FRUEN
Dei endar sjølvsagt alle opp som fruer til slutt. Men før det. Før det, reiser dei på festival, dansar og drikk, er vakne heile natta og lærer slikt det ikkje blir undervist i på skulen, og sjølv om det er fyrste gong, gjer dei alt som om det er siste gong og dei hoppar i takt med musikken kastar på hovudet slik at det lange håret flagrar vilt frå side til side og er i eitt med takta, spelemannen, rommet.

Sjølve omslaget til «Fruen» er ei blanding av moderne tresnitt, blanda saman med nasjonalromantiske innslag og ein god porsjon villskap. På innsida finn ein 11 tekstar som gjev musikken ei ny djupne.

Utgivelsen finns både på CD, Vinyl og for digital nedlasting!
 

Sver er sett saman av Vidar Berge (gitar), Anders Hall (bratsj, fele), Jens Linell (perkusjon), Olav Luksengård Mjelva (fele, hardingfele) og Leif Ingvar Ranøien (torader)

Det er ein herleg bukett av nokon av dei beste folkemusikarane i landet. Dei siste åra har bandet turnert på festivalar i Noreg , Sverige, Tyskland og Polen og har utvikla eit hardtslåande repertoar som appelerer til både bunad og skinnjakker.

På scena spelar Sver så sveitten driv, og publikum hoppar, dansar, klappar og ler. Mellom slåttane vert det røvarhistorier og latter. Somme rockar ved scenekanten, andre dansar pols, enkelte gliser og drikk øl, men alle har noko felles; dei kjenner seg sver!