Siri Dyvik (1958-2021) ga ut 25 låtar på cd i 2004. Musikken har ikkje vore tilgjengeleg i strømmetenestene tidlegare, men etter ønskje frå familien har vi gjort han tilgjengeleg.

Siri skriv i omslaget at ho lærde av dei kjende hardangerspelemennene Olav Kvammen, Anders Kjerland, Lars Velure og Håvard Kvandal. Albumet inneheld i hovudsak eldre slåttespel, men også nokre runddansslåttar. Omslaget til cd-en finn du som pdf oppe til høgre på denne sida.

Les meir om Siri Dyvik her:
https://www.folkemusikk.no/siri-dyvik-til-minne/