KATALOG

TA137 Mari Skeie Ljones

Spring du fela

Spring du fela er eit prosjekt i regi av felespelaren Mari Skeie Ljones, der gamle spelemannshistorier får nytt liv gjennom nyskrivne tekstar av samtidspoetar.

Mari_Springdufela_Foto_IngvilSkeieLjones
Mari Skeie Ljones. Foto Ingvil Skeie Ljones

Mari Skeie Ljones har servert diktarane historier om folkemusikarar og dansarar frå Gudbrandsdalen, og har fått tilbake dramatiske, triste og glade tekstar frå poetane Cornelius Jakhelln, Gaute Sortland, Mette Karlsvik, Anna Kleiva, Sigrid S. Botheim og Torbjørn Ljones. Den nye poesien har Mari Skeie Ljones, Camilla Granlien og Gaute M. Sortland komponert musikk til - og resultatet har blitt tretten songar og ei bok.

Lyrikk, folkemusikk og spelmansshistorier
«Lyrikk, folkemusikk og spelemannshistorier. Eg ville kombinere tre av interessene mine,
og vidareføre tradisjonen med å lage songar basert på forteljingar frå spelmannssoga.» skriv Mari i innleiinga i Spring du fela. Felespelaren starta arbeidet med prosjektet i 2011, og fekk til eit samarbeid med Øyer folkebibliotek. No er det endeleg tid for utgjeving.

«Spring, du fela mi, snøggare enn torsten,
um du ikkje vil verta pant for brennevinet.»

frå Spissrotmarsj av Cornelius Jakhelln

 

Springdufela_Foto_IngvilSkeieLjones
Mari Skeie Ljones og Anna Kleiva. Foto: Ingvil Skeie Ljones

Musikarar med sans for det vesle
Musikarane på plata er Camilla Granlien, Jo Fougner Skaansar, Olav Christer Rossebø, Gaute M. Sortland saman med Mari. Songaren Åshild Vetrhus gjer debut som produsent, og innspelinga var i januar i snødekte Nes i Hallingdal hos Tor Magne Hallibakken. «Musikarane har sansen for enkle og raffinerte arrangement, noko som kler låtane godt. Tekstane kjem godt fram, og eg meiner eg kan høyre den lune stemninga frå studio,» seier Mari om musikarane sine.

Bok og musikk
Tekstane fortente større plass enn i eit lite CD-cover, så Spring du fela vart til ei bok. Fotograf Ingvil Skeie Ljones har tatt portrett av alle musikarane og forfattarane, og bileta og tekstane gjer kvarandre vakre. Dei nye tekstane står fritt frå sanninga, men er likevel introdusert med ei kort historie om dei som var inspirasjonen. Spring du fela er blitt til ei lita praktbok med cd, designa av Anna Prestsæter frå Lillehammer.

Felespelar med kjærleik for dei skeive tonane
Mari er frå Jørstadmoen på Lillehammer, og speler fele og hardingfele med basis i slåttemusikken frå Gudbrandsdalen og Hardanger. I 2010 tok ho eksamen i utøvande master på Norges Musikkhøgskole og har sia det vore frilans musiker med base i Oslo. Mari speler blant anna Prøysen med Camilla Granlien, har skulekonserten «Tenk om eg var ein tanke» med Annlaug Børsheim og har vore musikar i dansekompaniet Kartellet. Mari er glad i dei gode melodiane, men det rare eller stygge skal også ha ein plass i musikken. På Spring du fela har ho fått spele dei skeive tonane ho likar så godt.

«inne i furuskogen
busar fram over mosen
ei felekasse og ein kar»

Frå Busen av Anna Kleiva

Plateslepp
Spring du fela kjem ut på plateselskapet Ta:lik, og den er i salg 5.november. Det blir feira med konsert på Fabrikken på Lillehammer torsdagen og på Riksscenen i Oslo fredag 6.november. Der skal publikum får høyre om ein felespelande pengeforfalskar, ein blind spelemann som spelte så vakkert at folk måtte grine, ei speledame som kunne spele med fela på ryggen og ein lomvær som fraus i hel i ein høystakk i Amerika.
 

Platesleppkonsertar:
5.november - Fabrikken, Lillehammer
6.november - Riksscenen, Oslo (dobbelt plateslepp med Bjørn Sigurd Glorvigen)
13.november - Viser i sentrum, Rauland