Det er Lom spel - og dansarlag og Skjåk spel - og dansarlag ilag med ta:lik som står bak utgjevinga. Ivar Teigum og Rolv Brimi skriv i kvar sine tekster om den myteomsuste Fel - Jakup; om spelmannslivet i den samtida han levde i, og om musikken og musikkarven etter han. Boka er rikt illustrert med bilete, dikt og notar. Med boka følgjer CDen Fel - Jakup 2021 med nyinnspelingar av Fel - Jakupslåttar. Her medverkar Lom spelmannslag og andre dyktige spelmenn - og kvinner, både frå Ottadalen og frå tradisjonsområder der vi veit Fel - Jakup fór med fela si.

Fel - Jakup vart født 2. februar 1821. Som ein av dei mest namngjetne spelmennene gjennom tidene, fortener han å få merksemd også to hundreår etter fødselen. Mange slåttar brukt i dag er framleis knytt til Fel - Jakup. - Dette prosjektet starta med at vi ville feire 200 - årsjubileet med ei CD - innspeling der ulike musikarar spelar Fel - Jakup - slåttar. Snart utvikla ideen seg til også å ha med meir innhaldsrike tekster om han. Det er skrive mykje om Fel - Jakup i ulike artiklar og bøker, både lokalt og andre stader. Ein del av denne kunnskapen ville vi samle i ei bok. Såleis vart det bok med CD , seier prosjektleiar Aslak Brimi.

I boka «Fel - Jakup – Ferdamann med fele» er det to artiklar, ein om Fel - Jakup i samtida, og ein om musikkarven etter Jakup. På CD - en Fel - Jakup 2021 er det slåttar med Lom spelmannslag og lokale spelmenn i Ottadalen, samt spelmenn frå andre tradisjonsområde der det er slåttar knytt til Jakup.

Den fyrste artikkelen er av Ivar Teigum (f. 1944), opphavleg frå Skjåk, men busett på Otta. Han har skrive fleire historiske bøker og artiklar, og er av dei som har hatt søkjeljos på Fel - Jakup tidlegare. - Fel - Jakup var mykje ute på spelarferd. Særleg om sommaren. Han hadde fela innapå frakken. Felestokk hadde han ikkje, fortel forfattar og historikar Ivar Teigum. Den andre artikkelen er skrive av spelmannen Rolv Brimi (f. 1948) frå Garmo i Lom. Han set fokuset på slåttane etter Jakup og den spreiaren av musikk Jakup var.  - Fel - Jakup søkte ny lærdom og nye slåttar. Det var nok det som stimulerte til utferdstrongen, seier spelmann og artikkelforfattar Rolv Brimi, og trekkjer fram Romsdalsmarknaden og bryllaupsspeling på Vestlandet som Jakup var godt kjend for.

– Musikkarven etter Fel - Jakup er stor. Han har vore og er framleis ei stor inspirasjonskjelde for mange. Vi brukar mykje stoff etter han. Særleg springleikar og hallingar, fortel Aslak Brimi. Aslak Brimi er både prosjektleiar, redaktør, produsent på plata, og ikkje minst med som spelmann på plata. Han spelar både sjølv og i gruppa Atterljomen, og sjølvsagt i Lom spelmannslag. Spelmannslaget har opningsnummeret på plata med «Springleik etter Fel - Jakup», og ikkje minst avsluttar dei heile plata med valsen «Vogga», som har vore kjenningsmelodien til laget sidan oppstarten i 1942.

Utgjevinga er eit samarbeid mellom ta:lik records, Lom spel - og dansarlag og Skjåk spel - og dansarlag. Albumet «Fel - Jakup 2021» blir tilgjengelig fra 9.april på alle strømmetjenester, og følgjer med boka som CD. Boka vert i sal frå same dato.

Redaktør, prosjektleiing og ide: Aslak Brimi
Medverkande musikarar: Astrid Sulheim, Aslak Brimi, Bjørn Kåre Odde, Mads Erik Odde, Stein Magne Barkenæs Eggen, Tonje Barkenæs Eggen, Andreas Bjørkås, Britt Elise Skram, Britt Pernille Frøholm, Hallgrim Haug, Kari Grøsland, Ole Erik Feragen, Arnstein Fjerdingren, Tufskrøkjun, Atterljomen, Rolf Roys, og Lom Spelmannslag.