Sist Per Anders Buen Garnås spela inn ein CD var i 2013. Då blei Greinir lydfesta -eit heilt album med berre eigenkomponerte slåttar. Greinir kom ut på plateselskapet ta:lik i 2015. Sidan det byrja å bli lenge sidan sist det blei gjeve ut noko nytt med Per Anders,var det heilt naturleg å markere dette jubileet ved å lansere ferske opptak i tillegg til dei frå 2001 - spela inn og gjeve ut 20 år etter Åleine. Rett før jol i 2021 blei nyinnspelinga gjennomført,og i 2022 er desse opptaka tilgjengelege på CD-en Anno 2021.

Fleire av slåttane her har han meir eller mindre sett sitt eige preg på og forma litt på sjølv, ved å hente tak og vendingar frå fleire kjelder –og i nokre tilfelle ved å til og med legge til litt etter eige hjarta. Ein stor del av slåttespelet er nemleg nettopp dette: Det er ikkje ein størkna tradisjon, men ofte eit oppkome av variasjonar, stadig nye løysingar og bråe innfall. Ei svært viktig side av slåttekunsten er å finne sitt eige gjennom å lytte og lære av gjeve ideal,og ved å stadig vera på leit etter den gode forma på ein slått.

Slåttane på Anno 2021 står fram slik dei enda opp akkurat der og då under innspelinga i desember 2021. I går, eller i dag, eller i morgon kunne dei plutseleg vore ganske annleis. Gjerne like før eller rett etterpå òg. Då hadde dei kanskje blitt meir riktige. Og kanskje til og med betre. Men det går like fort motsett veg. Slåttespel er augneblinkskunst. Ein har sine svakheiter og styrker i noet, avhengig av dagsform og inspirasjon - og ikkje minst kva epoke ein er i både i livet og i utviklingsprosessen som felespelar. Dette nye albumet er slik representativt for spelemannen Per Anders Buen Garnås anno 2021.

Per Anders har også lagt meir vekt enn vanleg på dei mest nærliggjande tradisjonane sine på denne CD-en; nemleg familietradisjonen frå Buen, og spelet frå heimbygda Bø. Anno 2021 har slik eit ganske anna utgangspunkt enn Anno 2001. Difor, men også pågrunn av tidsdifferansen på 20 år, innspelingslokale og -situasjon, og ikkje minst utval av slåttar, vil desse to albuma stå fram som to ganske ulike produksjonar.

Men felles for CD-ane er den stadige respekten for tradisjonen, læremeistrar og inspirasjonskjelder - og for slåttemusikken i seg sjølv. I likskap med Anno 2001 inneheld også Anno 2021 slåttar av nyare dato, for ån ok ein gong minne omverda på at dette tonespråket framleis blir nytta til å få fram kva ein har på hjarta.

Per Anders Buen Garnås (f. 1980) byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk (1933-2021) og Knut Buen (f. 1948). Han har elles gått i lære hjå og lete seg inspirere av mange gode spelemenn innanfor ulike tradisjonar - særleg i Telemark; slike som Eivind Mo (1904-1995), Olav Øyaland (1922-2019), Einar Løndal (1914-2006), Bjarne Herrefoss (1931-2002), Anund Roheim (1913-1999) og Gunnar Innleggen (f. 1948). Landskappleiken har han vunne 4 gongar.
Sidan tenåra har musikken vore ein stor del av levebrødet hans, og han har underheldt, heldt konsertar og turnert i store delar av inn- og utland. Han har også fleire CD-utgjevingar bak seg, både som solospelemann og som medverkande musikar. For soloalbuma har han vunne FolkeLarm-prisen to gongar og vore nominert til Spellemann 3 gongar – seinast i 2016 for CD-en Greinir. Han har også vunne gullplate både for singel og for album saman med bandet Byting, der han var fast medlem frå 2013 til 2018. I 2012 blei han tildela 2-årig arbeidsstipend frå Norsk Kulturråd. I 2021 fekk han 1-årig arbeidsstipend frå same instans, samt Rolf Gammlengs ærespris frå Fond for utøvende kunstnere. I 2000 fullførte han eit toårig studie på Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet på Voss, underlagt Universitet i Bergen. Likevel er han fyrst og fremst autodidakt, og har med åra tileigna seg godt over 500 slåttar. Dette fyrst og fremst ved å stadig oppsøke eldre kjelder heilt i frå barnsbein av, men også ved å saumfare arkiv og private samlingar for opptak med felespelarar han ikkje rakk å oppleva. Noter har han aldri lært seg. Alle slåttane han kan er difor lært på gehør og ligg lagra i hukommelsen.

To av dei nykomponerte slåttane på Anno 2021 er signert Per Anders sjølv, og er heller aldri tidlegare gjeve ut.