarguten og Lars Fykerud, møsstrendingen Håvard Gibøen og tinndølen Knut Lurås det blir referert til som opphav for slåttane som blir spela. Men seljordingane har også sine eigne dominerande føredøme frå farne tider, som har gjort seg gjeldande langt utanfor heimkommunen. Her må ein særleg nemne Olav Bægjuv, Jon Kjos, Øystein Langedrag og Leiv Sandsdalen. Mange av slåttane på denne produksjonen skriv seg tilbake til desse karane. Her skal eg fortelje litt om tre av desse.

Jon Kjos (1754–1826) kom frå fjellbygda Åmotsdal, som ligg innanfor Seljord Kommune. Han var fødd på Kvammen, og skreiv seg fyrst for Jon Kvammen. Men da han var kring 48 år kjøpte han Kjos, og er difor mest kjend under namnet Jon Kjos. Jon var ein del i Tinn, m.a. saman med spelemannen Knut Lurås (1782– 1843). Her blei han kalla Jon Vestafe fordi han kom frå vestbygdene i Telemark, og han er difor også kjend under dette namnet. Jon er av dei absolutt eldste spelemennene me veit ein del om i Telemark, og var i si tid det dei kalla stenderspelemann. Dette var eit kongeleg privilegium som medførte at han hadde einerett til å spela i ly og lag i sitt distrikt. Han var kjend for å bygge ut små slåttar til storslåttar, og skal ha hatt veldig sterk ljom i fela. Jon var ein viktig læremeister for m.a. Håvard Gibøen, Øystein Langedrag og Møllarguten. Sistnemnde kom til Jon Kjos som liten hjuringgut og uttala seinare at kjoseslåttane er verdt gull. Rikard Berge skreiv dette: «Kjoseslåttine er dei lengste og emnerikaste i si tid, og dei stod alltid for Myllaren som mynster på gamalt, godt spel.» Nemnast kan også det at springarane etter Jon Kjos inneheld utprega mykje ristetak. Kjende slåttar som skriv seg tilbake til Jon, og som ikkje er med på denne cd-en, er m.a.: «Skuldalsbruri», «Guro Heddeli» («Sollikrokan »), «Kvamsvogga», «Frå morgon til kveld», «Jon Vestafe» og «Floketjønn» ( «Kjosjasen»).

Øystein Langedrag (1785–1848) var fødd på Langedrag under Kovadalen i Seljord, der faren Olav Jonson og mora Signe Andresdatter budde den tida. Etter ei tid flutte dei til ein liten plass ved Sanda i Øvre Bø, som også heiter Langedrag. I dag ligg dette området innanfor Bø, men på hans tid låg det under Seljord. Ein kunne lett tru at Langedragane tok med seg namnet frå den eine til den andre plassen, men i folketeljingane frå 1782 er både Langedrag under Sanda og Kovadalen (Raudberg i 1782) nemnde. Difor var det to plassar med dette namnet innanfor datidas Seljord allereie før Øystein blei fødd. Foreldra til Øystein er dei fyrste me veit budde på Langedrag i dagens Seljord, sjølv om plassen truleg blei rudt nokre år tidlegare. Både far og bestefar til Øystein var spelemenn. Slik hadde han ein familietradisjon å ta vare på. I same området som Langedrag i Øvre Bø budde spelemannen Olav R. Soterud (1782–1828). Han og Øystein spela mykje i lag. Langedrag og Soterud ligg på kvar si side av Bøelva, og desse to sat stundom og spela for kvarande over elvebrusen. Jon Kjos var ein viktig læremeister for Øystein, og samveret med den gode venen og jamaldringen Knut Lurås gav også frukter. Dei to spela mellom anna i lag i tre dagar på Lomodden i Seljord. Den eine sat i sengeskaret, og den andre i ein stol. Etterkvart følgdes dei så godt at det høyrdes ut som det var berre éin som spela. Elles veit me at han lærde av Gunnar Grjotnes (1748–1826) i Fjågesund og Tov Kristianson (f. kring 1750) frå Kviteseid. Øystein lærde seg også å spela fiolin etter notar da han var i militærmusikken i København. Han var ute i ufreden i heile 7 år. Her lærde han m.a. marsjar, og han skal difor vera den fyrste i Telemark som tok i bruk bruremarsjar. Øystein gifta seg med Tone Leivsdotter, og i gjestebodet deira var det Olav Soterud som var spelemann. Da Olav skulle spela folk til kyrkjes sa han: «Eg kan nå ikkje dei marsane du kan, eg, Øystein; men eg skal gjera det beste eg kan.» Frå gamalt av var det bruregangarar som blei nytta i slike høve. Øystein er også omtala som ein god snikkar og tømmermann, og ein meister i treskurd. Difor reiste han mykje både i arbeid og som spelemann, og lytta og lærde der han fór. Øystein med familie flutte ein del frå plass til plass eit bel, før dei til slutt enda opp på Sandsdalen i Seljord. Kjende slåttar etter Øystein, som ikkje er med på denne produksjonen, er t.d. «Skarsnuten», «Langedragen 1», «Morgonvandringen» «Langedragen 2», «Bruremarsj frå Seljord» og «Kivlemøyane». Ein må også rekne med at mange av slåttane som er nemnde som Sandsdalsslåttar skriv seg tilbake til honom. Øystein Langedrag fekk nokre uvanlege kapasitetar til læregutar. Møllarguten lærde mykje av Øystein heilt frå han var gutunge, og Håvard Gibøen henta også viktig inspirasjon frå honom. Men den viktigaste arvtakaren blei nok likevel sonen, Leiv Sandsdalen.

Leiv Sandsdalen (1825–1896) blei født mens familien budde på Moen i Seljord. Men han tok namnet Sandsdalen etter at familien enda opp på denne garden. Leiv tok godt vare på spelet etter far sin, som la stor gaum på at sonen skulle få dette fullendt. Øystein låg jamvel og spela for Leiv etter han blei sengeliggande mot slutten av leveåra. Etter sigande skal Øystein ha uttala at Leiv aldri kom til å lære å spela. Det gjorde han riktig nok likevel, og det til fulle, sjølv om det blei sagt at han ikkje nådde høgda som spelemann før han var i 60-årsalderen. Etter faren arva Leiv dei rike gåvene både når det gjaldt musikalitet og handlag. Han var vidkjent både som spelemann, felemakar, møbelsnikkar og treskjerar. Sandsdalen var også ein ordkunstnar av rang, og han var oppteken av at sogene skulle haldast i hevd. Kombinasjonen av dette og den store musikaliteten gjorde honom til ein populær konsertspelemann. Felespelet blei slik eit viktig levebrød for Leiv, og han blei difor noko knipen på lære bort mange av glansnummera sine, i frykt for konkurransen på marknaden. Dette hadde nok også samanheng med at han var veldig nøyen på at slåttane skulle vidareførast like korrekt som han sjølv hadde lært dei. Til dømes skal Leiv ha nekta å spela når Lars Fykerud var til stades. I motsetnad til Fykerud var Leiv oppteken av å halde det gamle spelet vedlike. Likevel lever framleis tradisjonen etter Sandsdalen i beste velgåande, da det var flust av gode spelemenn som var interessera i å tileigne seg materialet hans – noko dei greidde på ulike vis. Leiv Sandsdalen var ein kar med kraftig og myndig framtoning, og var høgt respektert både i heimbygda og elles. Da han blei noko oppi åra reiste han også utanfor Telemark, både på Vestlandet og i Oslo. All kunnskapen han sat inne med, samt det mangfaldige talentet han var innehavar av, gjorde honom til ein ruvande kulturpersonlegdom. Kjende slåttar etter honom, utanom dei som er med på denne cd-en, er m.a.: «Sandsdalsspringaren », «Sandsdalsgangaren», «Elling Münsters trollstemte halling» og «Sandsdalsvrita ».


a kind of time travel to one of the epochs during which Seljord was full of good fiddlers

 This CD is a result of the fact that the record label ta:lik awarded a record contract to the winner of the A class in Hardanger fiddle at Landskappleiken (Norway’s annual national folk music competition) in 2010. Given that Landskappleiken is being arranged in Seljord for the first time ever in 2011, ta:lik encouraged me to find a theme linked to this district, since the CD will be released during this event.

Fiddlers have travelled a great deal both within and beyond county lines, and some have also moved from district to district. The tunes have wandered with these fiddlers in all directions, so that after a few centuries of wandering it is impossible to determine where their true source lies. One must go well into the 1900s before one can truly begin to determine the source of tunes. One must take particular care about prescribing a tradition to the older tunes, or asserting that they have their point of origin with one particular fiddler.

When the tunes wander in this way, both the names and the stories behind the tunes change, and they also become accredited to different sources depending on where they end up. Furthermore, it can also be difficult to define terms such as “Seljordspel” or “Bøheringspel”. During certain periods there may be many good fiddlers within one and the same district. In spite of the fact that they come from the same area, they are often individualists with different styles and who have drawn inspiration from many places. Such districts are nevertheless what one can safely call core areas for traditional fiddle music. These core areas shift according to the whereabouts of the great fiddlers, and the locations of these areas can therefore vary from epoch to epoch. Seen in this light, there is no doubt that Seljord has been one of these core areas for several centuries.

I therefore thought that I would set out on a kind of time travel to one of the epochs during which Seljord was full of good fiddlers. In today’s society we have an enormous advantage in that we can easily listen to recordings of fiddlers who lived for about 100 years ago and on. In this way, it is fairly straightforward for us to form a picture of how the good fiddlers from before our time played. On the basis of this, I decided to select a specific year when there were many good fiddlers to be found in Seljord kommune.

The year 1935 quickly lit up as the golden year for the production. In that year, 46-year-old Eilev Smedal was home from the USA for the last time. His student Eivind Mo was 31 years old and had been married to the Seljord girl Tone Li for four years. Eivind’s uncle, Høye Kvåle, was 56 years old. So was Kjetil Flatin. They were both still in their best years as fiddlers. Harald Manheim lived for one more year, and his son Gudmund was 17. His 7-year-old brother, Magne, was probably not able to play yet, but the makings of a fiddler had already been apparent for a few years. On the other hand, the guru Torkjell Haugerud was at his peak as a fiddler at the age of 59 years old and had tackled the enormous task of recording his large repertoire. Of course, there are several other fiddlers one could mention. But the aforementioned fiddlers are the ones I have been most inspired by and taken best note of from this epoch.

So that the production wouldn’t become too extensive, I selected the year 1935, with these sources as a natural starting point. Eivind Mo is the only one of these fiddlers I have learned directly from. I learned the tunes after the other fiddlers from audio recordings. The Traditions in Seljord As a fiddler from Bø, it is not an especially large leap for me to pursue the abovementioned fiddlers from Seljord, since the fiddle tradition in Bø and Sauherad and the tradition in Seljord have strong bonds for natural reasons. In many cases, the fiddle traditions in these neighbouring districts are one and the same thing, if one disregards extremely individual differences. But one can also draw clear lines from Seljord to other districts – perhaps first and foremost to Møsstrond and Tinn. In Seljord, as in all other districts in Telemark, predominant figures like Møllarguten and Lars Fykerud from Sauherad, Håvard Gibøen from Møsstrond, and Knut Lurås from Tinn are steadily cited as the sources of the tunes which are played. But Seljord also has its own influential figures from times past who have been recognized far beyond their home kommune. In particular, Olav Bægjuv, Jon Kjos, Øystein Langedrag, and Leiv Sandsdalen must be mentioned. Many of the tunes on this production date back to these men. I will say a little about three of them here.

Jon Kjos (1754–1826) came from Åmotsdal, which lies within Seljord kommune. He was born on the Kvammen farm, and he wrote his name as Jon Kvammen to begin with. But when he was around 48 years old he bought the Kjos farm and is therefore best known under the name Jon Kjos. Jon was frequently in Tinn, where he visited the fiddler Knut Lurås (1782–1843). He was called Jon Vestafe in Tinn because he came from the western districts in Telemark, and he is therefore also known under this name. Jon is one of the oldest fiddlers we know of in Telemark, and he was what was called a stenderspelemann in his time. This was a royal privilege which entailed that he had exclusive rights to play in his district. He was known for expanding small tunes into large, elaborate ones and supposedly had a very powerful tone in his fiddle. Jon was an important teacher for Håvard Gibøen, Øystein Langedrag, and Møllarguten, among others. The latter met Jon Kjos as a little shepherd boy and later declared that the Kjos tunes were worth their weight in gold. Rikard Berge wrote the following: “The Kjos tunes are the longest and most material-rich of their time, and they always stood for Myllaren as models of old, good fiddle playing.” It can also be mentioned that the springar tunes after Jon Kjos contain noticeably many ristetak (fast triplets). Well-known tunes which date back to Jon, and which are not represented on this CD, include: “Skuldalsbruri”, “Guro Heddeli” (“Sollikrokan”), “Kvamsvogga”, “Frå morgon til kveld”, “Jon Vestafe”, and “Floketjønn” (“Kjosjasen”).

Øystein Olavson Langedrag (1785–1848) was born on the Langedrag farm in Seljord, where his father Olav Jonson and his mother Signe Andresdatter lived at the time. But Øystein did not stay long at the Langedrag farm under Kovadalen. After a time he moved to a small cotter’s farm near Sanda in Øvre Bø which was also called Langedrag. Today this area lies within Bø kommune, but in his day it lay in Seljord. It has been a little unclear which of the Langedrag farms Øystein actually came from. One could easily believe that the Langedrags took the name with them from the one farm to the other, but in the national census from 1782 both Langedrag under Sanda and Raudberg (Kovadalen) are named. Therefore, there were two cotters’ farms with this name in Seljord kommune before Øystein was born. Øystein’s parents are the first we know of who lived on the Langedrag farm which lies in today’s Seljord. Both Øystein’s father and grandfather were fiddlers. Therefore, Øystein had a family tradition to look after. The fiddler Olav Råmundsson Soterud (1782–1828) lived in the same area as Langedrag in Øvre Bø, and the two fiddlers played a great deal together. Langedrag and Soterud lie on opposite sides of Bøelva, and it is said that these two sometimes sat and played for each other over the roar of the river. Jon Kjos was an important teacher for Øystein, and time spent with his good friend and contemporary Knut Lurås also bore fruit. These two once played together for three days at Lomodden in Seljord. The one sat in the bed and the other in a chair. After a while they were able to follow each other so well that it sounded like there was only one person playing. Otherwise, we know that Øystein learned from Gunnar Grjotnes (1748–1826) in Fjågesund and Tov Kristianson (b. around 1750) from Kviteseid. Øystein also learned to play violin and read music while he was in a military band in Copenhagen. He was at war for seven years. During this time he learned marches, among other things, and he was therefore supposedly the first in Telemark to play bridal marches. Øystein married Tone Leivsdotter. Olav Soterud was the fiddler. When he was to play a tune to accompany the people to the church, Olav said: “I don’t know all the marches you know, Øystein; but I shall do the best I can.” In the olden days, bridal gangar tunes were played on such occasions. Øystein is also referred to as a good carpenter and a master of wood carving. He therefore travelled a great deal both as a tradesman and a fiddler and listened and learned wherever he went. Øystein and his family moved from place to place for a while before finally settling on the Sandsdalen farm in Seljord. Wellknown tunes after Øystein which are not represented on this production include “ Skarsnuten”, “Langedragen 1”, “Morgonvandringen”, “Langedragen 2”, “Bruremarsj frå Seljord”, and “Kivlemøyane”. One must also take into account that many of the tunes which are referred to as Sandsdal tunes date back to him. Øystein Langedrag had some extraordinarily talented students. Møllarguten learned a great deal from Øystein beginning from when he was a little boy, and Håvard Gibøen also received excellent guidance from him. But the most important tradition bearer was his son, Leiv Sandsdalen.

Leiv Sandsdalen (1825–1896) was born while his family lived on the Moen farm in Seljord. But he took the name Sandsdalen when the family settled on the Sandsdalen farm. Leiv took good care of the fiddle tunes after his father, who placed great emphasis on the maintenance of the tradition. Øystein even played a great deal for Leiv after he was bedridden towards the end of his life. They say that Øystein declared that Leiv would never learn to play. All the same, Leiv really did learn to play, but it is said that he didn’t reach his peak as a fiddler before he was in his 60s. Leiv inherited his father’s rich gifts both when it concerned musicality and manual dexterity. He was widely known as a fiddler, fiddle maker, furniture maker, and wood-carver. Sandsdalen was also a literary artist of rank, and he was preoccupied with the maintenance of local history and sagas. This, in combination with his great musicality, made him a popular concert fiddler. Fiddle playing became an important livelihood for Leiv, and he was therefore somewhat reluctant to teach many of his best tunes in fear of the competition on the market. This was probably also related to the fact that he was very particular about passing on the tunes just as correctly as he had learned them. For example, it is said that he refused to play when Lars Fykerud was present. As opposed to Fykerud, for example, Leiv was preoccupied with maintaining the old fiddle traditions. Nevertheless, the tradition after Sandsdalen still lives strongly, since there were many good fiddlers who were interested in learning his tunes – which was something they managed to do in a variety of ways. Leiv Sandsdalen was a man with a strong and authoritative appearance and was highly respected both in his home district and otherwise in Telemark. When he was a little older he also travelled outside of Telemark, both to western Norway and Oslo. All the knowledge he possessed, in addition to the many-sided talent he was the proprietor of, made him an impressive cultural personality in Seljord. Wellknown tunes after him, in addition to the ones that are included on this CD, include: “Sandsdalsspringaren”, “Sandsdalsgangaren”, “Elling Münsters trollstemte halling”, and “Sandsdalsvrita”.